Moskusokse døydde under fangstforsøk

Ein moskusokse døydde då den blei fanga på Dovre i dag. Veterinær Jon Martin Arnemo veit ikkje kvifor dyret døydde under bedøving. I staden for å reise til Troms for å friske opp genane til ein liten moskusflokk, blir oksen no frakta til Trondheim for obdusering.

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

- Dette var totalkatastrofe, for å si det rett ut, seier den deprimerte veterinæren. Han var med på laget som bedøvde moskusoksen frå helikopter.

Pusta ikkje

- Vi lokaliserte ein flokk frå lufta, ein okse ble bedøva og sovna som forventa på få minutt. Så blei den lagt på et lastenett og heist ut under helikopteret, ut av området og ned på ein samlingsplass. Då vi kom fram dit pusta den ikkje, fortel veterinæren som også er professor ved Norges veterinærhøyskole.

På det tidspunktet var oksen i praksis død. Sjølv om den fekk motgift og hjartemassasje kom den ikkje til liv igjen. Det var ein fireårig okse, i ein flokk saman med åtte andre dyr. Ein normal okse, i følgje veterinæren. Moskusbestanden på Dovre er no oppe i over 120 dyr.

Skulle vere avlsokse

Formålet med å fange moskusoksen var å få den frakta opp til Troms. På øya Rya har Institutt for arktisk biologi ved Universitetet i Tromsø hatt ein feltstasjon med ein moskusflokk sidan 1980. Ein flokk som no er på 16 dyr. Oksen skulle dit for å tilføre flokken friske genar.

- Dette var veldig trist, seier professor Arnoldus Schytte Blix. Han er direktør ved Institutt for arktisk biologi.

- Vi har ein bestand som høgst sannsynlig er i ferd med å bli innavla, for vi har ikkje tilført nye genar på ti år. Vi skulle heilt enkelt hente ein avlsokse som ikkje er i slekt med dei dyra vi har. Men sånt skjer av og til når ein bedøvar dyr, forklarer professoren, som vil vente på obduksjonsresultatet før han vurderer om instituttet skal prøve å få henta ein annan okse.

Vil vente på obduksjonen

- Vi må snakke med Fylkesmannen som gir løyve, og det er nokså utenkelig at vi prøver igjen før vi veit kvifor dette dyret døde, seier Blix. Det er Sør-Trøndelag Fylkeskommune som har ansvaret for all forvalting av moskus i Noreg.

- Vi har ikkje noko god forklaring på dette inntil vidare. Alt såg bra ut inntil han døydde, så vi vil ikkje spekulere meir før han blir obdusert ved Veterinærinstituttet i Trondheim, seier veterinær Arnemo. Sjølv om han er tydeleg lei for at moskusen ikkje overlevde, legg han vekt på å ha ei profesjonell haldning.

Eitt av 200 dyr døyr

- Vi har fanga fleire tusen dyr, og risikoen er på 0,5 prosent. Det vil seie at eitt av 200 dyr kan døy. Samfunnet vil ha denne typen verksemd, og vi prøver å gjere vårt beste. I norske prosjekt har vi bedøvd 1 500 elgar, og sju av dei er døde. Vi har bedøvd 600 bjørn, og tre av dei er døde. Når du jobbar med dyr er det sånn, forklarer han.

Moskusoksen blei bedøvd med eit morfinpreparat som blir brukt på ei rekke dyreartar, og har vore brukt i meir enn 30 år. Moskus, elg og andre hjortedyr blir lagt ned rutinemessig med dette preparatet.

- Det blir ikkje gjort nye fangstforsøk før vi veit kva som er årsaka til at oksen døydde, seier Arnemo.

Foto: Polar Zoo

Powered by Labrador CMS