(Illustrasjonsfoto: Colourbox)

Kronikk: Vi lar dei eldre visne vekk

Over halvparten av eldre pasientar får i seg for lite mat og drikke. Vi veit kva som må til, men gjer det ikkje.

Kronikk om verdiar

Under Forskingsdagane 2017, som har temaet «Verdiar», trykkjer forskning.no, Firda og Sogn Avis ein serie kronikkar skrivne av forskarar ved Høgskulen på Vestlandet og Vestlandsforsking.

Dette kan vere deg – om ti, tjue eller tretti år – alt etter kor gamal du er i dag: Du er 86 år, og bur aleine i heimen du har delt med familien i fleire år. Du fekk hjernebløding for fleire år sidan. Med målretta trening vann du tilbake mange av kroppsfunksjonane. Men fortsatt har du vanskar med å tygge og svelge.

Du treng god tid med måltidet, for å unngå at maten set seg fast i halsen. Maten må ikkje vere for tynn eller for tjuktflytande, for tørr eller gi tyggemotstand. Maten finn du i porsjonsbeger i kjøleskapet, eller det kan vere satt fram brødmat eller graut.

Du et aleine ved kjøkkenbordet. Du har ikkje mykje lyst på mat, og kjenner heller ikkje at du er svolten. Maten smakar deg lite, og innimellom finn heimetenesta mat og drikke urørt. Du meiner du har ete nok. Du kjenner heller ikkje tørste, sjølv om munnen er tørr.

Du er ute av form, og søv i stolen når heimetenesta kjem innom for å sjå til deg. Dei skal hjelpe deg med tablettane.

Og slik går dagane.

Slik risikerer du at du vert underernært, om ikkje nokon av dei rundt deg tar ansvar og forstår at noko må gjerast. TV2 fortalde i ein reportasje i fjor vår om ein eldre enkemann som vart vurdert til å vere dement. Han hadde gått mykje ned i vekt, åt lite og verka forvirra. Tilstanden betra seg raskt med ernæringstiltak. Det viste seg at han var underernært, og ikkje dement, slik sjukepleiarane først trudde.  

Vi veit kva som må til

Nasjonalt råd for ernæring slår fast, at gapet mellom kva vi ønskjer å få til og kva som faktisk vert gjort, er stort. Vi kjenner utfordringane: mangel på ernæringskunnskap hos helsepersonell, ingen stillingar for ernæringsfysiologar i kommunane, for få ernæringsfysiologar på sjukehusa, for tronge økonomiske rammer, for dårleg bemanning, og for lite opplæring av helsepersonell. Lista er lang.

Vi veit at minst ein av tre eldre pasientar i sjukehus er underernært eller står i fare for å bli det. I sjukeheim er omfanget minst like stort. Og om lag halvdelen av dei heimebuande eldre med heimetenester, er i same situasjon som dei eldre i institusjon. Omfanget er stort. Problemet er ikkje at vi ikkje veit kva vi kan gjere. Problemet er haldninga vår til alderdommen: Noko skal dei døy av, tenkjer vi. Vi seier det kanskje ikkje høgt. Men i stor grad aksepterer vi at våre eldre visnar vekk.

Vi kjenner på ei uro. Det kjennest ikkje heilt bra. Statsministeren tok det opp i nyttårstalen. Ho fortalde om enkle grep: å flytte middagen til seinare på dagen i sjukeheimane, og bruke meir tid ved bordet. Det gjer at pasientane et betre, søv meir, vert meir aktive og legg på seg. Utan tvil eit bra tiltak. Men problemet er meir samansett. Tiltaket er avgrensa. Fleire grunnleggande grep må til.

… men vi resignerer

Det er ein taus aksept for at vi ikkje evnar å hjelpe alle som slit med å få i seg nok mat. Det skjuler seg i handlingane våre og i korleis vi ordlegg oss. Då helseministaren besøkte ein sprengfull Gaular bygde- og sjukeheim i juni, hadde lokale politikarar alt føreslege å flytte middagsmåltidet til seinare på dag. Institusjonsleiaren svara då at dei ikkje hadde ressursar nok. Med ti ekstra senger hadde dei tilsette nok med å få kvardagen til å gå rundt.

Med andre ord  – vi har ikkje tid til å gjere enkle grep for å sikre at pasientane får nok mat. Ei oppsiktsvekkande utsegn som burde skape reaksjonar. Helseministeren var til stades. Avisa Firda var til stades. Det skapte ikkje ramaskrik. Vi – som samfunn - aksepterer det utan å seie noko. Kanskje har vi resignert.

Vi har snakka om problemet i årevis, om kva som må til. Det viser att i ei rekke offentlege dokument: meldingar frå Stortinget, nasjonale utgreiingar, handlingsplanar frå Regjeringa, faglege retningslinjer med tilrådingar frå Helsedirektoratet, og lover og forskrifter frå departementa. Kvalitetsforskrifta var ikkje nok.

Heller ikkje ein juridisk garanti om verdige tilhøve for pasientane. Politisk merksemd kan hjelpe, men ikkje utan reell makt og vilje til å gjennomføre. Gode intensjonar kan vanskeleg følgast opp utan at ressursar følger med.

Vi må gå i oss sjølve

Endring av arbeidsmåtar tek tid. Mange innan helsevesen og samfunnsliv må samarbeide for å få til betring. Vi må ta vare på og løfte fram dei som engasjerer seg for situasjonen til dei skrøpelege eldre. 

Vi må spørje oss sjølve: Kva slags alderdom vil vi ha? Korleis kan dagane våre som eldre hjelpetrengande bli? Er vi villige til å la dei mange skrøpelege eldre fortsette å visne vekk som no? Og kor mykje er samfunnet villig til å ofre for å betre situasjonen?

Ei hovudutfordring er at problemet er veldig skjult. Dei fleste av oss veit lite om kva som skjer på innsida av institusjonane, eller i heimane til eldre hjelpetrengande.

Sjølv dei som jobbar i eldreomsorga, kan bli blinde. Det gøymer seg i gjeremål og prosedyrar, i strukturar og arbeidsmåtar, i korleis bemanninga styrer innhald og mengde arbeid, og i dei faglege diskusjonane. Dei som ser kan oppleve å argumentere sterkt utan å bli høyrt. Til dømes når nokon treng selskap og hjelp for å få i seg mat og drikke.

Det slit å gå på akkord med eige fag, når sjukepleiar ikkje får gi pasienten det han treng, og ser han lir unødvendig overlast. Då er det ikkje rart at ein av to som jobbar i eldreomsorga, kan tenkje seg å jobbe ein annan stad.

Derfor må vi ikkje legge ansvaret aleine på skuldrane til helsevesenet. Det er vi som samfunn, som må bestemme oss for korleis vi ønskjer at dei skrøpelegaste av oss, skal ha det.

Kronikken vart først publisert av Firda og Sogn Avis.

Powered by Labrador CMS