Politisk sommel forseinkar grøn energi

Lange politiske diskusjonar om kva virkemiddel som skal innførast gjer at investeringar i fornybar energi blir utsette.

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Norske politikarar har diskutert innføringa av grøne sertifikat sidan 2001. Dei grøne sertifikata er ei støtteordning til produsentar av fornybar energi og skal etter planen innførast 1. januar 2012.

Men den lange politiske diskusjonen om sertifikata gjer at investorar i fornybar energi utset investeringane sine – også dei investeringane som kunne lønt seg utan støtteordningar.

– Investorane spør kvifor dei skal investere no, når dei kan vente til det kanskje blir enda meir lønsamt neste år, seier forskar Kristin Linnerud ved CICERO Senter for klimaforskning.

For å unngå at investorane blei sittande på gjerdet, ga politikarane tidleg eit løfte om at kraftverk som blei bygde etter 2004 ville bli inkluderte i eit framtidig støtteregime.

– Våre funn tydar på at investorane ikkje har trudd på dette løftet, seier Linnerud.

Kva er optimalt?

Ifølgje Linnerud fører politikarane sin lange leit etter det «optimale» virkemiddelet til at lønsame prosjekt blir utsette i lang tid.

– Kanskje er det betre å innføre verkemiddel som ikkje er optimale, men som er lettare å få implementerte, seier ho.

Grøne sertifikat har vore vanskeleg å få innført mellom anna på grunn av forhandlingar med Sverige.

Linnerud peikar på at det langt enklare systemet med feed-in-tariffar, som gir investor nokre øre ekstra på toppen av straumprisen, er ei alternativ mulegheit. 

– Det finst mange innvendingar mot å bruke feed-in-tariffar, men det ville ikkje ha hatt den ekstra politiske kostnaden som det har når avgjersler blir utsette. 

Samarbeid med bransjen

Linnerud har saman med kollegaer ved NTNU undersøkt investeringsviljen både hos små og store vasskraftinvestorar. Undersøkinga er ein del av forskingsprosjektet PURELEC som ser på korleis klimapolitisk usikkerheit påverkar investorar sin oppleving av risiko og derfor investeringstakt i fornybar energi.

(Illustrasjon: Per Byhring)
(Illustrasjon: Per Byhring)

Nord Trøndelag Energi, Statkraft og Agder Energi Vind (SAE Vind) er med i prosjektsamarbeidet.

– Å samarbeide med bransjen er både givande og utfordrande. I eit slikt samarbeid vil problemstillingar der deira interesser står i sentrum bli prioriterte. Ofte har vi samanfallande interesser, men ikkje alltid, seier Linnerud.

Bransjen har eit bedriftsperspektiv, og ønskjer resultat som kan hjelpe dei å ta betre avgjersler. Forskarane på si side har eit samfunnsperspektiv og ønskjer resultat som i tillegg kan hjelpe styresmaktene å ta betre avgjersler.

– Det er derfor heilt avgjerande at vi har med representantar for regulator og forvaltning i referansegruppa, nemleg ENOVA og Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE). Desse medverkar til å balansere fokuset i forskinga, avsluttar Kristin Linnerud. 

Powered by Labrador CMS