Denne artikkelen er produsert og finansiert av Universitetet i Oslo - les mer.

Kva saker er elevane opptatt av og korleis kan dette henga saman med det faglege arbeidet? Biletet er frå ein demonstrasjon for klimarettferd.

Slik kan lærararar bidra til elevmedverking i skulen

Elevane har rett til å vere med å bestemme i skulekvardagen sin, men det varierer korleis og i kva grad det blir praktisert. Kva kan lærarar gjere, og kva seier forskinga om temaet?

– Elevar er medborgarar som oss andre. Men først og fremst er dei barn og ungdom som lever sine liv i og utanfor skulen.

Det seier forskar Nora Elise Hesby Mathé ved Institutt for lærarutdanning og skuleforsking på Universitetet i Oslo (UiO).

Ho forskar blant anna på korleis barn og unge kan involverast i tema som er viktige for dei på skulen. Engasjementet hennar var tydeleg frå då ho sjølv gjekk på skulen.

– I løpet av skuletida var eg elevrådsrepresentant, sat i bibliotekutvalet og var med i ei gruppe i Buskerud fylkeskommune. Dei laga eit hefte om vurdering som gjekk ut til alle skulane i fylket, fortel Mathé.

– Der sat eg, nokre lærarar og utdanningssjefen i fylket. Eg fekk ytra meg og vart faktisk høyrt, seier ho.

Kva saker kan elevar medverke til?

– Vi veit frå forskinga at det er litt varierande korleis og kor mykje elevane er involverte i saker som dei er interesserte i, seier Mathé.

Ho fortel at ho har funne at mange elevar meiner at skulen er ein viktig demokratisk arena. Særleg for å diskutere aktuelle saker med venner og medelevar. Likevel er det mange som opplever at dei ikkje har noka rolle i demokratiet fordi dei ikkje er vaksne enno.

Eit sentralt spørsmål er derfor kva vi ynskjer med elevmedverking, seier ho:

– Kvifor skal elevane medverke? Og korleis kan dei involverast?

– Generelt vil eg seie at det er viktig å la elevane få påverke tema som er viktige for dei. Det kan vere klassemiljøet, kva slags tema dei jobbar med i timane og å snakke om ting dei er interesserte i.

Og så kan elevane medverke både i skuledemokratiet og i dei enkelte faga.

La elevane vere med å forme kvardagen sin, er oppmodinga til forskaren. Men det er òg viktig å sjå på kva slags saker elevane skal engasjere seg i.

─ Medverking handlar ikkje berre om utvalet i kantina eller kva film klassen skal sjå.

Nora Elise Hesby Mathé fortel om korleis gjere demokratisk deltaking blant barn og unge i praksis.

Elevar kan medverke i ei rekke saker som gjeld det faglege arbeidet i klasserommet i tillegg til skulen som heilskap, meiner forskaren.

Det kan òg vere relevant å ta tak i saker elevane viser engasjement for utanfor skulen. Til dømes i val av tema til fordjupningsarbeid. Nokre gonger kan dette gje elevane moglegheit til gå vidare og bruke dei påverknadskanalane dei har tilgang til også utanfor skulen.

Råd til lærarar som vil la elevane medverke i faga

  • Bygg vidare på spørsmål og innspel frå elevane.
  • Gje elevane konkrete forslag og eksempel på kva dei kan foreslå eller velje mellom.
  • Involver elevane i undervisningsplanlegging ved å la dei vere med på å velje tema for kommande periode.
  • La dei forme ut faglege spørsmål til samtale og utforsking.
  • Gjer elevane kjende med forskjellige formar for medverking, både som innspel og avgjerdstaking.
  • Til dømes kan slike formar for medverking vere å la elevane snakke først i par, så dele med klassen: alle skriv noko på ein lapp til lærar: handsopprekking og anonym avstemming eller innsending av spørsmål eller innspel digitalt.

Handlar om å høyre til

Elevmedverking kan ta mange andre former enn dei formelle prosessane som Mathé var del av då ho var elev. Dei er tett knytt til medborgarskapet til elevane.

– Medborgarskap handlar overordna om opplevinga av å høyre til. I byen ein bur i, i Noreg, men også i klassen og venegjengen ein er del av, seier ho.

Barn og unge held til på skulen mesteparten av dagen. Det er der dei er med venene sine. Dermed blir deira medborgarskap også knytt direkte til skulen.

– Det er derfor viktig at elevane opplever at dei blir inkludert og tatt omsyn til i beslutningar som gjeld dei på skulen. Skulen er ein viktig arena for elevane for å utøve sitt medborgarskap. Dette er også dei nye læreplanane tydelege på, seier Mathé.

Elevmedverking og skulekultur

Det er viktig at også lærarane opplever at deira stemme blir høyrt.

– I ein studie fann eg og kollega Eivind Larsen ut at kor demokratisk lærarane oppfatta at skulen var, hang saman med korleis dei opplevde samarbeidet med leiinga og involvering ved avgjerdstaking, seier Mathé.

Funna frå denne studien viser at lærarane som var opptekne av demokratiundervisning, også opplevde skulen som meir demokratisk.

Eit døme på ein skule som legg stor vekt på demokrati og medverking, er Nyskolen i Oslo. Der har dei utvikla eit manifest for korleis dei skal jobbe med skuledemokrati. Dei har også gitt ut ei bok om dette. I ho kan skuler og lærarar få konkrete tips og inspirasjon.

Demokratisk deltaking blant barn og unge er eit høgaktuelt tema. Men korleis gjere det i praksis?

– Læraren er den pedagogisk leiaren i klasserommet

Frå faglitteraturen kan vi sjå at elevmedverking kan handle om breidde, djupn og omfang, forklarar forskaren.

– Med breidde meiner eg kor mange som får vere med på å medverke. Til dømes i klasserommet eller elevråd.

Fordi svært mange elevar er involvert i elevrådsarbeid, kan man seie at det er ei stor breidde i deltaking på nokre område i norsk skule. Dei er i alle fall involvert i å velje representantar frå klassen.

– Djupn handlar om kor grundig elevane får sette seg inn i sakene og korleis prosessen har vore. Dette tek tid og kvar skal ein ta tida frå? Skal elevane til dømes få fritak for fag for å vere med på å bestemme eller er det noko som kan integrerast i arbeidet i faga? spør Mathé.

Det er òg viktig for alle som skal arbeide med dette i skulen, å tenke over kva slags saker elevane skal ha medverking i, nemleg omfanget, seier ho.

Dette gjeld både i skuledemokratiet og i dei enkelte faga.

– Medverking for elevane er ikkje eintydig med at elevane skal få bestemme. Læraren er framleis pedagogisk leiar i klasserommet. Det er det ingen tvil om. Medverking handlar om få vere med på prosessen og å få påverke utfallet. Akkurat som i samfunnet elles, seier forskaren.

Samstundes må medverkinga vere reell. Ho må få konsekvensar.

– Der skulen eller læraren ikkje har moglegheit til å følgje ønska til elevane, kan det vere fint at dei grunngjev dette. Slik vert ikkje medverkingsprosessen opplevd som kunstig, seier forskaren.

Kan henge saman med det faglege arbeidet

– Eit mål med elevmedverking er at det skal samanfalle med det faglege arbeidet. Her kan det vere smart å starte relativt enkelt og så bygge vidare, påpeiker Mathé.

Til dømes involvere elevane i kva slags tema ein skal arbeide med i timane basert på kompetansemåla. Kva er dei interesserte i, kva er fagleg relevant, kva passar innanfor den tida vi har til disposisjon?

– Viss ein skal jobbe med sosial ulikskap, kan til dømes elevane få vere med på å bestemme kva slags sosial ulikskap ein skal jobbe med, seier forskaren.

Mathé gir døme på elevmedverking i undervisning rett etter Russlands invasjon av Ukraina:

Læraren let elevane individuelt sende inn kva spørsmål dei har om det som har skjedd. Klassa får så sjå og stemme på dei spørsmåla dei ønsker at læraren skal fortelje meir om.

– Medverking for elevane er ikkje eintydig med at elevane skal få bestemme.

– Mykje vi ikkje veit om elevmedverking i praksis

Dei fleste er einige om at skuledemokrati er viktig. Likevel er det mykje vi ikkje veit om elevar si demokratiske medverking. Kvifor er det slik?

– Temaet fell kanskje litt mellom stolar fordi medverking både skjer i klasserommet og på andre arenaer i skulen, seier Mathé.

Til dømes veit vi noko om dei større linjene for elevråd og liknande frå større undersøkingar. Samstundes veit vi mindre om korleis det går føre seg og kva betyding det har i praksis.

Og forskarar er ofte opptekne av å forske på kva som går føre seg i dei enkelte faga. Det vil derfor kunne vere eit interessant spor å forfølgje å forske på skuledemokrati i skulen som heilskap i tillegg til i det enkelte faget.

Meir engasjerte elevar i eit opent klasseromsklima

– Eit ope klasseromsklima handlar til sjuande og sist om det er takhøgd i klassen. Opplever elevane at dei kan ta opp ting? Er det akseptert av dei andre elevane og av læraren?

Det er mange gode samtaler i norske klasserom. Så ein kan jobbe vidare med å auke kvaliteten. Til dømes å grunngje standpunkta sine eller og forholda seg aktivt til synspunkta til andre, foreslår Mathé.

At elevane skal inngå i eit slags usemjefelleskap kan nett vere noko å arbeide med i klassen. Det er knytt til moglegheitene elevane får til å sette seg inn i ulike perspektiv på saker og samfunnsutfordringar.

– Eit mål kan vere at elevane lever betre med usemje, at elevane kan vere usamde i klasserommet, men framleis spele fotball lag i friminutta, seier Mathé.

Fakta

Referansar:

Lisbeth M. Brevik mfl.: Å observere fagfornyelsen i klasserommet. Observasjonsprotokoller for livsmestring, utforsking og digital kompetanse. Rapport frå EDUCATE, Institutt for lærerutdanning og skoleforskning, Universitetet i Oslo, 2023.

Nora Elise Hesby Mathé og Eyvind Elstad: Students' perceptions of citizenship preparation in social studies: The role of instruction and students' interests. Journal of Social Science Education, 2018. DOI 10.4119/UNIBI/jsse‐v17‐i3‐1779

Nora Elise Hesby Mathé: Engagement, Passivity and Detachment: 16-year-old Students’ Conceptions of Politics and the Relationship between People and Politics. British Educational Research Journal, 2017. Doi.org/10.1002/berj.3313

Sunniva Sandanger og Martin Johannessen: Reell elevmedvirkning. Bok utgitt på Fagbokforlaget, 2021. Sammendrag.

Trond Solhaug (red.): Skolen i demokratiet - demokratiet i skolen. Bok utgitt på Universitetsforlaget, 2021. Sammendrag.

Råd til lærarar som vil la elevane medverke i faga

  • Bygg vidare på elevanes spørsmål og innspel.
  • Gje elevane konkrete forslag og eksempel på kva dei kan foreslå eller velje mellom.
  • Involver elevane i undervisningsplanlegging ved å la dei vere med på å velje tema for kommande periode.
  • La elevane utforme faglege spørsmål til samtale og utforsking.
  • Gjer elevane kjende med forskjellige formar for medverking, både som innspel og avgjerdstaking.
  • Til dømes kan slike formar for medverking vere å la elevane snakke først i par, så dele med klassen;, alle skriv noko på ein lapp til lærar: handsopprekking og anonym avstemming eller innsending av spørsmål eller innspel digitalt.
Powered by Labrador CMS