Denne artikkelen er produsert og finansiert av Universitetet i Oslo - les mer.

Er lærarstudentane rusta for mangfald i klasseromma?
Forskarar har samanlikna lærarutdanningar i Norge og Hellas. Korleis vil dei møte elevane som treng tilpassa undervisning?
Tilpassa undervisning og interkulturell undervisning er to sider av same sak og bør integrerast. Begge tek utgangspunkt i menneskerettar, likeverd og alle sin rett til utdanning.
Det meiner førsteamanuensis Britt Oda Fosse og universitetslektor Janne Thoralvsdatter Scheie, begge tilsett ved Institutt for lærarutdanning og skuleforsking på Universitetet i Oslo.
─ Lærarstudentane viste stor vilje til å gjera ein innsats til elevane sitt beste
Interkulturell undervisning vektlegger å utvikle respekt og nysgjerrighet for andre kulturelle gruppers verdiar, bakgrunn og interesser. For lærarar blir dialog, klasseromsdiskusjonar og forhandlingar viktige verktøy for å utvikle elevenes interkulturelle bevissthet.
Det kan handle om å tørre å snakke om forskjellar ved bruk av hovudplagg, korleis vi helsa, tiltalar og snakkar til vaksne.
Differensiert undervisning handlar om å tilpasse undervisninga til elevanes bakgrunn, kunnskapsgrunnlag, interesser og motivasjon.
Forskarane har samanlikna to lærarutdanningar, ein i Norge og ein i Hellas, og sett på korleis dei førebur lærarstudentane på å undervise i mangfaldige klasserom.

Rett til utdanning
Forskarane understrekar at mangfald er meir enn religion og etnisitet.
– Mangfald handlar om alle sin rett til utdanning uansett funksjonshemming, etnisitet, religion, språk, kjønn og evnar. Både dei elevane som kjem frå andre kulturar og dei som treng anna tilpassing, utgjer det mangfaldige klasserommet i denne forskinga. Det er eit nytt grep for denne typen studiar, seier Fosse.
Forskarane fortel at områda til no har levd ulike liv i praksis og forsking.
– Lærarstudentane i begge land viste stor vilje til og ynskje om å gjera ein innsats til elevane sitt beste, seier Scheie.
I begge utdanningane var differensiering og mangfald viktig. Studentane fekk førelesningar, jobba saman i seminara og med ulike praksisnære case og rollespel.
Historiske skilnader påverkar kva slags lærarar vi får
– Den greske utdanninga søkte å innvie elevane i gresk historie og tenking, seier Fosse.
Studien viser at i den norske lærarutdanninga fokuserte ein meir på mangfald, i tydinga kulturelt mangfald, i tråd med overordna retningslinjer for skulen.
– Det historiske og samfunnsmessige bakteppet i dei to landa kan ha vore med å påverke innhaldet i lærarutdanninga, seier Fosse.
Ein av dei norske lærarstudentane sa til forskarane at det viktigaste var å vere ein god rollemodell og lære elevane å akseptere andre for den dei er.

Kunst gjer det mogleg å setje seg inn i andre sitt perspektiv
Dei greske studentane jobba med eit prosjekt dei kalla «Art and Education». Hensikta var å utvikle ei djupare forståing av mangfald ved å utrykke seg gjennom kunst.
Studentane vart delt inn i grupper og kvar gruppe vart rettleia av ein ekstern utøvande kunstnar, til dømes skulptør og koreograf.
– Kunsten blir som ein møtestad for læring, eit samfunnsprosjekt som kan sjåast i lys av samfunnsmandatet til skulen, seier Scheie.
Dei to forskarane vart positivt overraska over dei greske studentane sine opne og spørjande tilnærmingar til omgrepet mangfald og differensiering.
Referanse:
Britt Oda Fosse og Janne T. Scheie: Preparing student teachers to teach in diverse classrooms: A comparative case study of two teacher education programmes. Acta Didactica Norden, 2021. Doi.org/10.5617/adno.8362
Les også disse sakene fra Universitetet i Oslo:
-
Myndighetene har ikke greid å krympe læreplanen
-
I Sovjet var det ingen ytringsfrihet. Kunstnere fant likevel omveier.
-
Tar kommersielle teknogiganter over pedagogikken i norske skoler?
-
– Funksjonshemmede opplever fortsatt ofte å bli behandlet som et problem
-
Ny start på CERN: – Jeg tror vi finner et Higgs-boson til
-
Sterkt lys, skarpe instrumenter og hvite frakker gjør besøket hos tannlegen til en skrekkopplevelse for enkelte flyktninger som har vært utsatt for tortur
forskning.no vil gjerne høre fra deg!
Har du en tilbakemelding, spørsmål, ros eller kritikk? TA KONTAKT HER