Bakgrunn: Korallrev: sakte og skjørt

Når ein snakkar om korallar vil dei fleste tenke på tropiske farvatn. Men faktisk finnast det store korallrev utanfor norskekysten. Dette er kaldtvasskorallar på djupt vatn som kan bruke 300 år på å vekse 2 meter.

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

"Lusuer og vanlig uer er dei mest vanlege fiskane å sjå på Lopheliarev. Biletet er teke på ca 300 meters djup. Foto: Jan Helge Fosså, Havforskningsinstituttet"

Det finnast fleire typar korallrev: Kystrev strekker seg direkte frå land og stuper bratt ned mot djupet. Barriererev er skilt frå land med ei brei og ofte djup renne, og ligg parallelt med kysten. Atollar er sirkelforma rev med ei lagune i midten. Ingen av desse finn vi i norske farvatn.

Djupvassrev

Dei norske korallreva er djupvassrev, som vi oftast finn på vår kontinentalskråning på 200 - 400 meters djup, og i vatn med temperaturar mellom fire og ni grader celsius. Denne typen rev blir danna av kaldtvasskorallar. Desse korallane lev ikkje i eit avhengigheitsforhold med algar, og er difor ikkje avhengige av sollys for å overleve. Altså kan dei vekse djupare enn dei tropiske korallane.

Ein har funne 17 forskjellige artar korallar i Noreg, men den einaste som dannar større korallrev er steinkorallen Lophelia pertusa. Dei andre er følgjekorallar. Lophelia pertusa finnast i havområde over heile verda, og er særleg utbreidd i Nord-Atlanteren. I norske farvatn er djupvasskorallrev påvist frå ytre Oslofjort i sør til Finnmark i nord.

Ein har funne Lopheliarev på djupner ned til 2 000 meter. I dei norske fjordane finnast Lopheliareva grunnare enn normalt, og i Trondheimsfjorden veks dei så grunt som 39 meter under havoverflata - så grunt at det er mogeleg å dykke ned for å ta korallane i augesyn.

Koralldyr er nesledyr

Korallrev blir danna av koloniar av koralldyr. Dei skil ut eit skjell av kalsiumkarbonat, og når det enkelte dyr døyr, er det berre kalkskjelettet som står att. Dei nedste delane av korallreva er difor for det meste bygd opp av døde korallar, medan dei levande koralldyra veks på toppen.

Som andre revdannande korallar byggjer Lopheliakoloniane eit hardt, forgreina skjelett av kalsiumkarbonat. I enden av greinene stikk dei små polyppdyra tentaklane ut i vatnet. Tentaklane har stikkande nesleceller med gift, slik som manetane, og desse blir brukt til å fange små dyr.

Truleg har korallane to næringskjelder; dyreplankton og det sesongbetonte “regnet” av dødt organisk materiale etter oppblomstringa av plante- og dyreplankton om våren og hausten.

Mindre fargar enn tropiske korallar

Fargen på levande kaldtvasskorallar varierer frå kvit til raud og oransje. I motsetnad til dei tropiske korallane har dei ikkje samlevande algar (zooxanthellae), og er difor ikkje avhengige av sollys. Hos dei tropiske korallane gir dei samlevande algane korallane sterke fargar, og tilfører karbohydrat gjennom fotosyntese.

Koralldyra utgjer som regel berre ein liten del av sjølve korallstrukturen, men holrom og strukturar i dei store korallkonstruksjonane fungerer som leve- og gøymestader for mange andre ulike dyreartar.

Biologisk mangfald

Korallrev er kjende for eit stort biologisk mangfald. Opp imot 800 forskjellige artar er i dag registrert ved forskjellige Lopheliarev. Korallrevområda er fiskerike, og det er kjent at fiskarar som driv med garn og line ofte fiskar ved og på korallane, der fangsten blir betre.

Mange fiskarar har meint at fangsten i desse områda har gått drastisk ned, etter at det har vore trålaraktivitet i områda. Videoundersøkingar på Storegga har vist til dels omfattande øydeleggingar av reva, med skadar som har blitt tolka som spor etter tråling.

8 600 år gamle rev

"Ein har funne norske korallrev som er opp til 8 600 år gamle. Foto: Pål B. Mortensen, Universitetet i Bergen"

I Noreg er det funne døde delar av Lopheliarev som er opptil 8 600 år gamle. Den levande delen kan truleg bli meir enn 250 år, og veks med ca 10 millimeter lengde per år. Ein 2 meter høg korallkoloni vil dermed vere mellom 200 og 300 år gammal.

Korallane vil dessutan bli pakka saman med tida, slik at korallrevet veks enda saktare. Eit rev som er 15 meter høgt vil difor har brukt fleire tusen år på å vekse seg så stort. Dei blaute polyppane som stikk ut av og omgir korallane kan også lett bli skada, og då vil korallrevet slutte å vekse. Polyppane lev berre i dei yttarste 10-20 cm av koloniane. Resten er nakent og dødt korallskjelett.

Sularevet og Røstrevet

Forskarar og fiskarar har kjent til dei norske reva i lang tid. Under arbeidet med røyrledningstraseen for ilandføring av gass frå Haltenbanken, oppdaga Statoil Sularevet på 2-300 meters djup nord for Frøya. Dette revet er 13 kilometer langt, opp til 35 meter høgt og 700 meter breitt. Inntil våren 2002 var dette det største Lopheilarevet ein visste om i verda.

Men på eitt av sine tokt oppdaga Havforskningsinstituttet i år eit rev som er 10 gonger større ved Røst i Lofoten. Røstrevet er 35 kilometer langt, og opp til 3 kilometer breitt. Forskarane ved Havforskningsinstituttet gjennomfører årlege tokt, mellom anna for å leite etter korallrev, og dei reknar med å finne fleire.

Kjelder:

Havforskningsinstituttet
Fiskeridepartementet
havbruk.no
WWF

Linkar:

Artikkel frå Nature
Forsking frå Deep-sea Benthic Dynamics Group
Feature fra Times online om djupvasskorallar
Artikkel frå BBC

Powered by Labrador CMS