Annonse

Energi er ikkje berre energi

Politikarar og samfunnsaktørar bruker retoriske grep og uttrykk for å få folk flest til å ta standpunkt i kompliserte saker i energidebatten.

Publisert

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Dei som er mot og har teke i bruk omgrepet «monstermaster», får mastene til å høyrast forferdelege og skumle ut. Dei som er for, prøver på si side å bagatellisere heile biletet med at dei knapt kan sjåast. (Illustrasjon: Annlaug Auestad)

Det er ein kamp om å få definere den norske energipolitikken.

– Energidebattar handlar om meir enn energi. For å få gjennomslag får politikarar og andre aktørar energispørsmålet til å handle om andre ting, som økonomi, klima, arbeidsplassar og effektivitet.

– Dei som deltek i debatten, anten det er politiske parti, organisasjonar eller energisektoren sjølv, har ulike dagsordenar, seier førsteamanuensis Ketil Knutsen ved Universitetet i Stavanger. Han har politisk retorikk som fagområde.

Grøn olje

Knutsen har mellom anna analysert informasjonsfilmar frå Statoil og Shell. Selskapa framstår som grøne aktørar som tek miljøomsyn. Born, natur og isfjell er gjennomgåande element.

– Men det eg fort la merke til, er at du ikkje ser ein drope olje på riggane i mange av desse filmane. Alt er reint og pent. Bodskapen til Statoil er at rett nok er dei i oljeindustrien, men dei bryr seg om framtidige generasjonar.

Eit anna eksempel Knutsen dreg fram, er Shell. Selskapet har laga ein internasjonal serie med korte filmar. Her møter vi menneske som er engasjert i miljøvern.

– Shell spør i ein av filmane sine kor lenge det skal ta før nokon tek ansvar for miljøet. Dei bruker altså miljørørsla sine eigne argument. Først mot slutten får vi vite at dei jobbar i Shell, fortel Knutsen.

Gasskraftverk og oljeleiting i nord

Knutsen dreg fram innramming som eit mykje brukt retorisk verktøy i energidebatten. Innramming inneber at avsendaren koplar bestemte ord og utrykk til bodskapen som skal skape positive assosiasjonar til avsendarens standpunkt.

Som eksempel på at vi dannar oss bilete utifrå kva vi får presentert, dreg Knutsen fram tre saker.

– Dei som er mot bygging av gasskraftverk, snakkar om «dei forureinande og miljøfarlege gasskraftverka». Som motsvar har tilhengarane av kraftverka funne ei smart løysing, nemleg å bruke miljøvernarane sitt eige språk. Dei snakkar om «dei reine og miljøvennlege gasskraftverka», poengterar han.

– Motstandarar av oljeboring i Lofoten argumenterer med at «boring er som hasard», at «vi må vere føre var», og at leiteaktiviteten skjer «midt i gyteområda til torsken». Slik håper dei å appellere til folk sin fornuft.

– Tilhengarane av leiteboringa nyttar uttrykket «berekraftig utvikling», som blei lansert av FN og Brundtland-kommisjonen i sluttrapporten Vår felles framtid i 1987. I motsetnad til motstandarane prøver dei å skape inntrykk av at det er mogleg å få både i pose og sekk, seier Knutsen.

Monstermaster

Det siste halvåret har debatten rast om dei planlagde straummastene over Hardangerfjorden. Vi må heilt tilbake til Alta-aksjonane på slutten av 1970-talet for å finne liknande engasjement og vilje til å gjennomføre aksjonar som omfattar sivil ulydnad.

Blant dei som har varsla at dei vil lenkje seg fast, finn vi òg samfunnstoppar og næringslivsleiarar.

(Illustrasjonsfoto: www.colourbox.no)

– Hardangermastene handlar i høgste grad om energiretorikk. Omgrepet «monstermaster» er innramming på høgt nivå, og det har no gått inflasjon i ordet. Dei som er mot, får mastene til å høyrast forferdelege og skumle ut. Men dei som er for mastene, snakkar etter kvart òg om «monstermaster». Det er som å seie «ikkje tenk på ein elefant», meiner Knutsen.

– Når motstandarane seier at dei er imot monstermaster, forsterkar dei berre biletet av mastene som noko skummelt og skadeleg. Dei som er for mastene, har med dette blitt nyttige idiotar som går motstandarane sitt ærend.

– Dei prøver vidare å ramme inn på same måten med å bagatellisere. «Mastene kan omtrent ikkje sjåast,» seier dei, og argumenterer med behovet for ny straumveg til Bergen, påpeiker Knutsen.

Månelanding

Han meiner at velfungerande rammer skaper sterke bilete hos folk. Dei er forståelege og enkle å hugse.

I nyttårstalen sin i 2007 samanlikna statsminister Jens Stoltenberg bygging av gasskraftverket på Mongstad med månelandinga til amerikanarane.

– Stoltenberg nyttar her fortida som ramme og samanliknar seg sjølv med sjølvaste John F. Kennedy og gasskraftbygginga med utforskinga av verdsrommet. Dette er rammer som gir sterke bilete.

– Men som Stoltenberg no har opplevd, kan dette ha ein boomerangeffekt, seier Knutsen.

Grøn bølgje

– Er det problematisk at aktørar i samfunnsdebatten bruker desse retoriske grepa?

– Innramming fungerer fordi det får ting til å handle om noko større som har ein appell til veljarane. Hjernen vår er ikkje konstruert for å ta inn over seg all verdas kompleksitet. Difor treng vi politikarar og organisasjonar som kan argumentere.

– Eg meiner at det er urimeleg, slik nokon gjer, å peike på at bruk av retorikk er fordummande. Tenk om aktørane byrjar med lange og kompliserte forklaringar? Då dett folk fort av lasset, påpeiker Knutsen.

Knutsen viser til at det dei siste førti åra har skylt ei grøn bølgje over politikk og samfunnsliv. Det byrja med protestar mot vasskraftverk og inngrep i naturen og heldt fram med drivhuseffekt og global oppvarming.

– I framtida vil det vere kamp om å få definere den norske energipolitikken. For å nå fram til publikum må industrien og organisasjonane vere endå meir kreative. Då trengst det hjelpemiddel, og eitt av dei er retorikk, konkluderer Knutsen.

Powered by Labrador CMS