Forskarar vil ta på seg forklea og koke, steike og tørke taren for å undersøkje innhaldet av jod før og etterpå. Det er allereie kjent at det forsvinn ein del jod frå taren under matlaging. (Foto: Arne Duinker, NIFES)

Kan tare bli den nye poteta?

I fjøresteinane våre veks ei grønsak som er full av næring men som vi nesten ikkje nyttar. No vil forskarane undersøkje om taren kan få ein større plass på den norske tallerkenen.

Om prosjektet:

Prosjektet skal gå over to og eit halvt år, og det skal gjennomførast saman med Ocean Forest og Danmarks Tekniske Universitet.

Det er finansiert av Fiskeri- og havbruksnæringens forskningsfond.

– Vi vassar bokstaveleg talt i denne grønsaka, og det er en ny og potensielt stor næring på trappene med dyrking av tare. Likevel har vi  lite kunnskap om korleis vi kan nytte den.

Det seier Arne Duinker, forskar hos Nasjonalt Institutt for ernærings- og sjømatforskning (NIFES). Han startar no opp eit prosjekt der forskarar skal undersøkje taren sitt potensiale som matvare, men også den risikoen som er knytt til å nytte tare i matlaginga.

Tare allereie nytta som mat i Asia

I Asia har tare lenge vore ein naturleg ingrediens i kosthaldet, men i Europa har vi til no ikkje vore flinke til å utnytte denne ressursen.

– Bakteppet her er at verda er på jakt etter nye matressursar, og vi ønskjer å hauste meir frå det store havrommet. Asia har lenge utnytta breidda i sjømat, og no kjem Europa etter, men vi har lite kunnskap om taren, seier forskar Bjørn Liaset frå NIFES. 

– Det finnast ikkje eit regelverk som set grenseverdiar for innhaldet av framandstoff i tare, og produsentar og mattilsyn i Europa er usikre. Vi set difor i gong dette prosjektet for å skaffe kunnskap og legge grunnlaget for eit regelverk.

Ei naturleg kjelde til jod

Tare inneheld fleire næringsstoff som det er mangel på i kosthaldet i Europa, og det er særleg interessant at taren inneheld mykje jod.

Noreg og store delar av resten av Europa har for lite jod i kosten, og i fleire land tilset ein jod i fôr til mjølkekyr og i industrisalt for å unngå mangelsjukdomar. Mangel på jod kan gi lavt stoffskifte, og det er den viktigaste årsaka til hjerneskade hos nyfødde som det går an å hindre.

Her kjem tare inn som ei naturleg og svært god kjelde til jod i framtida. Det er likevel ikkje heilt uproblematisk, for ein skal heller ikkje få i seg for mykje jod.

Berre ein liten porsjon med tare kan gjere at ein kjem over maksimumsgrensa på 600 mikrogram jod per dag.

– Teoretisk sett vil nokre få gram med fersk tare kunne gjere at ein kjem over grensa for maksimalt dagleg inntak. Tare kan ikkje bli den store matressursen viss ein berre kan ete så lite av det. Samtidig veit vi at veldig mange asiatar har tare som ein viktig del av kosthaldet utan at det gir nemneverdige problem, seier Liaset.

– Vi vil undersøkje korleis høge dosar av jod påverkar oss, og vi må undersøkje om vi tåler meir jod frå tare enn frå til dømes salt.

Skal koke og steike tare på kjøkkenet

NIFES-forskarane vil ta på seg forklea og koke, steike og tørke taren for å undersøkje innhaldet av jod før og etterpå. Det er allereie kjent at det forsvinn ein del jod frå taren under matlaging, og forskarane vil no kartlegge kor mykje jod det blir verande att i taren etter dei ulike behandlingsmetodane.

Vidare vil dei sjå på korleis jod frå tare blir tatt opp i kroppen, og korleis dette påverkar stoffskiftet og helse.

– Tidlegare undersøkingar viser at det kan vere ein slow release av jod frå tare. Sidan tare er langsamt fordøyeleg, så vil det kanskje også vere eit langsamt opptak av jod, og dette kan gjerne vere gunstigare enn for eksempel raskt opptak frå salt, seier Duinker.

– Vi et ikkje tare kvar dag, og vi vil ikkje gjere det i framtida heller. Difor vil vi gjere forsøk med rotter der vi vil sjå på om vi kan tole meir jod frå tare om ein får det spreidd i fleire porsjonar, seier Liaset.

Framandstoff også i tare

Ein anna side ved tare som må undersøkjast nærare er innhaldet av framandstoff. Samanlikna med annan sjømat inneheld tare meir av tungmetalla kadmium og uorganisk arsen, og taren kan også innehalde meir kopar.

Prosjektet skal kartlegge mengda av dei ulike framandstoffa, og om dei blir tatt opp og lagra i kroppen.

– Mange er skeptiske til taren på grunn av framandstoffa, men framandstoff er det jo i det meste av det vi puttar i oss. Viss vi for eksempel skulle begynne å ete potet for første gong no, så ville vi kanskje vore bekymra på grunn av at potet kan innehalde giftstoffet solanin. I praksis går jo dette bra, vi et jo mykje potet, seier Duinker.

– Det ligg eit spennande potensiale i tare til å få ein større plass på norske tallerkenar.

Powered by Labrador CMS