Ynskjer relevant praksis i fengsel

Arbeidspraksis i norske fengsel skal gjere det lettare for innsette å kome inn i arbeidslivet etter soning. Likevel er typen praksisplassar stort sett dei same som på 1960-talet, og er lite relevante for arbeidsmarknaden i dag.

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

I det største fengselet i Noreg, Åna fengsel, er 40 prosent av arbeidsplassane innan jordbruk. Jordbruk gjev i dag arbeid til tre prosent av arbeidsstokken i Noreg.

– Det utgjer eit problem at delar av arbeidspraksisen dei innsette får i fengsla, ikkje er relevant for arbeidsmarknaden, seier Hildegunn Sagvaag, førsteamanuensis ved Institutt for helsefag ved Universitetet i Stavanger.

Ho har leia arbeidet med rapporten Rett kurs. Ut av fengselet. Rapporten er ei evaluering av prøveprosjektet KompAS, som blei gjennomført ved Åna fengsel i perioden 2007–2009.

Ifølge rapporten er arbeidsplassane for dei innsette stort sett innafor handverk og landbruk.

Får dokumentasjon

Målet med prosjektet KompAS er at alle innsette skal kunne få dokumentasjon på arbeidet dei gjer under soning, og at arbeidsdrifta skal styrkje stillinga som reintegrerande faktor.

– Vi rår Åna fengsel til å utvide arbeidsplassane til å omfatte meir relevante yrke, slik at dei innsette får praksis som gjer det lettare for dei å kome i jobb etter soning. Dei bør samarbeide med Nav om kva for nokon praksisplassar det er best å satse på, seier Sagvaag.

I Noreg har alle innsette aktivitetsplikt. Sjølv om mange av arbeidsplassane ikkje reflekterer arbeidsmarknaden, er det bra at aktivitetsplikta blir nytta til noko meiningsfullt, meiner Sagvaag.

– Dei innsette får papir på jobben dei gjer. Desse papira kan dei nytte i oppbygging av fagbrev. Slik sett er prosjektet KompAS unikt og verdifullt.

Rapporten understrekar at ein av dei viktigaste føresetnadene for å betre arbeidsdrifta i fengsel er at ein styrkjer samarbeidet mellom dei involverte instansane.

– Ei viktig side ved KompAs er at fengselet vidareutviklar samarbeidet med aktørar som Nav, lokale skular og næringsliv, seier Sagvaag.

Powered by Labrador CMS