Denne artikkelen er produsert og finansiert av UiT Norges arktiske universitet - les mer.

Gjørme frå botn inneheld viktig kunnskap. Arbeid om bord Forskingsfartøyet «Kronprins Haakon». Her er Raphaelle Descoteaux (t.v.) saman med Emmelie Åström.

Metangass­ frå havbotn skapar artsmangfald

Metan er den nest viktigaste klimagassen, etter CO2. Likevel er metan bra for mange dyr.

Vi har alle høyrt om metangassutslepp som utgjer ein trugsel mot klima og gigantiske gassutblåsingar på havbotnen i Barentshavet.

Men no syner ny forsking fram ei anna side av metangassen.

– Naturlege utstrøymingar av metangass lagar spesielle økosystem og skapar artsmangfald på havbotnen, seier Emmelie Åström, forskar ved UiT og prosjektet Arven etter Nansen.

I Barentshavet finst det mange kalde utsleppstadar der metangass straumar ut av havbotnen.

Dette kan gjennom såkalla mikrobiske prosessar blir danna vidare til næring og fungere som ei matkjelde til dyr som lev og oppheld seg ved dei kalde utsleppsstadane.

Gassen straumar ut frå reservoirer langt under havbotnen. Mikrobar omdannar denne til sulfid eller spiselege karbohydrat som kjem andre botndyr til gode. Grunna ekstra forsyning av mat frå metan og sulfid kan kalde gassutslepp gi høg tettheit og artsmangfald av dyr som lev på botnen av havet.

Nye funn for Arktis

Funna i ein studie frå forskarar ved UiT Norges arktiske universitet bringar ny kunnskap om Arktis.

Ein ser liknande utslepp i djuphavøkosystem på ulike stadar på jorda, men at dette skjer på kontinentalsokkelen i Arktis, på eit relativt grunt område og på plassar med høg fotosyntetisk produktivitet, er nye funn.

– I denne studien har vi vist at dyr som lev ved kalde utsleppstader har mykje større variasjon i val av matressursar takka metangassutsleppa og kjemosyntese, seier Åström.

Kjemosyntese er ein prosess som kan gi energi likt fotosyntese, men i staden for å bruke sola, så brukast kjemiske stoff. Her metan.

Ved oksygenfrie forhold på havbotn så omskapast metan til hydrogensulfid. Hydrogensulfid og metan kan brukast som energikjelde av mikrobar eller encella vesen, som enten kan danne tepper på havbotn eller leve i symbiose med andre dyr.

Studien synte også at karbonkjelder avleia via kjemosyntese ikkje berre skjer ved isolerte område i djuphavet med avgrensa tilførsel av organisk materiale via fotosyntese, men også finn stad på høgproduktive arktiske grunne botnområde.

Kjemosyntes versus fotosyntese.

Metan vert til nødvendig mat

Kjemosyntese dannar altså energi uavhengig av sollys og fotosyntese. Dette utgjer eit næringsgrunnlag for spesielle artar som samarbeider med slike mikrobar som kan bruke metan eller sulfid.

Men det kjem også større rovdyr til nytte. Dei kan ete byttedyr som kan nytte mat frå kjemosyntese.

– Vi må no anerkjenne at metangassutsleppa er ei komplementær næringskjelde på enkelte plassar i Arktis. Dette førar til at mengda med mattilførsel i Barentshavet er høgare enn vi tidlegare tenkt, seier forskaren.

– Metangass skapar artsmangfald på havbotnen, seier Emmelie Åström.

Viktig kunnskap om miljøet i Barentshavet

Kalde utsleppstadar er ifølgje norske mynde anerkjent som spesielle og utsette område som vi treng å følgje med på (Miljødirektoratets rapport 2019).

På grunn av interessa frå petroleumsindustrien har forskarar tidlegare studert kjemi og geofysikk i desse områda, men biologien har til no vore mindre undersøkt.

– Denne nye studien syner at kalde utsleppstadar er viktige leveområde, der ein kan sjå at biodiversitet og artsmangfald nyttar seg av fleire næringskjelder for å overleve, fortel Emmelie Åström.

Saman med kollegaer gav Emmelie Åström ut ein vitskapleg publikasjon i 2020 på biologiske «hotspots». No har ho teke forskinga vidare og funnet ut at metangass er ein viktig kombinasjon til vanleg matkjelde i økosystemet.

Les meir om forskinga: Ukjent undervannsparadis rundt gassutslipp i Arktis.

Referansar:

Emmelie Åström mfl.: Chemosynthetic and photosynthetic trophic support from cold seeps in Arctic benthic communities. Frontiers, 2022. Doi.org/10.3389/fmars.2022.910558

Emmelie Åström mfl.: Cold Seeps in a Warming Arctic: Insights for Benthic Ecology, Frontiers in Marine Science, 2020. DOI: 10.3389/fmars.2020.00244

Powered by Labrador CMS