Skjeret med dei to toppane ber namnet Eistene, som tyder testikkel. – Om bedehusmiljøa står sterkt i dette området, har namna likevel eit sus av det erotiske over seg, sier språkforskar Inge Særheim. (Foto: Inge Særheim)
Skjeret med dei to toppane ber namnet Eistene, som tyder testikkel. – Om bedehusmiljøa står sterkt i dette området, har namna likevel eit sus av det erotiske over seg, sier språkforskar Inge Særheim. (Foto: Inge Særheim)

Difor finn du Pattane, Rauå og Kuntå langs jærkysten

Skjer og grunner langs kysten fekk ofte namn etter kvinnelege og mannlege kjønnsorgan. Språkforskar meiner han har forklaringa.

Publisert

Tek ein båtleia langs kysten vår, finn vi gjerne stadnamn som viser til kroppsdelar, inkludert namn på kvinnelege og mannlege kjønnsorgan på skjer, grunner og fjell. Kanskje fordi fiskarane, fangstfolka, båtførarane og losane stort sett har vore menn.

– Den sensurinstansen som eit tvikjønna miljø – både kvinner og menn – ville ha representert, har mangla, seier Inge Særheim når han skal forklare ein viss mannsdominans som kan lesast ut av somme namn langs kysten.

Språkforskaren ved Universitetet i Stavanger kjem snart ut med boka Jærstrendene – namn og stader. Boka har illustrasjonar og kart med over 3000 avmerkte namn på jærkysten.

Namn på liv og død

Skjeret Skjevlingen ved Sirevåg. Namnet tyder «den som lagar skavl ved brot.» (Foto: Inge Særheim)
Skjeret Skjevlingen ved Sirevåg. Namnet tyder «den som lagar skavl ved brot.» (Foto: Inge Særheim)

Jamført med stadnamn på land manglar namna på sjøen oftare ord for terrengtype. I staden har dei ein tendens til å skildre ein eigenskap ved staden som det er viktig for båtførarar å kjenne til, ofte for å åtvare om farlege situasjonar under fiske og ferdsel.

– Ein viktig grunn til at den individuelle karakteren til lokalitetane er så sterkt framme i skjer- og grunnenamna, er den svært utsette stillinga og arbeidssituasjonen for namngjevaren, det vil seie for båtførarar og fiskarar. Det har vore viktig for dei å kjenna dei ulike særdraga til lokalitetane for å sikra trygg ferdsel. I visse situasjonar kan det vera eit spørsmål om liv eller død, fortel Særheim.

Namna gir trygg ferdsel

Namneforskaren viser til at mange namn er laga til verb og gjev uttrykk for ei handling som båtførarar bør vera merksame på, til dømes Sprette, Springaren og Stikkaren. Alle desse er farlege skjer langs jærkysten og namna skildra bølgjerørsler og siktar til særs bråe og farlege rørsler.

– Steinen Springaren som ligg sør for Sirevåg, er av fiskarar omtala som «svært kvikk», eit skjer som bryt utan førevarsel. Slike stader bør ein halda god avstand til. Grunnar og skjer med slike namn kan bryte utan nærare varsel. Nokre av dei trekkjer båtane inn til seg når dei bryt, forklarer Særheim.

Han viser vidare til at lumske og særs farlege skjer og grunnar har fått namn som Døså – som ligg utanfor Jåsund – og Kniven, nord for Tjør. Likeins Klemmå, nytta om ei rive mellom to steinar utanfor Hårr der ein ikkje kjem gjennom med båt.

– Før hadde dei ikkje sjøkart. Slike namn er viktige orienteringspunkt på sjøen; dei minner om farlege krefter i naturen, og namna medverkar slik til trygg ferdsel forbi utsette stader i sjøen, forklarer Særheim.

Erotikk i skjergarden

Ikkje alle skjer har namn med erotiske undertonar. Her er Risbitskjeret, som tyder årsgammal bukk eller ver.  (Foto: Inge Særheim)
Ikkje alle skjer har namn med erotiske undertonar. Her er Risbitskjeret, som tyder årsgammal bukk eller ver. (Foto: Inge Særheim)

At det stort sett berre er menn som har gjeve namn på lokalitetane, er nokså spesielt for kysten.

– Ein finn mykje mannsdominans når det gjeld namngjeving. Men kvinner har jobba på garden og på sætra, så her har namnegjevinga skjedd i eit miljø med begge kjønn. Sjøen har derimot stort sett vore ein mannleg arbeidsplass, påpeiker professoren.

Difor er det fleire ord for kvinnelege og mannlege kjønnsorgan langs kysten i Rogaland, trur Særheim. Ved Rott – den største øya i Sola kommune – finn vi eksempla Kunteskjeret og Kuntegrunnen.

– Kunte tyder vagina, altså namnet på det kvinnelege kjønnsorganet. Dette svarar til det ordet som ein har på engelsk, cunt. Det er ikkje uvanleg å gje namn etter kroppsdelar, fortel Særheim og viser til eksempla: Hausen, Skallen, Skolten, Kjeften, Tunge, Halsen, Ryggen, Rumpå og Rauvå – alle namn på stader langs jærkysten.

Testikkel og kunt

Utanfor Jåsund er det eit skjer med to toppar. Dei ber namnet Eistene, som også er namnet på testikkel (pung).  

– Om bedehusmiljøa står sterkt i dette området, har namna likevel eit sus av det erotiske over seg. På Kvitsøy har ein grunnenamna Eisten og Kuntå, og på Sjernarøyane finn ein eit nes som heiter Eistå og eit nes og ei grunne som heter Kunte, fortel språkforskaren.

Ifølgje Særheim er ikkje Jærkysten spesiell. Han viser blant anna til den svenske språkforskaren Hjalmar Lindroth som i 1918 gjev døme på erotiske namn i den vestsvenske skjergarden: Fulen er eit namn brukt om ein holme; det er tolka som «penis, mannslem». Lindroth skriv òg om eit nes som har fått namnet Trivenkuk, som han har tolka som «penis erectus».

Namna går tapt

Særheim påpeiker at mange av namna i den jærske skjergarden er lite kjende og nytta i dag.

– På grunn av store endringar i primærnæringar og langt mindre fiske ut frå eigen gard, så er desse namna lite i bruk. Dette er namn som viser til munnleg bruk og få av dei står på dagens sjøkart. Mange namn på fiskeplassar går difor tapt, forklarer Særheim.

Også médfjella, dei landemerka som ein kan dra ei siktelinje mellom for å navigere, mistar sin funksjon med moderne utstyr som GPS.

– Fiskarane tek ikkje lenger i bruk såkalla méd. Såleis forsvinn dei gamle namna, legg Særheim til.

Fiskarane var dristigare ute enn heime

Skjeret Kjerringa på Hodne i Klepp. – Namnet Kjerringa er nytta om skjer i sjøen som gjerne er store og breie, og som ligg ulagleg til i leia, seier Inge Særheim.  (Foto: Inge Særheim)
Skjeret Kjerringa på Hodne i Klepp. – Namnet Kjerringa er nytta om skjer i sjøen som gjerne er store og breie, og som ligg ulagleg til i leia, seier Inge Særheim. (Foto: Inge Særheim)

Slangnamn er eit særdrag for skjergardsnamna, ifølgje Særheim. I somme høve er namn som inneheld ord for kjønnsorgan, nytta som en slangvariant som fiskarane brukte, ved sida av eit anna meir kjønnsnøytralt namn.

Eit godt døme på det er at skjeret Eistene vart kalla Eidskjeret av bonden på næraste gard. Skjeret hadde altså eit noko penare namn sett frå land.

Vidare er Pattane eit slangnamn på médfjella Litle og Store Sulken som ein finn på Høg-Jæren. Médfjell har også fått namn som Vortene.

– Fiskarane har følt seg frie i eit miljø utan representantar frå kvinnekjønnet. Og dei har gitt uttrykk for det som har rørt seg i tankane. Dei torde å vere litt dristigare på sjøen enn heime, kan ein tenkje seg, seier Særheim.

Passa seg for Kjerringa

Haldningar til kjønn og kjønnsroller kjem òg til uttrykk når det gjeld bruken av ordet kjerring i skjergardsnamna. Ein finn namnet Kjerringå fleire stader langs jærkysten, både på Hårr, Hodne, Vistvik og nord for Grynningen.

– Namnet Kjerringa er nytta om skjer i sjøen som gjerne er store og breie, og som ligg ulagleg til i leia. Eit godt døme på det er skjernamnet Kjerringå – Stora og Litla Kjerringå – ved øya Eime på Kvitsøy.  

Særheim viser til at Kjerringa er eit vanleg namn på skjer i heile Norden. I sørvestnorske skjergardsnamn med namnet kjerring kan biletbruken i nokre høve ha bakgrunn i forma, men somme namn synest særleg sikta til andre eigenskapar, blant anna at det er tale om farlege stader i sjøen, gjerne i båtleia, som ein bør halda god avstand til.

– Båen Kjerringå, som ligg midt i innseglinga til Honnsstø, er eit godt døme. Her heiter det at ein skal «passa seg for Kjerringa.»

– Vi kan godt seie at måten dette namnet har vorte brukt på, har negative konnotasjonar. Eit døme på det er skjernamnet Tjulakjerringå frå Sjernarøyane. Det er eit skjer som ligg i eit ulagleg leie: «Ho gjer sundet heller smalt.»

Det er fleire namneforskarar som har peika på at «kjerringa» er nytta om stader som ligg i ureint farvatn – skjera er farlege for båtferdsla.

– Ein kan også setje slike namn i samband med tabuførestillingar som har vore utbreidde i fiskarmiljø, blant anna oppfatningar om at det medfører ulukke å ta med seg kvinner på sjøen, minner Særheim om.

Referanse:

Inge Særheim. Kniven, Klemma og Knogane. Individualisering i namngjeving av skjer og grunnar. Nordisk forskarsymposium (NORNA-symposium) i Tammerfors, Finland, 21.–23. oktober 2015.