Denne artikkelen er produsert og finansiert av Universitetet i Oslo - les mer.

Kreftkjuke på bjørk har ei lang historie som folkemedisin under namnet chaga.

Myteomspunnen kjuke frå folkemedisin til mogleg kreftbehandling

Mange reknar soppen chaga som ein vedundermedisin mot det meste. Det er han nok ikkje, men noko hjelper han mot. I framtida kan han bli kreftmedisin.

– Interessa mi for chaga vart vekt for fleire år sidan, medan eg tok mastergraden i Trondheim, fortel Christian Winther Wold, som 8. oktober disputerer for doktorgraden ved Farmasøytisk institutt på Universitetet i Oslo (UiO).

– Ein kamerat fortalde om denne soppen som skulle ha nærmast utrulege eigenskapar for helsa. Eg vart nysgjerrig og testa for moro skuld eit avkok av soppen på to cellekulturar eg jobba med då. Den eine var kreftceller, den andre friske celler.

Då han kom på laben dagen etter, gjorde han store auge. Kreftcellene hadde heilt slutta å veksa, medan dei friske framleis levde i beste velgåande.

Rettleiaren hans syntest òg det var eit overraskande og interessant funn, men sidan mastergraden handla om noko anna, vart det ikkje til noko meir den gongen.

Veks på levande tre

Men etter at han hadde vore i arbeid nokre år, baud sjansen seg til å forska meir på chaga, som stipendiat i forskargruppa BioNatH ved UiO.

– Chaga har vore brukt som folkemedisin i mange land. I land som Russland, Kina og Sør-Korea er han forska ein del på. Men sjølv om han òg er utbreidd i Noreg, har det nesten ikkje vore forska på han her til lands, seier Wold.

Chaga er ein sopp av typen kjuke, slike som veks på tre. Det vanlegaste er at kjukene lever på daude tre, men chaga er blant dei som lever på levande tre. Han er mest knytt til bjørk, men kan òg veksa på andre artar, som or og bøk.

Bygd opp av sukkermolekyl

Sjølv om instituttet hadde andre måtar å skaffa forskingsmateriale på, syntest Wold det hadde vore stas å skaffa til vegs materiale sjølv. Han hadde lagt merke til ein flott chaga på eit bøketre i eit bustadområde i Oslo. Så ein mørk kveld gjekk han på kjukeslang.

Utfordringa var å finna ut om chaga verkeleg inneheld dei gunstige stoffa som folkemedisinen vil ha det til. Ei gruppe polysakkarid, molekyl som er bygd opp av fleire ulike sukkermolekyl, peika seg ut som kandidatar.

Christian Winther Wold viser fram siste rest av soppen chaga han sjølv skaffa seg. Krukka i den andre handa inneheld chaga som er samla inn på Brønnøy.

Fred og ingen fare

– Desse polysakkarida er ikkje antiinflammatoriske, altså betennelsesdempande, men det motsette, proinflammatoriske. Sidan legemiddel oftast tek sikte på å dempa betennelsar, skulle ein kanskje ikkje venta at polysakkarida skulle koma til nytte, seier Wold.

– Men den eine rettleiaren min, som arbeider ved Rikshospitalet, opplyste at dei brukte ein del proinflammatoriske stoff til behandling av kreft. Dermed ville vi undersøkja nærare korleis polysakkarida påverka kreftceller.

Resultata var overraskande. Makrofagar er ein viktig celletype i immunsystemet, men ofte klarar kreftcellene å lura makrofagane til å tru at det er fred og ingen fare, slik at dei heldt seg passive.

Støtta av nobelprisvinnar

– Og ikkje berre det – vi oppdaga at kreftceller faktisk trivst betre saman med makrofagar enn dei gjer åleine. Det kan sjå ut som kreftcellene klarer å manipulera immunsystemet til å hjelpa seg, seier Wold.

– Men når vi tilførte desse polysakkarida, var det nesten som om dei avslørte bløffen. For makrofagane vart aktiverte og begynte å angripa og drepa kreftcellene.

På norsk har chaga òg namnet kreftkjuke. Spesielt i Russland har mange tru på at chaga hjelper mot kreft, ikkje minst fordi nobelprisvinnar i litteratur Aleksander Solsjenitsyn hevda det i boka Kreftavdelingen.

Forfattaren Aleksander Solsjenitsyn var blant dei som hadde klokkartru på chaga som kreftmedisin.

Wold er usikker på om det norske namnet kjem av dei antatt heilbredande eigenskapane eller fordi chaga kan likna på ein kreftsvulst når han heng på ei trestamme, men understrekar:

– Ingen må tru at chagaekstrakt som ein får i helsekostbutikkar vil ha nokon særleg effekt mot kreft. Desse polysakkarida vert i liten grad tekne opp i tarmen, så sannsynlegvis er det på immunsystemet i tarmen at dei har ein effekt, som altså er lokal.

Betulinsyre, eitt anna stoff frå chaga, viste seg å vera endå meir effektivt mot kreftceller ved å drepa dei direkte. Men det har ei stor ulempe: det løyser seg svært dårleg i vatn. Dermed klarer ikkje kroppen å ta opp særleg mykje av det.

– Men om vi klarar å finna stoff som har liknande struktur eller oppbygning som betulinsyre, kan kanskje dei vera betre eigna.

Same effekt av alle

Det er fint lite av dei kreftdrepande stoffa frå chaga i produkta som vert brukte i folkemedisinen, sidan betulinsyre løyser seg dårleg i vatn. For desse produkta er stort sett vassbaserte, det som farmasøytar kallar vassekstrakt.

Eit anna stoff dei oppdaga i chaga, har det ikkje heilt enkle namnet 3β-hydroxy-lanasta-8,24-dien-21-al. Stoffet aktiverer ein del av immunforsvaret som heiter komplementsystemet. Det gjer det immunologisk interessant for forskarane.

Stoffet har òg ein heilt spesiell eigenskap.

– Vanlegvis er det slik at når vi testar ti stoff som er ganske like kvarandre, vil vi sjå same effekt av alle, men i større eller mindre grad. Av alle stoffa vi testa, var det 3β-hydroxy-lanasta-8,24-dien-21-al som hadde størst effekt på komplementsystemet, forklarar Wold.

Motsett verknad

– Då skulle vi tru at dei stoffa som likna mest ville ha den same effekten, sjølv om det var i mindre grad. Men det skjedde ikkje. Dei hadde absolutt ingen effekt. At 3β-hydroxy-8,24-dien-21-al har ein effekt på komplementsystemet som er så spesifikk og så potent på same tid, gjer det til ein lovande kandidat for å bli eit legemiddel i framtida, seier han.

Eit anna stoff kan derimot sjå ut til å la chagaekstrakt halda noko folkemedisinen lovar, å hjelpa mot mage- og tarmplager. Dette stoffet er eit melanin-pigment, men med ei anna oppbygning enn pigmentet som set farge på hud og hår hjå menneske og andre dyr.

– Dette melaninet har motsett verknad av dei andre stoffa ved at det er antiinflammatorisk. Vassekstrakt av chaga består av nokre få prosent polysakkaridar, resten er for det meste melanin.

Både bekrefta og avkrefta

– Når vi veit at mange tarmplager skuldast eit overaktivt immunsystem og at melanin kan ha evna til å dempa immunresponsen, er det ikkje urimeleg at melaninet kan verka mot slike plager, seier Wold.

– Men vi kan ikkje slå det fast før vi har undersøkt nærmare korleis melaninet i tilfelle verkar i kroppen.

Forskinga til Wold har vist at diverse stoff frå chaga med svært ulike molekylstrukturar kan påverka ulike delar av immunforsvaret. Det opnar for vidare farmasøytisk forsking.

Det litt pussige er at folkemedisinen si tru på chaga som kreftmedisin både er bekrefta og avkrefta: Ja, chaga inneheld stoff som har potensial som kreftmedisin, Men, sjølv om isolerte stoff har potensial som kreftmedisin, er dei til stades i altfor låge konsentrasjonar i ekstrakta i folkemedisinen til å fungera som kreftmedisin.

Referanse:

Christian Winther Wold: Immunomodulating polysaccharides, triterpenoids and melanin from the medicinal fungus Inonotus obliquus (Chaga). Doktoravhandling ved UiO, 2020. Samandrag.

Saken er oppdatert 08.10.20

Powered by Labrador CMS