Denne artikkelen er produsert og finansiert av Universitetet i Oslo - les mer.

Ny kunnskap om korleis nye nerveceller vert danna i musehjernen, kan opna veg for nye måtar å behandla kognitiv svikt hos mennesker.

Injeksjon av mjølkesyre gav fleire nerveceller i musehjernen

Mjølkesyre er viktig når hjernen dannar nye nerveceller, noko som kan motverka Alzheimer. Forsøk med mus viser at effekten varierer med korleis mjølkesyra vert tilført.

Tidlegare forsking har påvist at når eit protein i cellemembranen kalla HCA1 vert aktivert av mjølkesyre, vert det danna fleire blodårer i hjernen. Det kan potensielt vera som eit forsvar mot aldersrelatert nedgang i kognitive evner, som til dømes Alzheimers.

Alle celler har eit signalsystem. Dei sender ut og tek imot signalmolekyl via reseptorer. HCA1 er ein reseptor, eit protein med ein kjemisk struktur som bind saman signalmolekyl i cellene.

Nye nerveceller er eit anna viktig forsvar mot svekka mental funksjon. I den vaksne hjernen vert dei nye cellene i hovudsak danna i to soner.

Kroppen dannar mjølkesyre når vi trenar. Men forskinga på danning av nye blodårer i hjernen viste at mjølkesyre tilført som injeksjonar, kan gje same effekt.

Det kan vera nyttig i behandling av dei som er for sjuke eller svake til å trena vanleg.

Funn om proteinet i hjernen kan opna vegen for nye måtar å behandla kognitiv nedgang på. Marvin Lambertus forsker på hjerneceller.

Mjølkesyre og saltvatnsløysing

Spørsmålet var om danninga av nye nerveceller vart påverka av aktivering av HCA1-proteinet på same måte som danning av blodårer, og i tilfelle korleis.

Det har Marvin Lambertus, doktorgradsstudent ved Farmasøytisk institutt på Universitetet i Oslo, undersøkt.

– Vi samanlikna vanlege mus med mus der genet for HCA1 er slått av. Slike vert kalla HCA1 knockout-mus. Samanlikninga set oss i stand til å observera funksjonen til HCA1-proteinet i korleis nerveceller vert danna, forklarar han.

Musene vart sette på ulike regime. Nokre vart sette i hardtrening, med intensiv intervalltrening fem dagar i veka i sju veker. Ei anna gruppe fekk injeksjonar med mjølkesyre, medan ei kontrollgruppe fekk injeksjonar med saltvatnsløysing.

Forsøka viste at det var forskjellar mellom musene, men òg mellom dei to hjernesonene. I begge sonene vart danning av nerveceller stimulert av trening hjå begge variantane mus.

Når du trenar, dannar kroppen mjølkesyre som potensielt kan vera eit forsvar mot Alzheimers.

Mann eller mus

– I den eine sona var det derimot ein forskjell når mjølkesyra vart tilført som injeksjonar. Hjå knockout-musene, der aktiveringa av proteinet var slått av, fann vi ingen effekt, fortel Lambertus.

– Men hjå vanlege mus førte injisert mjølkesyre til at det vart danna fleire nerveceller.

At proteinet HCA1 har ei slik rolle i korleis nye nerveceller vert danna, kan opna vegen for nye måtar å behandla kognitiv nedgang på.

– I denne samanhengen er det likegyldig om du er mann eller mus. Inni er vi så like at det er dei same mekanismane som styrer oss.

Referanse:

Marvin Lambertus mfl.: L‐lactate induces neurogenesis in the mouse ventricular‐subventricular zone via the lactate receptor HCA1. Acta Physiologica, 2020. Sammendrag. Doi.org/10.1111/apha.13587

Nye nerveceller er eit anna viktig forsvar. I den vaksne hjernen vert dei i hovudsak danna i to område: den subgranulære sona i hippocampus-området (SGZ) og den ventrikulær-subventrikulære sona (V-SVZ).

Vi kjenner alle til at kroppen dannar mjølkesyre når vi trenar. Men forskinga på danning av nye blodårer i hjernen viste at mjølkesyre tilført som injeksjonar kan gje same effekt. Det er inga orsaking for dei som ikkje kjem seg opp av sofaen, men kan vera nyttig i behandling av dei som er for sjuke eller svake til å trena vanleg.

Powered by Labrador CMS