Prydplanter trugar tomatane

Blomane i hagen kan truga norske tomatar. Mattilsynet har allereie ødelagt fleire sendingar med prydplanter som er infisert av viroid – ein ny sort skadegjerarar i Noreg.

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Viroid

Viroid er små bitar av nukleinsyre (arvestoff), og dei minste skadegjerarane vi kjenner til på planter.

Arvestoffet i viroida er RNA, som i dei fleste plantevirusa, men viraoida manglar ei vernande proteinkappe rundt arvestoffet.

Bitane med nukleinsyre er store nok til å forstyrre maskineriet i cellene og forårsake sjukdom i planter.

Dei kan folde seg saman og bli svært stabile slik at dei kan halde på smitteevnen i plantesaft og tørt planteavfall.

Symposium om plantevirus

ISVDOP er eit internasjonalt symposium om virus i prydplanter. Ekspertane møtast kvart fjerde år, og Noreg slo Singapore i røystinga om kven som skulle få arrangere symposiet i år.

ISVDOP haldast frå 24. til 29. juni på Ski og i Grimstad, med innlagde besøk i gartneri og planteskular.

– Vi har ikkje hatt så mange problem med viroid i Noreg tidlegare, men vi fekk det fyrste tilfellet i eit tomatgartneri i vinter, fortel forskningsleiar Dag-Ragnar Blystad på Bioforsk Plantehelse.

Viroida er dei minste kjende smittestoffa som kan ramme planter. Når dei smittar eit drivhus fullt av tomatar, sluttar tomatane å vekse.

Delar av plantane døyr, blada blir gule og avlinga blir dårleg. Potetar er òg utsette for viroida. Dei gjer knollane små, smale og vridde – det som på engelsk heiter «spindle tuber».

Da viroidet TCDVd – Tomato chlorotic dwarf viroid – ramma eit gartneri i Rogaland, måtte heile anlegget ryddast. Ikkje før nå, fire-fem månader seinare, er det desinfisert, gjort reint, har stått tomt i åtte veker og er klart til å takast i bruk att.

Må halde prydplantene unna

Smitta kan komma frå to stader: Frø – og plantene i hagen. Om prydplantene er ramma av viroid, så kan du ikkje sjå det. Det er fyrst når dei rammar tomatane at dei gjer skade.

Engletrompet (Brugmansia). (Foto: iStockphoto)

Viroida sprer seg når plantene blir stelt og kutta, og plantesafta blir med på reiskapen eller hendene over til friske planter.

Dette er eit nytt område for Mattilsynet, og Bioforsk har skrive eit temahefte om viroidsjukdommar i tomat.

Her slår Blystad og kollegane fast at dette er noko heilt nytt for plantehelsesituasjonen i Noreg, og at viroida har ført til store skader i vekthus i andre europeiske land.

– Det beste tiltaket for å forebyggje, er å halde prydplanter og tomatplanter unna kvarandre. Og så må frøselskapa sørgje for at vi får reine frø, seier Blystad.

Søtvier og engletrompet

Gartnarane må kjenne til viroidproblema og veta at dei skal halde prydplantene unna tomatane. Mattilsynet må stå på ei streng linje. Da er det mogleg å halde smitta unna.

– Auka kunnskap og merksemd, foreskriv han.

I Noreg har viroida berre dukka opp i margerittar tidlegare. Men det er prydplanter i søtvierfamilien som er moglege smittekjelder.

Mattilsynet har destruert fleire parti med busksøtvier (Lycianthes rantonnetii syn. Solanium rantonnetii) og jasminsøtvier (Solanium jasminoides). Engletrompet (Brugmansia) er òg utsett for den usynlege smitten.

Samlar ekspertane

Det skal iallfall ikkje skorte på eksperthjelpa i arbeidet for å halde viroida ute av norske drivhus. Denne veka er dei fremste ekspertane i verda på virussjukdommar på prydplanter, samla på symposium i Noreg.

Fleire av foredraga handlar nettopp om viroida. Hovudtalaren Robert A. Owens er ifølgje Blystad ein av dei som veit mest i verda om slike sjukdommar.

– Eg reknar med at det er mykje ny lærdom å hente her. Vi får høyre om nye sjukdommer og tiltak frå heile verda, fortel Dag-Ragnar Blystad.

Powered by Labrador CMS