Annonse

Oppdaga bisarre nye artar på fjelltopp i Australia

Forskarar er forbløffa etter funn av tre nye artar som har vore isolert frå omverda i tusenvis av år.

Publisert

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

I samarbeid med:


 

Denne saken er produsert av NRK.

[gallery:1]I Arthur Conan Doyle sin roman The Lost World frå 1912 kjem ein ekspedisjon med forskarar og eventyrarar til eit avsidesliggande fjellplatå der dinosaurar og andre forhistoriske dyr lever i beste velgåande.

No har australske forskarar funne tre nye artar i eit område som er så nær ei tapt verd som ein kan komme i den verkelege verda.

På ein ekspedisjon til Cape Melville i det nordaustlege Australia fann forskarar frå James Cook University i samarbeid med National Geographic heile tre artar som var ukjende for vitskapen: ein gekko med lauv-forma hale, ein skink (ein type øgle) med gylden hud, samt ein ny frosk somlever livet sitt mellom kampesteinar. Forskarane trur at dei tre artane har vore isolerte i tusenvis av år.

_____________________

Les hele saken på NRK.no

Powered by Labrador CMS