Havsvala er Atlanterhavets minste stormfugl og framleis ein ganske så ukjend art. Men no er forskarar i ferd med å oppdaga fuglens løyndomar. (Foto: John Haugen)

Havsvalas løyndomar står for fall

Det er få fuglar vi veit så lite om som den nattaktive havsvala. Men no står forskarane framfor eit gjennombrot.

Ho er liten og sky. Ho veg knappe 30 gram, kan bli 30 år og kan legge bak seg 63 mil på under 40 timar. Havsvala er Atlanterhavets minste stormfugl og framleis ein ganske så ukjend art.

Men no skjer det saker og ting. Den mystiske stormfuglen har nemleg Trøndelags einaste fuglefjell som fast hekkestad. Langt vest i havet, om lag 20 kilometer utfor Leka, på det gamle fiskeværet Sklinna, kjem havsvala attende haust etter haust for å hekke.

Og kvar haust trekk og eit knippe forskarar frå Nord universitet utover til øya, som kanskje er mest kjent for å ha verdas største koloni av toppskarv.

Ein avvikar i fuglefjellet

Dei siste sju åra har forskarane oppheldt seg på Sklinna i ti dagar i strekk for å forsøke å finne ut meir om denne fascinerande skapningen på knappe 15 centimeter frå nebb til stjert. Og som sjeldan blir observert av folk, først og fremst av di han er nattaktiv.

– Havsvala er ein veldig mystisk fugl. Ho er ein avvikar i fuglefjellet, fortel forskar og prosjektleiar Rolf Terje Kroglund, førstelektor ved Nord universitet.

– For havsvala ventar med å hekke til alle dei andre er ferdig. Ho kjem inn for å hekke i september og legg berre eitt einaste egg i slutten av månaden.

Egget legg ho i reirgangane til lundefuglen. Ho rugar på egget i opp mot 45 dagar, og ungen ligg i reiret heilt fram til andre halvleik av november.

Kroglund fortel at det skuldast faren for rovfugl at fuglen hekkar så mykje seinare enn alle andre. 

– Ho er nok engsteleg for å bli tatt av stormåken, seier han.

Havsvala på Sklinna blei nyleg merka med databrikker. (Foto: John Haugen)

Merking med databrikker

Når dei skal fange havsvala, nyttar forskarane eit spesialnett. Og for å lokke den skye fuglen opp og ut set dei på musikk. Ikkje tonar frå The Eagles eller Marion Ravn sjølvsagt, men derimot autentiske lydopptak av havsvala sjølv.

Deretter blir fuglane ringmerka. Forskarane tar også biometriske mål og fjørprøver for DNA-analyse i samarbeid med Norsk institutt for naturforskning (NINA).

Og no tyder mykje på at Kroglund og kompani står framfor eit gjennombrot i forskingsprosjektet. Eit gjennombrot som høgst truleg vil skyte fart i deira jakt på svar kring fuglens trekkmønster og så bortetter.

Fanga dei same havsvalene på nytt

– Det store for oss no er at vi kan dokumentere at vi klarer å fange dei same havsvalene på nytt år etter år. I fjor haust ringmerka vi 29 havsvaler. 15 av desse fekk vi tak i på ny denne hausten. Det er informasjon som gjer at forvaltningsregimet vil kunne innfri vårt ønske om å merka havsvalene med såkalla lysloggar frå og med hausten 2018, fortel Kroglund.

Ein lysloggar er ein sendar som er mindre avansert og betydeleg billigare i innkjøp enn ein satellittsendar. Han måler mellom anna lysmengd, som gir viktig data om både avstand og kor fuglen har vore.

– Men for å kunne nytte ein slik lysloggar er du heilt avhengig av å kunne fange fuglane på ny, for å få tak i sjølve databrikka. Og det at vi no lukkast med nettopp dette, syner at lysloggarane er ei fornuftig instrumentering.

Første gongen havsvala vart påvist hekkande i Noreg var ytst i Lofoten i 1961. Sidan 2011 er 125 havsvaler ringmerka på Sklinna. 43 av desse no i haust.

Fylkesmannen i Nord-Trøndelag bidreg finansielt til forskingsprosjektet og no vonar Kroglund på møte med Miljødirektoratet om kort tid, slik at det kan gå i gang med neste steg av prosjektet i 2018.

Fann stormsvale

I haust gjorde forskarane ein oppsiktsvekkande observasjon på Sklinna. For første gong sidan 2008 klarte dei å påvise stormsvale her ute i havgapet. Stormsvala er noko større enn havsvala, men dei er elles ganske like og har same hekketurnus.

På Røst vart stormfuglen i gamle dagar kalla «trollfugl», av di fiskarane her aldri såg han.

– Men dei høyrde han særs godt om natta, og det er ikkje rart dei kalla han «trollfugl», for lyden er heilt spesiell og litt skremmande og morosam, ler Kroglund.

Lenker:

Her kan du høyre korleis havsvala og stormsvala lyder. 

Powered by Labrador CMS