Denne artikkelen er produsert og finansiert av Høgskulen på Vestlandet - les mer.
Barneteikningar frå Kina: Å ha eit born i gruppa som var ekstra god, var noko som gav stoltheit til heile barnegruppa i følgje dei kinesiske barnehagelærarane.(Foto: HVL)
I kinesisk barnehage: Dei mest eksemplariske teikningane fekk plass
I den norske barnehagen hang dei opp alle borna sine teikningar.
Det kinesiske barnehagetilsette oppfatta som å vise gode forbilde, oppfatta norske barnehagetilsette som elitistisk. Barnehageforskar Åsta Birkeland ved Høgskulen på Vestlandet (HVL) har undersøkt forskjellige barnehagepraksisar i Noreg og i Kina.
Livet i barnehagen former barnet. Forventningane og krava barnehagen har til barnet gir uttrykk for kva barnehagen meiner er viktig at barnet blir forma mot. For eksempel kan barnehagen ha forventningar om at barnet skal vere uavhengig og sjølvstendig, eller det den kan ha forventning om at barnet først og fremst skal tilpasse seg fellesskapet.
Det viser den krysskulturelle studien til Birkeland. Bakgrunnen for studien er eit mangeårig utdanningssamarbeid mellom HVL og kinesiske universitet og barnehagar.
– Eg fotograferte og gjorde videoopptak undervegs i dei to barnehagane som dei tilsette i begge barnehagane kommenterte. Dei reflekterte då ikkje berre over eigen praksis, men kommenterte også praksisen i den andre barnehagen, fortel Birkeland.
Spor av danningsideal på veggane i barnehagen
Birkeland brukte fleire inngangar for å spore opp kva slags praksisar, såkalla danningsideal, som dominerte i dei to barnehagane. Eitt av spora gjekk ut på å sjå på kva barnehagane presenterte på veggane sine.
I den norske barnehagen hang dei opp alle borna sine teikningar dersom borna ønskte det. I den kinesiske barnehagen var det derimot berre dei mest eksemplariske teikningane som fekk plass på veggen.
– Dei var opptekne av å vise fram modellar for det eksemplariske. Målet var å få borna til å yte noko meir, utvikle seg, stadig strekke seg mot noko, fortel Birkeland.
Å ha eit born i gruppa som var ekstra god var noko som gav stoltheit til heile barnegruppa ifølgje dei kinesiske barnehagelærarane. Dei norske barnehagelærarane såg derimot på den kinesiske praksisen meir som ei form for elitisme der «alt må vere perfekt og der det beste barnet blir framheva».
– Dei norske barnehagelærarane såg på det å henge opp alle sine teikningar som eit uttrykk for barns medverknad; at alle barn har rett på å uttrykke seg og at alle har verdi. Dei kinesiske barnehagelærarane såg dette derimot som ein praksis på grensa til latskap der borna berre trong å skrible ned noko, og så var det godt nok.
Instruksar på veggane
Den kinesiske barnehagen la dessutan stor vekt på henge opp instruksjonar til borna på veggane. Det kunne vere illustrasjonar av korleis du vaskar hendene, korleis du handterer ei saks eller korleis du heng opp kleda i skapet.
Dette meiner Birkeland kan lesast som at det er færre tilsette per barn i Kina enn i Noreg, der instruksjonane blir ein slags hjelpande pedagog. Fleire barn per tilsett krev ein annan type pedagogikk der barnehagelæraren stiller andre krav til barna, fortel Birkeland.
– Ein kan jo forstå denne praksisen på bakgrunn av det kinesiske samfunnet. I eit land som Kina må ein kunne innrette seg etter mange menneske og mykje trengsel. Å kunne opptre effektivt i kø blir derfor viktig, seier ho.
Dei norske barna fekk i større grad velje sjølv
Birkeland undersøkte også korleis dei to barnehagane strukturerte dagen. Korleis dagsrytmen er i barnehagen, seier noko om kva aktivitetar ein meiner er viktig for born, meiner forskaren.
I den kinesiske barnehagen, som i dei fleste kinesiske barnehagar, praktiserte dei til dømes to timar kvile for alle barn, uansett alder. Ro vart sett på som heilt avgjerande for helse og ein harmonisk kropp.
– Dette fortel oss at i den kinesiske barnehagen var det stor vekt på balanse mellom aktivitet og kvile. Denne praksisen skil seg frå den norske barnehagen, som hadde ein meir jamn puls gjennom heile dagen.
Annonse
Dei norske borna fekk i større grad velje sjølv når dei ønskte å kvile, og kva dei ønskte å leike.
– Dei hadde på eit vis retten til å gjere denne type val, men det gav også borna meir ansvar til å gjere val og å finne meiningsfulle aktivitetar i kvardagen. Dette stiller tydelege krav til barn. Ikkje alle barna i den norske barnehagen evna å ta desse vala og gjekk litt kvilelaust rundt, noko som vart påpeikt av dei kinesiske barnehagelærarane, seier Birkeland.
Motsette danningsideal
Birkeland skildrar dei ulike praksisane som motsette danningsideal i barnehagane:
– Det er ikkje slik at det berre er eitt danningsideal som kjem til uttrykk i praksisar. Ulike danningsideal kan opptre samstundes og gjerne vere motsetningsfulle, seier ho, og utdjupar:
– På den eine sida vil dei kinesiske barnehagelærarane at barnet skal sjå fellesskapet som den overordna eininga der det å vere ein del av dette fellesskapet, og å vera ein kinesar, er avgjerande for harmoni og balanse. På den andre sida er Kina eit svært konkurranseorientert samfunn der borna må spisse olbogane for å skape ein best mogleg framtid for seg sjølv, seier Birkeland.
– Dette meiner dei kinesiske barnehagelærarane at dei må førebu borna på. Det ligg ein motsetnad der.
Også i den norske barnehagen er danningsideala motsette, hevdar Birkeland.
– Dei norske barnehagelærarane var opptekne av at barn er sjølvstendige borgarar som kan ta val og ta ansvar for eige liv. Samstundes blir forventninga om den sjølvstendige borgaren utfordra av aukande samfunnsmessige forventningar om standardisering av krav, overvaking, kartlegging og dokumentasjon.
Stille spørsmål til eigen praksis
Dei norske barnehagelærarane såg andre ting i det kinesiske materialet enn kinesarane sjølve, og motsett. Dette fekk fram nyansar, spenningar og motsetnader i fortolkinga av praksisane.
– Målet med forskinga mi er å avdekke og å forstå meir enn å forandre. Men i det ein avdekker, kan ein få til diskusjon om moglege endringar av eigen praksis. Barnehagepraksisar endrar seg ikkje stort av at det kjem nye læreplanar. Det handlar i større grad om djupare historiske og kulturelle praksisar.
Annonse
– Studien kan og bidra til at barnehagelærarar stiller fleire og andre spørsmål ved eigen praksis, seier Åsta Birkeland.