På tarestilkane lever det raudalgar, mosdyr, nesledyr, svamp og mange andre organismar som til saman skaper eit heilt taresamfunn. (Foto: Jonas Thormar / Havforskningsinstituttet)

Tareskogen i nord treng lengre pause etter tråling

Det ettertrakta råstoffet alginat brukast i legemiddel, matvarer og tekstilar, og den alginatrike stortaren er ei attraktiv vare. Men det viser seg at taren er sårbar for vanleg hausting.

 

Fakta om stortare:

Latinsk navn: Laminaria hyperborea
Størrelse: Kan bli opp til 3 m lang og 4 kg tung
Levetid: Inntil 20 år
Leveområde: I straumrike kystområde på fjellbotn frå lavvatngrensa og ned til ca. 30 m djup. Tareskogane skaper eit tredimensjonalt miljø for ei rekkje organismar og er viktige oppvekst- og næringsområde for mange fiskeartar.
Særtrekk: Har eit festeorgan og ein stilk som begge er fleirårige, og eit oppsplitta blad som blir danna på nytt kvart år.
Hausting: Haustast med tindetrål på 2–20 meters djup på kyststrekninga Rogaland–Nord-Trøndelag. Det enkelte felt er ope for taretråling kvart femte år (kvart fjerde år i Rogaland).
Blir brukt til: Stortaren inneheld alginat. Alginatet blir til pulver som brukast til alt frå legemiddel til matvarer og tekstilar.
Utfordring: Langs delar av kysten i Nord-Norge er tarevegetasjonen beita ned av kråkebollar.

– Det vi ser er at tareskogen med heile sitt samfunn av organismar ikkje kjem heilt tilbake til slik som han var før hausting. Det er vanleg med fire års kvileperiode i andre fylker, men viss taresamfunna skal etablere seg igjen fullstendig før ny hausting, er ikkje fire år lang nok kvileperiode i Nordland.

Det seier forskar ved Havforskningsinstituttet, Henning Steen.

Stortaren veks som heile skogar under vatn langs store delar av Norskekysten. Taren kan bli opp til tre meter lang og fire kilo tung, og kvar stokk kan bli så gamal som tjue år. Stortaren inneheld det ettertrakta stoffet alginat som kan lagast om til eit pulver som brukast til alt frå legemiddel til matvarer og tekstilar.

Det blir difor tråla kommersielt etter tare frå Rogaland til Nord-Trøndelag, men lenger nord har store delar av tarevegetasjonen vore beita ned av grøne kråkebollar, så tråling har ikkje vore aktuelt her.

Færre algar og dyr i tareskogen

Dei siste fire åra har ein opna opp for prøvehausting av stortare også i dei sørlege delane av Nordland, og forskarane har følgt nøye med for å finne ut om hausting er forsvarleg i desse områda. Forskarane har både overvaka korleis sjølve taren har vakse opp att, og korleis livet i tareskogen har kome tilbake.

Regelverket seier at det skal gå fem år mellom kvar hausting slik at taren får ei pause på fire år. Dette er altså ikkje nok dersom ein skal starte med taretråling også i Nordland, for taresamfunna rekk ikkje å kome heilt tilbake før ny hausting.

Etter tråling av stortare kjem sjølve taremassen relativt raskt tilbake og blir like stor og tett som han var før trålinga, men mangfaldet av algar og dyr på og mellom tarestilkane brukar lenger tid på å kome tilbake, viser forskinga.

Tareskogane skaper eit tredimensjonalt miljø som truleg er eit viktig oppvekst- og næringsområde for mange fiskeartar. På tarestilkane lever det raudalgar, mosdyr, nesledyr, svamp og mange andre organismar som til saman skaper eit heilt taresamfunn. Taresamfunna er viktige skjulområde for småfisk og krepsdyr som igjen er mat for større fisk.

– Vi ser klare skilnader mellom tareurskogen og dei områda det er tråla i, også etter fire års kvilepause.

– Vi ser at sjølve stilkane er yngre, og at det veks mykje mindre på stilkane. Dei små tareplantene som veks i undervegetasjonen er også viktige, og fire år etter hausting er desse mindre tette enn før haustinga. Ein yngre tareskog har mange av dei same artane, men i mindre mengder enn i ein urskog som ikkje er hausta før, forklarer Steen.

Verdifulle ressursar og økosystem

I dei nye prøvehaustingsområda ser ein no lite til dei grøne kråkebollane som har beita ned så mykje av tareskogen i Nord-Norge.

– At tareskogen har kome tilbake og dei grøne kråkebollane er på retrett i denne regionen representerer store ressursar og økosystemverdiar. Dette er ei svært gledeleg utvikling som gir nye muligheiter. Samtidig kan desse nye tareskogane vere spesielt sårbare, og dei må forvaltast meir varsamt enn robuste tareskogar lengre sør, seier Steen.

Forskarane er likevel bekymra for auken av raude kråkebollar i enkelte av områda som er undersøkte. Dei raude kråkebollane beitar mest på algar som veks på tarestilkane, og dei beitar også på små tareplanter i undervegetasjonen. Forskarane fryktar difor at tareskogen blir mindre robust viss ein trålar i eit område med mykje kråkebolle.

– Viss tråling fører til dårlegare habitat for dei organismane som et kråkebolle, så kan det føre til enda meir kråkebolle. Dette vil gi dårlegare veksevilkår for taren og taresamfunnet.

Oppvekstvilkår for fisk og skaldyr

I Nordland har forskarane fått høve til å studere tareskogen allereie før den første haustinga, og dei har difor fått eit svært godt bilete av kva hausting gjer med taresamfunnet.

– Ofte manglar vi før-data i undersøkingsområda, men her hadde vi faktisk urskog som startpunkt. Det er veldig verdifullt å ha data på korleis det var før den første haustinga.

Forskarane undersøkjer også kva følgjer tarehausting har for fisk og skaldyr både i Nordland og nord i Trøndelag, og arbeidet med dette vil halde fram i 2018.

Referanse: 

Henning Steen, Kjell Magnus Norderhaug og Frithjof Emil Moy:Tareundersøkelser i Nordland i 2017. Havforskningsinstituttet. 2018. ISSN 1893-4536. Sammendrag.

Powered by Labrador CMS