Annonse

Dette dyret blir yngre med åra

Eit ørlite manetliknande dyr går mot straumen og blir yngre og yngre med alderen. – Kan hjelpe oss til å få evig liv, håpar japansk forskar.

Publisert

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Denne vesle skapningen kan unngå døden ved å snu livssyklusen sin på hovudet. (Foto: Peter Schuchert, CC)

Det manetliknande dyret Turritopsis synest å ha funne nøkkelen til evig liv. Dyret, som ser ut som ein manet, men som er ein såkalla hydromedusa, kan snu livssyklusen sin og bli yngre og yngre i staden for å bli gammal og døy.

Den japanske marinbiologen Shin Kubota har studert ein art av hydromedusa, Turritopsis dohrnii, i 15 år. Han trur det kan hjelpe oss til å finne nøkkelen til evig liv. Dette skriv New York Times.

– Den eviglevande hydromedusaen er den mest mirakuløse arten i heile dyreriket, seier Kubota til New York Times.

– Når vi forstår korleis dyret forynger seg sjølv, bør vi kunne oppnå svært store ting. Etter mi meining vil vi kunne utvikle oss og bli udødelege, seier han.

_____________________

Les hele saken på NRK.no

Powered by Labrador CMS