Annonse

Meir møkkakøyring langs vegane

Større bruk og jord spreidd på mange jordstykkar gjer at gardbrukarane brukar meir tid og pengar på å køyre ut møkka. 

Publisert

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Spreiing av møkk. (Foto: Stian Sørensen)

- Gardbrukarane hamnar fort i ei tidsklemme, eller kan vi kalle det møkkaklemme, seier Rose Bergslid ved Bioforsk Økologisk.

For å rekke over alle teigane må bøndene bruke mykje tid på traktoren.

Der kor gardbrukaren er avhengig av ein god del leigejord kan det fort dreie seg om eit par tusen kilometer med møkkatransport i året.

– Dette fører til store utfordringar og ekstrakostnader både for miljøet og for økonomien, seier Bergslid.

Ofte blir det ikkje tid til å kjøre ut alt, og teigane nær gjødsellageret får for mykje og dei andre for lite gjødsel.

Faren for at gjødsla blir spreidd for seint og kjem i fôret vil også bli større, ifølgje Bergslid.

Regnvatn gir meir gjødsel

Avstandane mellom bruk og teigar gjer at gardbrukarane kjøper større og tyngre utstyr, noko som kan gi uheldig jordpakking. Enkelte jordtypar toler pakking svært dårleg, legg Bergslid til.

Ho har saman med rådgjevar Liv Solemdal skrive fleire artiklar, der dei legg fram overslag for utviklinga.

Blant anna har dei rekna på samanheng mellom diameter på gjødsellager, nedbørsmengde og ekstra dagar som går med til utkøyring.

Det er ikkje berre møkk gardbrukarane køyrer. Med stor radius på gjødselkummane, større forbruk av vatn, mykje nedbør og lager utan tak, kan det bli opp til to veker meir arbeid å køyre ut møkka.

Auka leigejord og store transportavstandar gjer utkøyring av husdyrgjødsel i rett mengde, på rett sted og til rett tid vanskeleg. (Foto: Arne Øverbø)

- Det vil kanskje overraske mange, inkludert gardbrukaren sjølv, at oppsamla regnvatn kan medføre så mykje ekstraarbeid, seier Solemdal.

Husdyrgjødsla blir eit problem

Ei dårleg handtering av husdyrgjødsla gjer at ein får utnytta denne ressursen dårleg, seier Solemdal og Bergslid. Frå å vere ein ressurs blir husdyrgjødsla eit problem.

Det fører til meir arbeid og  at ein må kjøpe meir gjødsel utanfrå.

Riktig bruk av husdyrgjødsel er viktig både for gardbrukarens økonomi og verknaden på miljøet og klimaet, skriv dei to.

Auka leigejord og store transportavstandar gjer utkøyring av husdyrgjødsel i rett mengde, på rett sted og til rett tid vanskeleg.

Strukturutviklinga i landbruket vil truleg fortsette, og kjøreavstandane vil auke. Det er forventa auka nedbør, og dermed blir tidsrommet for utkøyring av husdyrgjødsel knapt.

God og realistisk planlegging av gjødsellager og logistikk rundt utkøyring er difor svært viktig når ein planlegg forbetringar i drifta eller planlegg nye driftsutbyggingar.

Rådgjevarene avsluttar med desse tipsa:

  • Bygg store nok lager basert på oppdaterte tal for gjødselmengde, tilsetting av vann og nedbør i området.
  • Rekn ut volum av nedbør og vurder tak over lager.
  • Rekn kjøreavstand og vurder plassering av mellomlager.
  • Vurder eigen transportkapasitet opp mot kostnader og mulegheiter for innleigd, meir effektiv transportkapasitet.
Powered by Labrador CMS