Kven er norsk i lærebøkene?

- Det er ein tendens til at dersom ein person med annan hudfarge enn den kvite gjer det bra, vert vedkommande gjerne omtalt som norsk. Snakkar vi om kriminelle eller andre negative tilhøve, vert gjerne personane omtala som innvandrarar, seier Norunn Askeland.

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Dette er vanleg i mediespråket både i Noreg og i andre land. Og dette blir problematisert i nye lærebøker.

Norunn Askeland er førstelektor ved Høgskolen i Vestfold.

På ein internasjonal konferanse for læremiddelforskarar nyleg presenterte hun ei undersøking av metaforbruk om Noreg som et fleirkulturelt samfunn, spesielt i lærebøker i samfunnsfag skrivne etter Kunnskapsløftet. .

Craig og Okparaebo er norske

- Når Mira Craig går i studio saman med Snoop Dogg, eller når Esinne Okparaebo ser ut til å bli ein storarta sprintar, då vert dei i media framstilte som norske, mens det er innvandrarmenn som bankar opp kona og innvandrarguten som har eit dårleg rykte. Dette er tilhøve dei nye lærebøkene gjer elevane bevisste på. Og det er bra, seier Askeland.

- Vi opererer gjerne med to typar metaforar i pedagogisk samanheng, dei som har markørar som “metaforisk sagt”, hermeteikn eller kursiv, og andre som opptrer heilt utan slike markørar. Det er ofte dei siste som er dei vanskelegaste, av di eleven ikkje umiddelbart skjønar at han eller ho sit overfor ein metafor. Og på dette området kunne lærebøkene godt ha vore betre, fortel Askeland.

Det er mange umarkerte metaforar i lærebøker i samfunnsfag, ofte er det ord og uttrykk som blir tatt for gitt i faget og som kan vere vanskelege både for elevar med og utan norsk som morsmål.

Metaforar er vanskelege

- Det er to sider ved temaet metafor i denne samanhengen. Den eine er kva elevar forstår av metaforane, ein annan er kva for metaforar som vert nytta for å skildre det fleirkulturelle Noreg?

- Det første du nemner er viktig. Norske lærebokforskarar har gjort granskingar som syner at metaforar som innslag, smørblid, treffe eit ømt punkt, spekter, skitrekk og mange andre ikkje umiddelbart er begripelege. Engelske forskarar har funne at ein metafor som The atmosphere is the blanket of gases that surround the earth valda store vanskar.

"Norunn Askeland."
"Norunn Askeland."

- Dette er antakeleg ein metafor fagfolk meiner formidlar godt, medan elevane ikkje skjøna kva det var snakk om. I tillegg er metaforen heilt utan markørar, noko som gjer det ekstra vanskeleg å tolka han.

Bevisste forfattarar

- Når det gjeld metaforar om Noreg som fleirkulturelt samfunn er det viktig å streka under at lærebokforfattarane i det store og heile er bevisste kva for nemningar dei brukar. Men vi finn lett døme som at “kultur” i samband med kvite nordmenn er ein positiv verdi, medan kultur knytt til ikkjenorske tilhøve ofte er uttrykk for ein konflikt.

- Og i passasjar som denne: “Forestill deg at du er 18 år, at du lever i et fattig afrikansk land, og at dine muligheter til å få utdanning eller en noenlunde brukbar jobb er lik null. Men samtidig er du en arbeidssom gut eller jente , som brenner etter å få en sjanse i livet. Den sjansen finnes ikke i fødelandet ditt. Hva gjør du da?” Kven er “du” i denne teksten?

- Det er viktig å understreka at dette ikkje er meint som noen kritikk av forfattarane, men som eit døme på kor vanskeleg det er å skrive om desse tilhøva utan å ta det for gjeve at lesaren er kvit og norsk nordmann frå Noreg.

Askeland meiner vi ser det same mønsteret i dei umarkerte metaforane. Metaforar om vestlege tilhøve er positive, handlar dei om immigrantar, er dei heller negative.

Konteksten er viktig

- Du seier og noko om negative kontekstar?

- Ja, det er ganske interessant at i eit kapittel om det fleirkulturelle samfunnet dukkar tema som brotsverk og brotsmenn opp, med menneskehandel som døme. Kvifor er dette eit tema i denne samanhengen? Og kvifor er alle forbrytarane innvandrarar?

Ei anna lærebok spør kor mange det er plass til i Europa eller Noreg, og oppfattar dermed nasjonen som eit lukka rom eller som eit hus, slik Bush også har gjort det.

- Andre igjen omtalar det fleirkulturelle samfunnet som eit lappeteppe med mange bitar og fargar, i slekt med den politisk korrekte amerikanske metaforen “mixed salad” som no blir brukt i staden for “melting pot”.

- Ein ventar ikkje lenger at ulike kulturar skal smelte saman, men tenkjer at dei skal eksistere side om side. Dette er altså nokre av lærebokforfattarane merksame på. På dette feltet er mange lærebøker betre enn sitt rykte, meiner Askeland.

Powered by Labrador CMS