Annonse

Slektsfosterheimar er som familie

Dei fleste ungar som blir plasserte tidleg og veks opp i slektsfosterheimar oppfattar desse heimane som familie. Dei ser i liten grad på seg sjølve som fosterungar.

Publisert

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Hva vi dør av, varierer avhengig av vår alder. De fleste som dør før fylte 70, dør av kreft. Lungekreft er den kreftsykdommen som flest dør av. Jo eldre vi blir, øker sjansen for å dø av andre sykdommer, eller ulykker. (Illustrasjonsfoto: www.colourbox.no)

- Men slektsfosterheimane er i endring, seier sosiolog Renee Thørnblad.

I si ferske doktoravhandling ser ho både på erfaringar frå ungar som veks opp i slektsfosterheimar, og korleis desse heimane er vorte offentlege barnevernstiltak.

Nemninga slektsfosterheim viser til ungar under offentleg omsorg som veks opp hos slekt eller i familiære nettverk.

- Veldig ofte er det tale om besteforeldre, eller rettare sagt bestemor, eller søstrer og tanter. Kjønnsvariabelen blir veldig tydeleg i slike fosterheimar - fedrene er mykje godt fråverande, fortel Thørnblad.

Avhandlinga til Thørnblad er ein oppfølging av Amy Holtans doktorgradsarbeid “Barndom i fosterhjem i egen slekt” frå 2002. Thørnblad har gjort ei kvalitativ undersøking og intervjua mange av ungane frå Holtans arbeid  7-8 år etter, då ungane hadde vorte mellom 18 og 22 år. Og ho kjem til dei same konklusjonane.

- Slektsfosterheimar er stabile heimar - minst like stabile som andre fosterheimar. Ungane som veks opp der omtalar og ser i stor grad på heimen som sin familie, seier Thørnblad.

Renee Thørnblad. Foto: (Foto: Sigrun Høgetveit Berg)

Tidlegare skepsis

Ho fortel at tidlegare var ein i barnevernssamanheng skeptisk til å bruke sleksfosterheimar. Ein var redd for den sosiale arven - når foreldra hadde problem, hadde truleg også besteforeldra problem.

Difor kom oppveksttilhøva til å bli ustabile, og ein meinte at fosterforeldra ikkje greidde å styre og ha kontrollen med kontakten mellom ungane og dei biologiske foreldra.

- Men det viser seg imidlertid at bestemødrene har regi på kontakten mellom barn og foreldre, oftare sterkare enn det ungane sjølve er klare over i oppveksten. Me snakkar jo her ofte om bestemødrer som har vorte sitjande med ansvar for barnebarn og sjølve gått til barnevernet, for å få hjelp til å avklare situasjonen dei og familien er komne i.

- Dei har visst kva som måtte gjerast - dei har både beskytta ungane når det har vore nødvendig, samstundes som dei også har inkludert foreldra når det har vore mogeleg, seier Thørnblad.

Profesjonalisering av fosterforeldrerolla

Men no er trenden snudd. I 2004 kom ny lovgjeving som seier at slekt og nettverk alltid skal vurderast når ungar skal plasserast i fosterheim, og det siste tiåret har slektsfosterheimar vorte aksepterte og inkluderte - som eitt av tiltaka den offentlege barnevernsomsorga tilbyr.

Samstundes går det føre seg ei spesialisering og ei profesjonalisering av fosterheimane og fosterforeldra, og den tradisjonelle slektsfosterheimen - som Thørnblad har studert - kan koma til å endre seg.

- Der slektsfosterheimen kan sjåast på som ei motvekt til denne profesjonaliseringa og yrkesrettinga av fosterforeldrerolla, er det no teikn som tyder på at også slektsfosterheimar blir underlagt same krav til kursing, utdanning og oppfølging som andre fosterheimar.

- Og det kan vera bra og ønskeleg, men det endrar sjølve slektsfosterheimen. Ei omsorgsform som har funnest sidan tidenes morgen får eit anna innhald når ho blir eit offentleg tiltak, avsluttar Thørnblad.

Referanse:
Thørnblad, Renee: Slektsfosterhjem : offentlig tiltak i private hjem, doktoravhandling ved Universitetet i Tromsø 2012.

Powered by Labrador CMS