Lesevanskar er oftast arveleg

Eit tvillingprosjekt på tvers av kontinent viser at orsaka til lesevanskar hjå barn oftast skuldast arv. Miljøet spelar ei langt mindre rolle enn det forskarar til no har trudd.

Publisert

I forskingsprosjektet “The International Longitudinal Twin Study” har forskarar frå Australia, USA og Sverige studert leseferdigheiter hjå 900 tvillingpar, totalt 1800 barn.

Tvillingane frå dei tre landa, samt tvillingar frå Rogaland og Hordaland, har blitt testa i lesing og skriving før dei byrja skulen og fram til tredje klasse.

Resultata frå undersøkinga viser at risikoen for å få lese- og skrivevanskar i tidleg alder, oftast kan forklarast ut frå genetiske forhold og ikkje miljømessige.

Det er eit viktig funn, skal vi tru svenske Stefan Samuelsson, professor II hjå Lesesenteret ved Universitetet i Stavanger, professor Brian Byrne, ved University of New England i Australia - og professor Richard Olson ved the Colorado Learning Disabilities Research Centre i USA.

- Tidlegare forsking har også vist at dysleksi og seinare lesevanskar blant skulebarn, er påverka av genetiske forhold. Ideen vår var å få med tvillingar før dei starta skulen, for å sjå kor stor rolle desse gena speler i lese- og skriveopplæringa, fortel Samuelsson.

Omfattande testing

Tvillingpara som deltok i undersøkinga blei testa i språk og språkforståing første gong då dei var fem år. Sidan blei dei testa då dei var seks, sju og åtte år gamle. Slik blei dei testa både før og etter at dei hadde byrja med den formelle lese- og skriveopplæringa på skulen.

- I førskulen tok vi psykologiske testar i tillegg til testar av vokabular, ordforståing, rim og ordlyd. Etter kvart som tvillingane blei eldre testa vi dei i lesing, staving, ordgrupper og minne, fortel Richard Olson, som har forska på lesevanskar sidan 1979, gjennom The Colorado Reading Project.

I tillegg til å teste tvillingane i lesing og skriving blei foreldra intervjua om tvillingane sitt heimemiljø.

- Vi spurte foreldra om dei hadde barnebøker heime, om dei besøkte biblioteket, om barna blei leste for og om barna spurte foreldra om å bli leste for, fortel Brian Byrne, som starta prosjektet i Sidney i 1999.

Også lærarane blei spurte om korleis tvillingane var i skuletimane. Gjennom spørjeskjema svarte dei mellom anna på om tvillingane var lyttande eller hyperaktive.

Arv dominerer

Ved å bruke tvillingar, kunne forskarane samanlikne barn som fekk ulik påverknad i heim og skule med barn som fekk same påverknad i heim og skule.

- Funnet vårt fortel at barn som har hatt same skrive- og leseopplæring og som blir påverka av det same miljøet, ikkje automatisk blir like gode til å lese og skrive, slik ein gjerne skulle ønskje, seier Stefan Samuelsson, og held fram:

- Variasjonen mellom dei som les bra og dei som les dårleg etter eit år i skulen, er framleis stor. Det er ikkje fordi lærarane i skulen gjer ein dårleg jobb, men fordi arv spelar ei dominerande rolle. 70 prosent av denne variasjonen kan forklarast genetisk og 20 prosent ut frå miljø, forklarer han.

Dei tre forskarane meiner funnet ikkje må tolkast som at lese- og skriveopplæring i skulen er utan nytte.

- Funnet vårt fortel heller at lese- og skriveopplæringa i skulen er endå viktigare enn det folk til no har trudd. Fordi gener speler ei så dominerande rolle, er det heilt avgjerande for barn som slit med lesevanskar og skrivevanskar at dei får god oppføljing i skulen, seier Olson, og gir eit døme:

- På same måten som vekt er genetisk, kan ein likevel ete sunn mat for ikkje å bli tjukk. Miljøet spelar ei viktig rolle for om ein klarer å yte den innsatsen som må til for å halde vekta.

Nøkkelen til alt

Mykje kan gjerast for barn som slit med lese- og skrivevanskar, sjølv om arv oftast er orsaka til vanskane. Dei tre forskarane er ikkje i tvil.

- Det er viktig å oppdage kven desse barna er så tidleg som mogleg. Jo tidlegare ein kjem i gang med lese- og skriveopplæringa, jo betre er det. Samstundes er det heller aldri for seint, seier Byrne.

- Foreldre kan lese høgt for barna før dei skal sove, lærarar kan leggje til rette for lesing av bøker på skulen. Mykje kan gjerast berre dei vaksne tek seg tid. Desse barna lærer saktare enn andre barn. Difor må dei vaksne vise tålmod, seier Olson.

Også i eit samfunnsperspektiv er det viktig å ha fokus på lese- og skrivevanskar, konstaterer Samuelsson.

- Alle må kunne lese og skrive slik samfunnet vårt er i dag. For å kunne ta ei utdanning, må ein kunne bokstavar og forstå ord. Å kunne lese og skrive, er nøkkelen som passar til dei fleste dører i samfunnet, seier han.

Norske barn kan minst

I tvillingstudien har forskarane også funne interessante skilnader mellom leseferdigheitene til barn i Australia, USA, Sverige og Noreg.

- Når vi samanliknar leseferdigheitene til femåringar i dei fire landa som er med, finn vi at femåringane i Noreg og Sverige kan færrast bokstavar. Foreldra til desse barna er dessutan mindre engasjert i kor mange bokstavar og lydar barna kan, fortel Stefan Samuelsson.

- I Australia går førsteklassingane på skule opp til syv timar dagleg. Tre av desse timane går med til lese- og skriveundervising. Nivået på lesinga og skrivinga er høgt i Australia, og det sjølv om gener også her spelar ei viktig rolle, seier Brian Byrne.

I USA går førsteklassingane på skulen i fire timar. Kor mykje av tida som går med til lese- og skriveundervising, varierer.

- I USA kan det vere store skilnader mellom skular i kor mykje opplæring elevane får. Men totalt sett får dei meir opplæring i så tidleg alder enn dei får i Noreg og Sverige, fortel Richard Olson.

Store variasjonar

Fordi barn i Noreg og Sverige ikkje har byrja med lese- og skriveopplæring i så tidleg alder som barna i Australia og USA, er det store variasjonar i kva dei kan.

- Femåringane i Noreg og Sverige er på ulike nivå alt etter kva foreldra og miljøet rundt dei legg til rette for. Skilnadene mellom barna i denne alderen kan forklarast nokså likt ut frå arv og miljø, seier Samuelsson og forklarer:

- Etter kvart som barna blir eldre, får dei den nødvendige opplæringa i skulen. Då vil det framleis vere skilnader mellom kor gode eller dårlege barna er til å lese og skrive, men fordi miljøpåverknaden då er den same, er det gena som forklarer skilnadene, seier han.

Dette gjer at norske og svenske barn kjem på nivå med australske og amerikanske barn først etter nokre år i skulen.

- Når det gjeld vidare forsking, kunne det vore spennande å sjå korleis den nye lese- og skriveopplæringa i norsk skule vil verke inn. Kanskje vil nivået på leseferdigheiter i tidleg alder bli som i Australia, spør Samuelsson.

Saman med Byrne og Olson ser han fleire moglegheiter for forsking med sitt store utval av tvillingpar frå dei fire landa på tre kontinent.