Om lag 1,5 millioner mennesker i Norge har økt risiko for alvorlige komplikasjoner eller død som følge av influensa.  (Illustrasjonsfoto: KPG_Payless / Shutterstock / NTB scanpix)
Om lag 1,5 millioner mennesker i Norge har økt risiko for alvorlige komplikasjoner eller død som følge av influensa. (Illustrasjonsfoto: KPG_Payless / Shutterstock / NTB scanpix)

Årlege influensavaksinar hindrar ikkje naturleg immunitet

Ei nyleg publisert studie syner at det er ingen negative følgjer for immunforsvaret ved å ta årlege vaksinar.

Published

Tidlegare studiar har antyda at årlege influensavaksinar kan føre til at ein ikkje utviklar ein naturleg immunitet og difor vil vere meir utsett for å få influensa under ein pandemi, eller dersom sesongvaksinen ikkje samsvarar med viruset som sirkulerer i samfunnet.

Men no har forskarar ved Influensasenteret i Bergen nyleg publisert ein stor studie som konkluderer med at årlege influensavaksinar ikkje gjer ein meir mottakeleg for influensavirus i desse tilfella.

– Desse funna er kjempeviktige fordi dei syner at det er utelukkande positivt å ta årlege influensavaksinar, og at ein difor kan halde fram med å tilrå vaksine til risikogruppene, seier Professor Rebecca Cox. Ho er leiar for Influensasenteret i Bergen.

Betre førstelinjeforsvar

Professor Rebecca Cox er leiar for Influensasenteret i Bergen. (Foto: Britt Kristin Ese / UiB)
Professor Rebecca Cox er leiar for Influensasenteret i Bergen. (Foto: Britt Kristin Ese / UiB)

Forskarane ved Influensasenteret har over ein periode på fem år følgt 250 helsearbeidarar. Desse fekk ein influensavaksine i 2009 og vidare årleg vaksinasjon eller ingen vaksinasjon i perioden 2010 til 2013. 3000 blodprøvar blei samla inn.

Resultata synte at helsearbeiderane som fekk årleg vaksine og dei som ikkje fekk årleg vaksine, hadde det same andrelinjeforsvaret. Det vil seie antistoff som beskyttar mot infeksjon. 

Førstelinjeforsvaret, altså celler som kan drepe virusinfiserte celler etter at virus har komme inn og smitta cellene i øvre luftveg, var betre hos helsearbeidarane som hadde fått årleg vaksinasjon. Dei som hadde fått årlege vaksinar, hadde ikkje blitt hindra i å utvikle naturleg immunitet.

Viktig for risikogruppene

Nær 1,5 millionar menneske i Norge høyrer til grupper som har auka risiko for å få komplikasjonar av influensa. Fordi influensavirus endrar seg heile tida, er dette den einaste vaksinen ein anbefalar å ta årleg.

– For risikogruppene kan det å bli smitta føre til lungebetennelse og ein kan hamne på sjukehus, for dei eldre kan det bety at dei kanskje ikkje kjem heim igjen etter sjukehusopphaldet, og i verste fall kan dei døy. Difor er det så viktig at ein kan halde fram med å tilrå årlege vaksinar, og at ein veit at dette ikkje hindrar naturleg immunitet, seier Cox.

– Influensavaksinar har blitt brukt i over 50 år, men det er veldig få studiar som klarar å følge dei same personane år for år. Dette er det første store studiet som baserer seg på ei gruppe som kan dokumentere kva influensavaksinar dei har fått og som veit når dei har hatt influensa.

Referansar:

Trieu, M-C. m.fl: Long-term Maintenance of the Influenza-Specific Cross-Reactive Memory CD4+ T-Cell Responses Following Repeated Annual Influenza Vaccination. The Journal of Infectious Diseases. (2017) https://doi.org/10.1093/infdis/jiw619 

Folkehelseinstituttet: Vaksineanbefalinger influensasesongen 2017-2018. (2017)