– Endring til det betre skjer i samtale mellom folk, og da blir oppgåva til psykiske helsetenester å leggje til rette for ein open dialog som ikkje har som mål å endre noko inni den enkelte, seier forskar Tore Dag Bøe, førsteamanuensis ved Universitetet i Agder. (Foto: Science Photo Library, NTB scanpix)
– Endring til det betre skjer i samtale mellom folk, og da blir oppgåva til psykiske helsetenester å leggje til rette for ein open dialog som ikkje har som mål å endre noko inni den enkelte, seier forskar Tore Dag Bøe, førsteamanuensis ved Universitetet i Agder. (Foto: Science Photo Library, NTB scanpix)

– Du treng ikkje forstå den psykisk sjuke

Det er viktigare å få ungdom som slit psykisk til å snakke med folk enn å forstå og løyse problema deira, meiner forskar. 

Publisert

Filosofisk tradisjon

Argument og teoretisk ballast til teoriane om dialogisk praksis hentar Bøe først og fremst frå Mikhail Bakhtin (1895–1975) og Emmanuel Lévinas (1906–1995). Han legg særleg vekt på tanken om dei ulike språknivåa, som Lévinas har utvikla.

Grovt forenkla kan ein forstå dei slik:

  • Det etiske språknivået, som dreiar seg om at nokon spør etter meg og at nokon treng akkurat meg.
  • Det ekspressive språknivået dreiar seg om at eg får uttrykkje meg og vere til stades med mitt i samtalen. 
  • Det hermeneutiske språknivået er ei samtale som dreiar seg om å søkje meining og innhald.

Det hermeneutiske språknivået er den samtaleforma ein føretrekkjer i terapi som skal auke innsikt og sjølvmedvit. Da søkjer ein etter meining og innhald for at pasienten skal bli klar over seg sjølv.

Tore Dag Bøe meiner det er like mykje tilfriskning i at den psykisk lidande får vere saman med dei andre og snakke på like vilkår, utan at det er noko ein skal forstå og endre.

Han ser på psykisk helse som langt meir enn sjelelivet og tankane til den enkelte. 

– Det dreiar seg om samspel mellom folk, seier Tore Dag Bøe, førsteamanuensis ved Universitetet i Agder (UiA).

Han har nyleg disputert for doktorgraden i psykisk helsearbeid. Her viser han fram ein ny metode som skil seg frå tradisjonelle psykoterapeutiske metodar.

Medan det i psykoterapien vert arbeidd med å gi pasienten innsikt i seg sjølv og livssituasjonen sin, har Bøe undersøkt ein arbeidsmåte han kallar dialogisk praksis, der familie og venner vert invitert til samtale med ho eller han som slit med å finne seg heime blant folk.

– Endring til det betre skjer i samtale mellom folk. Oppgåva til psykiske helsetenester blir da å leggje til rette for ein open dialog som ikkje har som mål å endre noko inni den enkelte. Eg kallar det livgivande dialog når alle får kome til orde, seier Bøe.

Kroppen vel så viktig som språket

Han understrekar at denne typen samtale ikkje dreiar seg om å forstå ei sak, men at dialog er ein måte å vere saman på. Det kroppslege samspelet er vel så viktig som det å finne dei rette orda og den rette forståinga.

– Dialogisk praksis dreiar seg om på kva måte vi snakkar saman. Som praktikar har eg vore oppteken av å få folk til å kome saman for å snakke. Sjølve måten du er saman med andre på er avgjerande for den psykiske helsa til den enkelte, seier Bøe.

Samtalen vert ein møtestad der konfliktar og spenningar kan løyse seg opp. Målet for møtet er å skape samtale der dialogen har stoppa opp. Samtalen skal dreie seg om samspelet mellom dei som er til stades, ikke om tankane til den enkelte. Denne forma for dialog dreiar seg meir om å gi til kjenne at ein godtar einannan enn at ein forstår einannan.  

Ønskjer å vere usynlege

Bøe er frå før utdanna sosionom og har arbeidd i fleire år på psykiatrisk poliklinikk på Sørlandet sjukehus.

Doktorgradsarbeidet er gjennomført i samarbeid med blant andre Avdeling for barn og unges psykiske helse (Abup). Åtte ungdommar som tok imot psykisk helsehjelp, deltok i prosjektet, og både ungdommane og andre i deira sosiale nettverk er intervjua.

Prosjektet har dessutan knytt til seg ei anna gruppe med ungdommar som har gitt verdifulle innspel til forskaren. 

Det grunnleggjande og tilsynelatande enkle spørsmålet Bøe stilte ungdommane, var: «Kva var det som gjorde at livet vart vanskeleg?»

Forskaren har oppdaga at når ungdommane beskriv kva som har gjort livet vanskeleg, beskriv mange av dei livet sitt på ulike sosiale arenaer.

Det dreiar seg om grunnleggjande forhold som å tørre å gå på skolen. Nokre av ungdommane beskriv at dei ønskjer å vere usynleg for dei andre. Ungdommane har det ikkje først og fremst vondt inni seg, men saman med dei andre.

– Dei har få stader der dei kjenner seg velkomne, og det finst på ein måte ikkje nokon plass for dei i verda. Det er der skoen trykkjer, og det er der vanskane for mange av dei startar, seier Bøe.

Han meiner det kan vere eit teikn på krise når samtalen stoppar opp, den enkelte trekkjer seg tilbake og går for seg sjølv. Dialog er på den andre sida eit teikn på at ting fungerer.

– Målet i dialogisk praksis er å få i gang samtalen og hjelpe ungdommane med å kome i dialog med folk. All respons frå eit anna menneske er samtidig ei verdsetjing av den andre, og dette poenget kan vi fort verte blinde for viss vi berre søkjer innsikt og forståing, seier Bøe.

Bestemorfilosofi

Odd Kenneth Hillesund er leiar ved familieeininga Abup i Kristiansand og er ein av dei som har arbeidd tett med Bøe under arbeidet med doktoroppgåva.

– Bøe har vist meg kor mykje det eg vil kalle ein eldgammal bestemorfilosofi kan bety for folk. Han gjer dei enkle tinga mellom oss viktige, dei små og kvardagslege tinga som dreiar seg om å bli sett og høyrt, og få svar på spørsmål og sjølv få stille spørsmål i ein samtale der alle går inn for å ha ein god tone, seier Hillesund.

Han meiner arbeidet er ei viktig påminning om kva psykisk hjelpearbeid i grunnen dreiar seg om.

– Dette arbeidet minner oss om at mykje teori og mykje prat fort står i vegen for menneskeleg samvær. Også vi i helsevesenet må ta innover oss at teoriar og snakk kan ta merksemda bort frå det saka gjeld, nemleg å vise omsorg og berre vere til stades for han eller ho som treng hjelp, seier Hillesund.

Referanse

Tore Dag Bøe: They say yes; they don´t say no” – Experiences of change in dialogical approaches to mental health – a qualitative exploration. Doktorgrad. Universitetet i Agder, 2016. ISBN: 978-82-7117-817-8  Sammendrag