Forskarar finn auka konsentrasjonar av kvikksølv i torsk, sjølv om utsleppa av miljøgifta er reduserte. Kvifor er dette tilfelle? (Foto: Shutterstock / NTB Scanpix)

Meir kvikksølv i stor torsk

Korleis kan konsentrasjonen av kvikksølv i torsk auka når det samstundes er mindre utslepp av miljøgifta? No trur forskarar at dei har løysinga på gåta.

Historisk bruk og utslepp av kvikksølv er årsaka til at kvikksølv lekk ut til miljøet, og grunnstoffet har funne vegen til torsken som sym rundt i Oslofjorden. Kvikksølv er skadeleg for nervesystemet og kan ha konsekvensar for finmotorikk, kognitive evner, merksemd og hugsen.

Norsk institutt for vannforskning (NIVA) har teke prøver av torsken i Oslofjorden kvart år sidan 1984. No er ei forskingsgruppe klar med siste nytt om storbyfisken. Dei har kanskje forklaringa på kvifor konsentrasjonen av kvikksølv ser ut til å ha auka i torsken dei siste tretti åra.

Meir kvikksølv

I ei rekkje studiar har forskarar undersøkt kva prosessar som speler inn på kvikksølvnivået i dyreliv. Dei siste åra er nedfallet av kvikksølv i Søraust-Noreg redusert, og ein skulle tru nivået i dyrelivet òg var gått ned.

Men den seinaste tida har auka nedbør ført til ei meir intens utvasking av jorda ved innsjøane og gjennom prosessar ein ikkje heilt kjenner enno, kan dette ha gjort kvikksølv meir tilgjengeleg for opptak i organismar. Det kan vere éi årsak til dei auka kvikksølvnivå i oslotorsken.

Ei anna forklaring er om torsken har endra på dietten sin dei siste åra, og no et føde som allereie har meir av miljøgifta i seg – men diverre manglar forskarane samanlikningsgrunnlag for å undersøke dette nærmare. NIVA-forskar Anders Ruus trur likevel at forskingsgruppa hans kan vere på sporet av noko.

– Analysane våre viste at nær ein tredel av variasjonen i kvikksølvkonsentrasjonar kunne forklarast av torskelengd åleine, seier Ruus.

Auking i storleik kan altså vere årsaka til at torsken har meir kvikksølv i seg no enn han hadde før.

– Storleiken på dei torskane vi har teke prøvar av er jamt over vorten større i løpet av dei siste tiåra, og dette kan faktisk vere hovudforklaringa på at aukinga i kvikksølv har vore så markant. Om ein korrigerer for lengda til torsken er ikkje aukinga i kvikksølvnivået dei siste ti åra signifikant likevel, forklarar forskaren.

Elskar protein

I toksikologien er det er ei kjent sak at større og eldre individ har høgare konsentrasjonar av nokre miljøgifter enn små og unge individ. Det kjem av ein prosess kalla bioakkumulering: at ei miljøgift enklare takast opp gjennom føda enn ho vert skild ut, og soleis byggjer seg opp – akkumulerer – i individet over tid.

Kvikksølv i si reine form blir ikkje så lett teken opp i organismar; men i akvatiske miljø der det ikkje finst oksygen, kan bakteriar omdanne kvikksølv til sokalla metylkvikksølv. Dette stoffet bind seg enkelt til protein, og slik får kvikksølvet innpass i biologisk liv.

Di høgare opp i næringskjeda ein kjem, di høgare er konsentrasjonen av metylkvikksølv. Sambindinga trivst spesielt godt i proteinrikt vev, som til dømes musklar, og det er nettopp denne delen av torsken vi helst et. Slik kan vi menneske òg få i oss kvikksølv.

Kvifor vert torsken større?

Det er to moglege forklaringar for kvifor gjennomsnittstorsken tilsynelatande har vakse: Anten har det vore ei endring i torskebestanden, eller så finn vi endringa i metoden for prøvetaking, mot at ein fiskar større torsk.

– Det er gjort undersøkingar med strandnót i Indre Oslofjord, og sidan år 2000 har det vore dårleg med rekruttering i torskebestanden, fortel Ruus. Dårleg rekruttering vil seie at det er dårleg tilvekst i bestanden. Det veks opp færre yngel og ungfisk, slik at bestanden etter kvart er samansett av dei same fiskane som blir eldre år for år. 

– I 2014 var det ikkje observert ungfisk i det heile, seier Ruus.

Årsakene til slike endringar i torskebestanden er ukjende og krev meir forsking.

Men, det kan også vere slingringsmonnen i protokollen for utveljing av fisk som gjer at ein kan sjå ein effekt som ikkje nødvendigvis er der.

– I løpet av dei åra som har gått sidan vi starta undersøkingane, har forskarar måtta balansere behovet for stadig meir prøvemateriale per fisk med behovet for å halde prøvetakingsmetoden så uendra som mogleg. Sidan det et ein slingringsmonn for lengd i protokollen, kan det vere at vi gått for stadig større fisk, jamvel om vi har fylgt retningslinene, seier Ruus.

Uansett hadde over førti prosent av variasjonen i kvikksølvkonsentrasjonar andre forklaringar enn lengd, og Ruus poengterer at lengd ikkje kan vere einaste årsak for aukinga i kvikksølvnivå. Meir forsking er naudsynt for å undersøke andre forklaringsmodellar.

Referansar:

Ruus A, Hjermann DØ, Beylich B, Schøyen M, Øxnevad S, Green NW. Mercury concentration trend as a possible result of changes in cod population demography. Marine Environmental Research (2017), http://dx.doi.org/10.1016/j.marenvres.2017.07.018 (In press)

Health Effects of Exposures to Mercury. United States Envrionmental Protection Agency (EPA). 

Denne studien er utført av NIVA og er finansiert av Forskningsrådet. Datainnsamlinga er ein del av det norske bidraget til Oslo-/ Paris-konvensjonen for vern av det marine miljø i Nordaust-Atlanteren (OSPAR) sitt Joint Assessment and Monitoring Programme (JAMP). Dette gjerast av NIVA på oppdrag frå Miljødirektoratet.

Powered by Labrador CMS