Denne artikkelen er produsert og finansiert av Universitetet i Agder - les mer.
– Når alkoholen får stor plass hos dei vaksne, får barna mindre plass. Det er ikkje godt for barna, seier forskar Siri Håvås Haugland.(Illustrasjon: Dmytro Zinkevych / Shutterstock / NTB scanpix)
– Foreldre bør ikkje drikke seg fulle når dei er saman med barna
Foreldrefyll kan gi uheldige konsekvensar for barna, hevdar rusforskar.
– Når alkoholen får stor plass hos dei vaksne, får barna mindre plass. Det er ikkje godt for barna. Mitt råd er at foreldre ikkje drikk seg fulle når dei er saman med barna, seier Siri Håvås Haugland.
Ho er rusforskar ved Universitetet i Agder (UiA) og forskar mellom anna på korleis alkoholbruken til foreldra påverkar barna deira.
Negative konsekvensar
Valdserfaringar og erfaringar med seksuelle krenkingar er langt vanlegare blant unge som har sett foreldra fulle enn dei som ikkje har det. Det kjem fram i studien Haugland og kollegaene hennar publiserte i tidsskriftet Child Abuse Review i november 2019.
Studien er gjennomført blant 8600 norske ungdommar. Forskinga dreiar seg om foreldre som ikkje er rusavhengige, men som har eit vanleg forhold til alkohol og innimellom vert fulle.
– Sjølv det å ha sett foreldre fulle nokre få gongar gav auka risiko for negative livserfaringar. Desto oftare ungdommane hadde vore saman med fulle foreldre, desto vanlegare var det å ha opplevd ulike former for vald og seksuelt krenkande hendingar, seier Haugland.
Vald og sex
Studien viser ein tydeleg samanheng mellom vald og seksuelt krenkande hendingar og det å ha sett foreldra fulle månadleg eller oftare.
Forskarane veit ikkje om ungdommane i studien har opplevd dei negative hendingane mens foreldra var fulle eller kven som har krenkt dei.
Tidlegare forsking stadfestar derimot at det skjer meir vald og seksuelle overgrep i fuktige samanhengar anten utført av foreldre eller andre vaksne som er til stades.
– Det kan også tenkjast at omsorga frå foreldra si side vert svekt når dei drikk, og at ungdommane i større grad vert sårbare også på arenaer utanfor heimen. Dette ønskjer vi å undersøkje vidare ved å sjå på samanhengen mellom alkoholbruken til foreldra og utøvinga deira av foreldrerolla. I tillegg vil vi sjå nærare på samanhengen mellom alkoholbruken hos foreldra og helsa hos barna, seier Haugland.
Andre vert ramma av rusbrukaren
Rusforskinga har tradisjonelt vore mest oppteken av han eller ho som bruker alkohol. Dei siste åra har derimot forskarane interessert seg like mykje for konsekvensane av alkoholbruken for andre enn dei som drikk, til dømes folk som vert ramma av trafikkulykker, fallulykker, vald og overgrep.
Forskarane kallar dette tredjepartsskade eller utilsikta skade. Negative konsekvensar for tredjeparten kan innebere alt frå irritasjon over bråk og forsøpling til alvorlege overgrep og drap.
Verdas Helseorganisasjon har utpeikt tredjepartsskade knytt til alkoholbruk som eit prioritert forskingsområde, og fleire land har sett av forskingsmiddel til dette.
I tida framover vil UiA og Siri Håvås Haugland halde fram med å forske på dei som vert ramma av at andre drikk. Saman med NTNU og Oxford Brookes University gjennomfører UiA no fleire studiar om foreldre, barn og alkohol i forskingsprosjektet Foreldres alkoholbruk, vanskelige livserfaringer og helse.
Barnevakt med vinflasker
– Foreldre vil vanlegvis ikkje at barnevakta skal ha med seg to flasker vin når oppgåva er å ta vare på barna deira. Men det ser ut til at nokre foreldre gjer ei feilkopling når dei sjølv drikk seg fulle og passar eigne barn, seier Haugland.
Annonse
Ho ser nokre felles trekk mellom såkalla vanlege foreldre som drikk seg fulle framfor barna og dei alkoholavhengige foreldra med få sperrar på dette området.
– I alle fall kan ein tenkje at desse to typane foreldre opptrer likt når dei er fulle, men kva som skjer elles veit vi lite om, til dømes om dei har andre innstillingar til barneoppseding, har dei ei grunnleggjande annleis haldning til det å vere foreldre og om dei til dømes overlet meir til barnet?
Fyll og følelsar
Forskaren understrekar at rus er ei sjølvsentrert oppleving. Den som er rusa, er mindre oppteken av andre og meir av seg sjølv og eigen rus.
– Tidlegare forsking på dette viser at rusbruk går utover barn som lever med rusavhengige foreldre, seier Haugland.
Forskarane vil no studere om foreldre som synest det er greitt å drikke seg full saman med barna også gir dei mindre emosjonell støtte, eller har andre sider ved måten å vere foreldre på som kan vere uheldig for barn.
Om forskingsprosjektet
UiA, NTNU og Oxford Brookes University samarbeider om forskingsprosjektet Foreldres alkoholbruk, vanskelige livserfaringer og helse. I prosjektet inngår også den treårige studien The Significance of parental practices and parental alcoholc use in relation to adverse life experiences and substace use among adolecents som UiA-stipendiat Barbara Carvalho arbeider med.
Referanser:
Siri Håvås Haugland, Lindsey Coombes og Arve Strandheim: Sexually Offensive or Violent Experiences More Common among Adolescents Exposed to Parental Alcohol Intoxication? Child Abuse Review, 2019. (Samandrag)
Siri Håvås Haugland: Hazardous alcohol use across generations -Parental and offspring hazardous alcohol use in the Nord-Trøndelag. Doktoravhandling ved NTNU, 2014. (Samandrag)