Øgler i snøggfila

På den lille øya Pod Mrcaru utanfor Kroatia har ein koloni med øgler sjokkert forskarar. Iløpet av 30 år har dei utvikla seg snøggare enn dei fleste evolusjonsbiologar hadde trudd var mogleg.

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Kan ikke gjenbrukes!!

 

Øglene på Pod Mrcaru har gått frå ein diett basert på insekt til planter, og endra sosial atferd etter dei vart flytta dit, ifølgje forskarar som har studert kolonien.

Det er National Geographic som rapporterar om det evolusjonære hoppet den lille kolonien med øgler har gjort sidan dei vart flytta til øya i 1971.

Opphaveleg vart fem øglepar av arten Podarcis sicula flytta frå Pod Kopiste til naboøya Pod Mrcaru. Der vart dei etterlatt for seg sjølv, på grunn av borgarkrig og andre tilfeldighetar, til forskarar på ny fekk høve til å vitje øya.

Overraskande endringer

- Vi ante ikkje om det ville vere øgler der i det heile tatt. Vi visste ikkje om flyttinga hadde vore vellukka, fortel Duncan Irschick, biologiprofessor ved University of Massachusets, Amherst, til National Geographic.

Forskarane vart ganske overraska då dei fann øya oversvømt av ein koloni på 5000 øgler. Og genetiske tester viste at dei var etterkomarar av dei 10 originale øglene satt ut på 70-talet.

Den opphavelege øglebestanden på Pod Mrcaru var forsvunnen, og fullstendig erstatta av etterkomarane av dei langt meir aggressive øglene frå naboøya. Korleis dette har hendt er ifølgje Irschick framleis ukjend, men det som har fascinert forskarane endå meir er korleis dei nye øglene har tilpassa seg øyas miljø på rekordtid.

- Heilt ny struktur

Øglene (Podarcis sicula) som vart flytta til Pod Mrcaru levde hovudsakleg av insekt, og var ikkje biologisk utrusta til å fordøye ein rein plantediett. I løpet av dei 30 åra øglene har vore på den planterike øya har dei utvikla ekstra musklar for lettare fordøye plantevekster.

Ifølgje Irschick er dette ikkje tidlegare dokumentert og han omtalar det som ein “heilt ny struktur” til National Geographic. I tillegg har øglene utvikla lengre, høgare og breidare hovud til å tygge langt hardare og gjere dei meir egna for den nye dietten.

Kan ikke gjenbrukes!!

 

Ifølgje Irschick forårsaka dei fysiske endringene òg øglenes sosiale atferd. Tilgangen på plantenæring gjorde det lettare for den lille kolonien til å vakse i antal, og med større antal og “befolkingstetthet” forsvann òg ein del av øglenes territoriale instinkter.

Snøggevolusjon?

- Det viktigste er kor snøgt dette er, fortel Irschick:

- Ei slik fysisk endring på berre 30 øglegenerasjonar tar evolusjonen til eit heilt nytt nivå.

Og han samanliknar det med at eit menneske skulle utvikle og gro eit nytt organ iløpet av berre nokre hundre år.

Ifølgje Andrew Hendry, biologiprofessor ved McGill’s University i Montreal, demonstrerar undersøkjinga at mykje kan endre seg i eit lite og lukka øymiljø.

Han understrekar at det er ingen tvil om at endringene i øglenes indre biologi har funne stad. Han omtalar endringa som dramatisk.

- Det som kan drøftast er korleis ein skal tolke desse endringane. Om dei har genetisk basis eller ikkje, og ikkje er ein reaksjon på miljøet, seier Hendry til National Geographic.

- Det kan vere evolusjon. Det neste logiske steget er å bekrefte det genetiske grunnlaget for desse endringane.

Kjelder:

National Geographic: Lizards Rapidly Evolve After Introduction to Island.

Science Daily: Lizards Undergo Rapid Evolution after Introduction to a New Home.
 

Powered by Labrador CMS