Eplehausting på Lofthus i Ullensvang. (Foto: Anette Tjomsland)

Lang veg til klimarobuste eple

Mange av dei norske eplesortane har sitt opphav heilt andre stader i verda. Det nordlige klimaet krev robuste frukter. Vegen til Noreg er difor lang.

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Det tek om lag sju år å kvalitetssikre ei ny sort for den norske marknaden.

Bioforsk Aust Ullensvang testar nye eplesortar for det norske foredlingsselskapet Graminor samt utanlandske foredlingsprogram. For tida har dei 80 sortar til utprøving i fruktbygda Lofthus i Hardanger.

Ingen heilnorske sortar

Eplesorten Rubinstep kjem frå Tsjekkia. Den beste brukstida er i perioden november til februar. Rubinstep har bra fruktstorleik, god smak og utsjånad. (Foto: Oddmund Frøynes)

Det finst ingen genetisk heilnorske sortar som vert dyrka i større format i Noreg i dag, men sortane kjem frå nordlege strøk.

- Vi har ein kort vekstsesong, det vil seie at me får lågare produksjon, og må bruke eigne sortar som er tilpassa klimaet vårt, seier seniorforskar Mekjell Meland ved Bioforsk Aust Ullensvang.

Meland fortel kor dei vanlege «norske» sortane kjem frå.

- Aroma er svensk, Summerred er kanadisk og Discovery kjem frå england. Julyred og Vistabella er amerikanske, mens Gravenstein er dansk.

Nordlige kvalitetskrav

Det er mykje som skal stemme før ein sort vert godkjend for den norske marknaden.

- Dei må gje god kvalitet og stor avling kvart år, og vêre sterke mot skadegjerarar. Og så må dei ulike sortane mogne på litt forskjellege tidspunkt, innanfor den korte vekstsesongen vi har, seier Meland.

Epla må og vêre robuste og tåle noko røff behandling under transport, lagring og sortering. Etter hausting av dei ulike sortane i feltforsøka vert fruktene lagra og  analyserte. Då sjekkast ytre og indre fruktkvalitet, som dekk- og grunnfarge, stive, fastleik, sukker og syreinnhald.

Seniorforskar Mekjell Meland arbeider med å tilpasse epledyrking til nordlige klimaforhold. (Foto: Anette Tjomsland)

Dei sortane som er lovande vert testa vidare i større skala i fruktbygdene både på Austlandet og Vestlandet. Dei siste åra har epla utvikla seg betre på Austlandet, grunna meir varme og sol.

- Den sorten som er mest aktuell no heiter Rubinstep. Det er ein sein sort som passar best på Austlandet. Me arbeider no med rett haustetid av denne sorten.

I tillegg arbeider Meland med å tilpasse sjølve epledyrkinga til nordlige klimaforhold.

Det vert mellom anna prøvd ulike former for avlingsregulering og næringstilførsel, som til dømes gjødselvatning av frukttrea i drypprøyr.

- Vi jobbar med å effektivisere produksjonen for å få stor avling med fin kvalitet, til minst mogleg innsats, seier Meland.

Umetta norsk eplemarknad

Eple utgjer to tredje deler av det norske fruktarealet, men det er likevel langt frå nok til å dekkje etterspørselen.

Heile hausten er det importerte eple jamsides med dei norske i butikkane. I fjorårets norske eplesesong, frå september til november 2012, vart meir enn 50 prosent av dei selde epla importerte.

Prognosane for den norske epleavlinga i år er omlag 7000 tonn, det er om lag 1000 tonn meir enn i 2012.

Offentleg prøving av frukt

Bioforsk Aust Ullensvang har ansvaret for den offentlege rettleiingsprøvinga i frukt i Noreg, med årleg finansiering frå Landbruks- og matdepartementet.

Powered by Labrador CMS