Denne artikkelen er produsert og finansiert av Universitetet i Oslo - les mer.

Forskar Marte Blikstad-Balas trur at heimeskulen har gitt føresette eit nytt innblikk i skulekvardagen til barna sine.

– For enkelte foreldre var koronatida ei gåve

Medan nokre foreldre og elevar opplevde korona-heimeskulen som einsam og stressande, omtalar andre perioden som ei gåve.

Ny forsking visar at det er store skilnadar i korleis tida med heimeskule fungerte.

– Eg syns det er spanande å sjå på kva folk har opplevd ikkje berre som krevjande, men også som dei moglege fordelane med heimeskulen. Enkelte foreldre har kalla koronatida for ei gåve til familien, seier forskar og professor Marte Blikstad-Balas.

Blikstad-Balas har gjort ei nasjonal undersøking der over 4600 føresette har svart på korleis dei og elevane har opplevd heimeskulen, våren 2020. Det gjorde hun saman med kollegaer frå det nordiske senteret for framifrå forsking QUINT (Quality in Nordic Teaching).

Forskar ved UiO, Marte Blikstad-Balas.

Foreldra sine opplevingar

– I tillegg til at foreldra svarte på spørsmål, skildra dei også med eigne ord kva som var spesielt utfordrande og gjevande med heimeskulen. Det er relevant for oss som forskar på skule å få innsikt i dette.

– Eg synest at det har vore interessant å sjå kva foreldra som har opplevd heimeskulen tett på, seier om korleis det var. Det er tydeleg at heimeskulen har fungert svært ulikt i dei forskjellige heimane, seier Blikstad-Balas.

Forskaren fortel at dette er fyste gang ho har brukt foreldre som kjelder om skulekvardagen. Det har vore svært positivt:

– Vi er takksame for at så mange foreldre ville vere med, og fleire uttrykte at dei var glade for at nokon ville systematisere erfaringane deira, seier Blikstad-Balas.

Ho legg til:

– Det er ikkje kvar dag ein opplever sånt som forskar, så dette har vore veldig morosamt å jobbe med. Det er viktig at også dei positive sidene ved heimeskulen kjem fram. For nokre elevar har faktisk heimeskule fungert betre enn vanleg skule, ifølgje foreldra.

Ein generasjon merka av korona

Blikstad-Balas er ein av fleire forskarar som nyleg la fram ny forsking på seminaret Koronagenerasjonen. Seminaret vert arrangert av forskargruppa NordEd og tok for seg kva for konsekvensar det fekk for elevar og studentar då Noreg og store delar av verda stengde ned, våren 2020.

– Seminaret opna med spørsmål om dette er ein generasjon som er merka av korona, om pandemien vil følgje dei gjennom utdanningsløpet. Det har vore interessant å sjå skilnadane – både mellom elevgrupper, lærestader og land, seier Inga Bostad, professor i filosofi på Universitetet i Oslo og prosjektleiar for NordEd.

Bostad meiner det truleg er mykje å lære av perioden med heimeskule.

– Vi ønskjer å sjå på koronagenerasjonen og heimeskulen i eit større perspektiv for å få vite meir om kva som krevst for å skape eit godt fagleg fellesskap, seier Bostad.

Forskarane har retta merksemda særleg mot elevvurderingar og eksamensavvikling.

– Når det gjeld å legge om til heimeskule, ser vi at vi her i Noreg, var flinke til å kjapt omstille oss, særleg om vi samanliknar med land utanfor Norden. Likevel fortel ein del elevar og føresette om lite kontakt med skulen og medelevar, og at dei har vore einsame, seier Bostad.

Prosjektleiar for NordEd, Inga Bostad.

Store skilnadar i oppleving

Det er store variasjonar i funna om kva stengde skular innebar for elevane.

Også i den nasjonale undersøkinga til Blikstad-Balas er det store skilnadar i svara. Dei varierer frå ytterpunkta mellom det negative og det positive.

Ho kjem med fleire døme på positive tilbakemeldingar frå foreldre:

«Spennende å løse oppgaver sammen. Skolen har blitt nesten som et fellesprosjekt.»

«Jeg synes det er hyggelig å kunne bruke litt tid sammen på skolearbeid uten at det er leksesituasjoner med slitent skolebarn. Dessuten så er det veldig hyggelig å høre hvor god tone han har med kontaktlæreren sin når de snakker sammen på Teams.»

– Men det er klart at heimeskulen ikkje var lik for alle. Nokre elevar var heime med foreldre som var permitterte eller som var redde for at bedrifta skulle gå konkurs. Andre har foreldre i helsevesenet som jobba svært lange dagar. Mange foreldre fortel om mykje dårleg samvit, både for barna sine og for arbeidsplassen, seier Blikstad-Balas.

Ho trekk mellom anna fram lærarar som ei foreldregruppe som har fått lite merksemd.

Lærarar er også foreldre

– Lærarane har gjort mykje for å få dette til å gå bra. Ein ting eg meiner har fått altfor lite merksemd, er at mange lærarar hadde heimeskule eller heimebarnehage med eigne barn, samtidig som dei fjernunderviste elevane sine, seier Blikstad-Balas.

Ho fortel at fleire foreldre fortalde at dei ønska meir live-undervising og meir bruk av teknologi for å samarbeide digitalt.

– Det kan eg forstå, samstundes som dette er krevjande for læraren å få til dersom ho også har heimebarnehage på heimekontoret, seier Blikstad-Balas.

Ho trur at heimeskulen har gitt føresette eit nytt innblikk i skulekvardagen til barna sine.

– Foreldra rapporterer at dei har fått vite meir om det faglege nivået til eigne barn, men også om kva forventningar skulen har og korleis barna jobbar.

Forskingsprosjektet NordEd

Den nordiske utdanningsmodellen (NordEd) ved UiO er eit komparativt forskingsprosjekt som har til føremål å undersøkje den nordiske utdanningsmodellen med vekt på både aktuelle og historiske sider.

Forskarane arbeider med ein vitskapeleg artikkel frå undersøkinga.

Powered by Labrador CMS