Norske vertsfamiliar meiner at au pairen gir meir overskott og kvalitetstid i kvardagen, både i parforholdet og saman med barna.  (Foto: Colourbox)
Norske vertsfamiliar meiner at au pairen gir meir overskott og kvalitetstid i kvardagen, både i parforholdet og saman med barna. (Foto: Colourbox)

Ser på au pair-ordninga som u-hjelp

Norske familiar med au pair hevdar dei gir kvinner frå fattige land ei betre framtid.

Publisert

Au pair-ordninga

Den europeiske au pair-ordninga vart stifta i 1969.

Au pair-ordninga opnar for at unge menneske mellom 18 og 34 år kan reise ut i verda for å lære eit anna språk og ein annan kultur, i byte mot lettare husarbeid og kost og losji hos ein vertsfamilie.

Au pair er fransk for «på like fot».

95 prosent av au pairane i Noreg er kvinner. Au pairen kan ikkje ha eigne barn.

Au pairen skal berre gjere lettare husarbeid og kan arbeide maks 30 timar i veka.

Au pairen får opphaldsløyve i landet i inntil to år, men ikkje arbeidsløyve.

Ho skal ha fri kost og losji og få minst 5200 kroner i lommepengar før skatt.

Au pairen skal bu hos familien i eit eige rom heile kontraktperioden.

Au pairen har rett på minst ein fridag i veka, og ein fast ettermiddag per veke.

«Eg trur at mange to-inntektsfamiliar treng hjelp. […] Slik eg ser det, er det berre positivt, dersom ein samstundes kan hjelpe nokon frå eit fattig land. Fordi, for henne er det ikkje berre ein jobb, men også noko som gir både henne og familien hennar økonomisk sikkerheit, og på den måten er det viktig. Så, i staden for å ha nokon frå Sverige til å gjere den same jobben […] Og familiane eg veit om, dei behandlar au pairane sine bra».

Det seier «Emma» når ho blir beden om å reflektere over paradokset at norske familiar brukar au pairar og vaskehjelpar frå fattige land til å løyse tidsklemma og sikre likestilling i forholdet.

Ifølgje «Emma» og ektemannen er au pair-ordninga også ei form for u-hjelp, ei moglegheit for norske middelklasseforeldre å hjelpe kvinner i fattige land til ei betre framtid.

Stadig fleire norske familiar kjøpar seg hjelp i heimen, i form av ein au pair eller vaskehjelp. Kva seier dette om dagens Noreg?

Ei løysing på tidsklemma

Den norske likskapstanken gjer at det å skaffe seg privat hjelp i heimen krev meir forklaring og legitimering enn i andre land, ifølgje forskar Guro Korsnes Kristensen. (Foto: Kristin Engh Førde)
Den norske likskapstanken gjer at det å skaffe seg privat hjelp i heimen krev meir forklaring og legitimering enn i andre land, ifølgje forskar Guro Korsnes Kristensen. (Foto: Kristin Engh Førde)

Guro Korsnes Kristensen har forska på norske kvinner og menn som har valt å skaffe seg privat hjelp i heimen. «Emma» er ei av dei.

Forskaren fann at sjølv om desse familiane levde relativt ulike liv på ulike kantar av landet, var grunnane dei gav for å ha hjelp i heimen, overraskande like.

– For mange handlar det om den berømte tidsklemma – dei kjende seg desperate etter hjelp for å få jobb- og familiekabalen til å gå opp, seier Kristensen.

– Dei ser på au pairane som arbeidstakarar og hardarbeidande heltar, ikkje som utvekslingsstudentar frå ein framand kultur.

– Fordi vi fortener det

Andre familiar peikte på at dei i prinsippet kunne klart seg utan hjelp i heimen, men at dei hadde det fordi dei ynskte det og hadde råd til det.

«Det er så fint å kome heim til eit reint hus. Og det er så mange andre ting vi kan bruke tid på, som trening og å vere saman med ungane, så kvifor ikkje?», sa eit av para.

Slike svar var mest vanleg hos dei som hadde vaskehjelp. Medan ein au pair kan jobbe opp mot 30 timar i veka, jobbar ei vaskehjelp ofte berre to til tre timar i veka.

Fleire fortalde at au pairen var eit positivt bidrag til familielivet. At au pairen tok seg av brorparten av husarbeidet, meinte dei reduserte stresset i kvardagen. Dei fekk meir overskott, både til ungane og til kvarandre.

Somme peikte dessutan på at huset deira var eigna til å ha ein au pair buande.

Ikkje berre for overklassen

Kristensen intervjua 39 norske kvinner og menn som har eller har tenkt å skaffe seg betalt hjelp i heimen. Halvparten hadde au pair, medan den andre halvparten hadde vaskehjelp. Alle var foreldre, og hadde frå to til fem små barn, dei fleste hadde tre.

– Nokre av familiane er sjølvsagt svært rike, andre er aleinemødrer med lågare inntekt enn mi forskarinntekt. Somme har barn med særskilde behov, fortel ho.

Enkelte av foreldra hadde leiarstillingar og jobba lange dagar, andre hadde ei meir gjennomsnittleg arbeidstid. Av familiane ho intervjua, høyrde alle dei med vaskehjelp, heime i middelklassen. Det same gjorde halvparten av dei med au pair. Den andre halvparten av dei med au pair, høyrde til overklassen.

Gode menneske

Vertsfamiliane snakka om kor viktig det var å vere god mot au pairen. Der somme familiar gav ekstra pengar, tok andre au pairen med på feriar eller kjøpte gåver. Andre familiar fortalde at dei let au pairen få invitere vener på besøk og ha festar i heimen deira.

– På den måten blir det å ha au pair foreinleg med det norske idealet om likeverd og likskap, hevdar Kristensen.

– Ein annan konsekvens av desse handlingane er at dei også etablerer vertsfamiliane som veldig snille menneske.

Ingen av familiane forskaren intervjua, hadde au pair for kulturutvekslinga si skuld, sjølv om dette er det offisielle føremålet med au pair-ordninga. Det betyr ikkje at det ikkje skjer kulturutveksling mellom au pairane og vertsfamiliane, ifølgje forskaren.

Vertfamiliane var til dømes ivrige etter å fortelje at dei tok med au pairane på «norske» aktivitetar som fisking, skiturar og fotturar. Dei streka også under at au pairane fekk høve til å lære om demokrati og likestilling i Noreg.

Ulykkelege au pairar

Samstundes var familiane opne på at å ha ein annan person buande hos seg, også byr på utfordringar. Ofte handla det om at au pairen verka ulykkeleg.

– For det meste meinte vertfamiliane dette kom av au pairen sin personlegdom eller eigen familiesituasjon – ikkje forhold ved vertsfamilien eller au pair-ordninga i seg sjølv, seier Kristensen.

Ikkje heilt stovereint

Stadig fleire norske familiar kjøper seg fri frå husarbeid som reingjering, matlaging og barnepass. Likevel er omfanget av au pairar og hushjelper i norske heimar enno mindre enn i mange andre europeiske land.

– I Noreg har vi ein godt utbygd velferdsstat, med god barnehagedekning og generøse permisjonsordningar. Desse faktorane, saman med den norske likskapstanken, gjer at det å kjøpe private tenester i heimen krev meir forklaring og legitimering enn i andre land, seier Kristensen.

Au pair-ordninga blir ofte møtt med kritikk i det offentlege ordskiftet.  Kilden har tidlegare skrive om forskarar som meiner at au pairar er underbetalte hushjelper med ei timeløn ned mot 69 kroner.

– Kostar ikkje meir enn ein bruktbil

Fleire av vertsfamiliane hadde opplevd negative reaksjonar og manglande forståing frå andre.

«Arne», ein gift trebarnsfar, innrømde at han ikkje likte å diskutere au pairen når han var tilbake i småbyen han vaks opp i:

«Det er ikkje det at eg skammar meg. Eg veit ikkje … det er berre … mange folk tenkjer at du må vere ekstremt rik for å ha ein au pair. Men det kostar faktisk ikkje meir enn ein gamal, rusten bil. Det kostar mindre enn det. Eg er sikker på at det finst folk som bruker meir pengar på Lotto enn vi bruker på ein au pair».

Tenarskap i nye formar

«Børge» meiner at dei som kritiserer vertsfamiliane for å bidra til sosial dumping, ikkje veit kva dei snakkar om:

«For oss handlar det om hjelp. Og det er sånn det pleidde å vere i Noreg for 150 år sidan.  Folk i byane hadde jenter frå landsbygda som budde hos dei for å hjelpe til. Og så seier somme folk at det er sosial dumping. Vi føler at dei som meiner det, er folk som ikkje har erfaring med au pairar sjølv».

Guro Korsnes Kristensen hevdar på si side at det er skilnad på au pairane som tenarskap og tenestejentene frå norske bygder for 150 år sidan:

 No kjem tenarskapet frå andre sida av jorda, og i motsetnad til dei norske jentene frå landsbygda har dei ofte forsørgjaransvar i heimlandet.

Ser ingen problem med ordninga

Vertsfamiliane såg få problem med au pair-ordninga i seg sjølv.

«Arne» meinte ordninga var rimeleg, så lenge ein held seg til kontrakten. For han er problemet dei vertsfamiliane som krev at au pairen jobbar langt meir enn dei kontraktfesta 30 timane i veka.

Andre, som fembarnsfaren «Sigurd», var opne på at deira au pair jobba meir enn maksgrensa. Han meinte likevel ikkje det var problematisk:

«Vi betalar henne for arbeidet ho gjer. Og vi betalar henne meir enn vi eigentleg må. Vi gjer det fordi vi vil det. Fordi vi liker henne, fordi vi synest ho er flink, og fordi vi ynskjer at ho skal vere lykkeleg her. Vi gir ho ting også. Og da oppfattar eg dette som ein vinn-vinn-situasjon.»

«Sigurd» og kona var klar over at dei braut kontrakten, men meinte at dette var til fordel for au pairen, fordi ho hadde interesse av å tene meir pengar.

Ei rettvis ordning?

Ein au pair i Noreg har krav på minst 5400 kroner i lommepengar i månaden, før skatt, i tillegg til kost og losji. Gjennomsnittleg avtalt månadslønn for norske arbeidstakarar i 2013 var 38 500 kroner før skatt, ifølgje Statistisk sentralbyrå.

«Børge» synest likevel at au pairane kjem godt frå det:

«Når ein tenkjer på det, ho jobbar 30 timar i veka og eg jobbar 52 timar. Og så har ho ingen andre utgifter. Så avtalen er ikkje så ille likevel. Og ho har masse fritid der ho kan gjere kva ho vil».

– Det er ulikestilling mellom vertsfamilien og au pairen, men vertsfamiliane behandlar ikkje naudsynleg au pairane dårleg, hevdar Guro Korsnes Kristensen.

Referanse: 

Guro Korsnes Kristensen. A Fair Deal? Paid Domestic Labour in Social Democratic Norway i antologien Employers, Agencies and Immigration. Paying for care. Anna Triandafyllidou og Sabrina Marchetti (red.), januar 2015. Sammendrag