Vikingane, her representerte ved Torbjørn Harr og dei andre fra serien Vikings, kom seg ut i verda. No vil forskarar finne ut meir om turen deira til Normandie. (Foto: BERNARD WALSH / HBO NORDIC)

Jaktar på viking-DNA i Normandie

Forskarar vil kartlegge viking- kolonisering ved hjelp av DNA.

I samarbeid med NRK

 

Denne veka starta forskarane med å samle inn DNA frå franskmenn som kan ha viking-opphav.

– Føremålet er å få meir kunnskap om omfanget av skandinavisk kolonisering på 1000-1100-talet, fortel historikar Richard Jones ved University of Leicester til nettstaden Physorg.

Teamet leiter etter viking-røter også i tre område i Storbritannia, i tillegg til i Normandie.

Grava til vikinghøvdingen Rollo i Rouen i Frankrike. (Foto: URBAN/ WIKIMEDIA COMMONS)

– Eg er veldig positiv til dette prosjektet. DNA-teknologien har blitt så bra at no kan ein finne ut mykje, seier historikar Sturla Ellingvåg til NRK. Ellingvåg leiar sjølv eit prosjekt for å finne opphavet tilvikinghøvdingen Rollo, som skal ha vore frå Noreg.

– Dette kan gi oss ein del interessante svar, blant anna kan det gi oss innsikt i korleis vikingane gjekk frå å vere vikingar og til å kalle seg normannarar, seier han.

Norske vikingar?

Ellingvåg synest det er spesielt interessant at dei britiske forskarane samlar inn DNA i Cotentin i Normandie.

– Dette er eit område der vi trur at spesielt mange nordmenn busette seg, mens det generelt var flest danskar som busette seg i Normandie.

Førebels er det berre franskmenn med røter i nærområdet som har blitt bedt om å gi DNA. Dei må ha alle fire besteforeldre buande innanfor ein 50-kilometer-radius frå der dei bur. Mange av dei har også etternamn med skandinavisk språkleg opphav.

“Ekte” og “uekte” normannarar?

Ikkje alle er like entusiastiske til prosjektet som historikarane:

– Vi er bekymra for at dette vil gi styrke til ideen om at det eit skilje mellom «ekte» og «uekte» normannarar , seier Jacques Declosmenil, som er leiar for lokallaget til Movement Against Raism (MRAP).

Til dette svarar dei britiske forskarane at dei berre studerer om lag 2 prosent av DNA’et for å avsløre eventuelle viking-opphav. For dei øvrige 98 prosentane av DNA’et er alt mogleg.

Ellingvåg deler heller ikkje bekymringa for at dette kan misbrukast:

– Det er berre positivt at folk ønsker å få vite meir om fortida si. Viss vi skal skjule fortida, så må vi kutte ut all historieforsking, seier han.

Powered by Labrador CMS