- Tause barn slit med fobi

Nokre barn og unge vel å vere tause sjølv om dei kan snakke. Mange opplever barn med talevegring som ekstremt sta, sære og mistenksame. Barn med selektiv mutisme har fobi mot å snakke, meiner Heidi Omdal.

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Selektiv mutisme er ein diagnose som blir brukt på barn som er tause i visse situasjonar sjølv om dei kan snakke.

Når dei vel å snakke, er det berre med dei næraste, som mor, far, søsken eller bestevener. 

– Desse barna fryktar det å snakke like mykje som andre fryktar edderkoppar. Det er blitt ein fobi som dei ikkje blir kvitt på eiga hand. Dei er langt forbi det å vere sjenerte, seier Omdal.

Ho er universitetslektor i pedagogikk ved Universitetet i Stavanger (UiS).

Talet på kor mange som har selektiv mutisme i Noreg, er usikkert, men ein reiknar med at opp mot to prosent av alle skulebarn har diagnosen.

Lite kunnskap om fenomenet gjer at mørketala kan vere store. Mange barn får òg feil diagnose fordi dei gjerne har andre lidingar i tillegg, til dømes språkvanskar.

Angstfylte opplevingar

I doktorgradsprosjektet sitt har Omdal henta data i møte med fem barn og familiane deira. Ho har også intervjua seks vaksne om opplevingane deira av å vere tause i barndommen.

– Felles for dei vaksne er at dei som barn ikkje fekk den hjelpa eller forståinga dei trong frå dei vaksne rundt seg. Dei trekte seg etter kvart unna, og fekk ei rolle som taus som dei heldt seg fast i, og dei var ofte einsame, seier Omdal.

– Mange fortel også at det er situasjonar som har vore belastande for dei, som har utløyst den selektive mutismen.

- Nokre har vore utsette for vald eller andre overgrep, andre voks opp i krigstid der dei vaksne hadde nok med sin eigen angst, dei blei tidleg plasserte på internatskule langt frå foreldra, eller dei blei mobba på skulen.

Ifølgje Omdal er det snakk om ein fastlåst kommunikasjon som dei ikkje kjem ut av.

– Å vere selektiv mutist blir fort ein del av identiteten. Dess lenger det har vart, dess verre er det å gjere noko med det, seier ho.  

Kviskring og lydband

For barn med selektiv mutisme kan det vere bra å byte miljø, slik at dei får byrje med blanke ark der ingen ventar seg at dei skal vere tause.

– Vi må ikkje overbeskytte dei, men forvente at dei kommuniserer og deltek.

- For å kunne gjere det, må barna vere trygge, seier Omdal.

Ho har tru på at det å nå små mål steg for steg, kan gi desse barna ei kjensle av meistring, som kan gi dei sjølvtillit.

– Ein må unngå at barna blir overavhengige av einskilde vaksne heime, i barnehagen eller på skulen.

– Til dømes kan dei få byrje med å skrive ting på lappar eller på datamaskin før dei etter kvart går over til å kviskre eller snakke i eit bestemt rom.

- For nokre kan det òg vere ein god idé å spele inn stemma si på lydband og la dei andre barna i barnehagen eller på skulen få høyre opptaket.

Tause på skulen

Ifølgje Omdal har nokre barn med selektiv mutisme aldri sagt eit ord på skulen.

Omkring 90 prosent av barn i denne gruppa er tause nettopp på skulen eller i lag med framande.

– Det trengs meir kunnskap om selektiv mutisme slik at desse barna blir forstått på skulen og i barnehagen. Det er viktig å la barna nærme seg andre i sitt eige tempo, seier Omdal.

– Samstundes må dei bli møtte med klare forventningar om tale og deltaking. Dei må møte same grenser som andre barn.

- Leik og humor verkar angstdempande på barna. Eit tett samarbeid mellom skule, barnehage og foreldre må òg til for å hjelpe dei.

 

Powered by Labrador CMS