Akropolis, på høgda over dagens Aten, er lite endra sidan 1989. Men det norske instituttet i byen vert no føreslege endra. (Illustrasjonsfoto: Olga Kot Photo / Shutterstock / NTB scanpix)
Meiner Universitetet i Bergen bør ta over Det norske institutt i Aten
Det norske institutt i Aten bør ikkje leggast ned. Men det skal vidareførast som ein rein infrastruktur knytt til arkeologi. Det har UiB og UiO vorte samde om.
Først trekte Universitetet i Tromsø seg ut, og NTNU trekkjer seg frå hausten. Då vert det berre UiO og UiB att på lista over eigarar av Det norsk institutt i Aten (NIA). Instituttet fyller 30 år i år, og ser ut til å leva fram til jubileet – men berre så vidt. Universitetsstyret skal torsdag handsama ei sak om NIA.
I sakspapira går det fram at det vert tilrådd at senteret skal overleva, men at aktiviteten vert sterkt redusert.
Rett til feltarbeid
På Høyden har dei siste åra skrive fleire saker om utanlandssentra. Det er fleire av dei, og dei er organiserte på høgst ulikt vis. I 2014 kom eit utval ved UiO med framlegg om at universitetet skulle trekkja seg frå samarbeidet om senteret i Caen. Året etter hadde fleire av universiteta sine eigne evalueringar av deltaking i dei ulike sentra. For UiB viste det seg at fleire av sentra er mindre brukt enn før.
I 2016 kom det ein rapport som sa at studiesentra ikkje burde leggast ned – endå. Men det vart tilrådd ei ny vurdering av sentra i Aten og St. Petersburg. I fjor vedtok styret for Det norske universitetssenteret i St. Petersburg at senteret skal leggast ned. Dette skjedde etter at russiske styresmakter kasta ut ni norske studentar i desember 2017.
I følgje statuttane skal NIA driva forsking, undervisning og formidling knytt til kultur og samfunn i Hellas og Middelhavområdet, ha ansvar for publisering innan relevante fagområde og tena som fagmiljø og kontaktorgan for forskarar og studentar ved norske universitet og høgskular. I tillegg har NIArett til å på vegne av norske universitetsmiljø søkja om løyve til å driva arkeologisk feltaktivitet i Hellas.
Denne retten er hovudargumentet for at ein ikkje bør legga ned heile instituttet. I sakspapira vert det peika på at i dag er interessa for arkeologiske prosjekt i Hellas lita blant norske forskarar, men at dette kan endra seg.
Fem millionar i budsjett
Midt i januar hadde leiinga ved UiO og UiB eit møte. Der var det semje om at ein skal vidareføra senteret i Aten som rein infrastruktur. Det vil seia at ein får følgjande mandat:
- Naudsynt bistand for å oppnå løyve til utgravingar
- Tilgang til samlingar og museum for norske miljø
- Deltaking i det felles, nordiske biblioteket
Men ein skal ikkje lenger har ein eigen utsendt leiar ved senteret, slik ein har i dag. Perioden for sitjande senterleiar er forlenga ut 2020, deretter skal behova knytt til infrastruktur dekkast av lokalt administrativt tilsette, primært ei stilling, heiter det i referatet frå møtet.
I dag disponerer NIA to bilar, to leigde leilegheiter og to eigde leilegheiter. Ved å kvitta seg med dette er målet at instituttet skal kunne driftast med ei budsjettramme på 2-2,5 million kroner i året. I 2019 er budsjettet fem millionar, der UiB betalar 1,7.
UiB har hatt det administrative ansvaret og i tillegg styreleiar for NIA. UiO har formelt vore eigar av bygningane. No er planen at UiB formelt skal overta eigarskap for senteret. UiO skal betala brukaravgift for å sikra tilgang for sine miljø, og UiB skal utarbeida brukaravgifter for eksterne institusjonar.
Denne saken ble først publisert i På Høyden.