Kopien av galapagossjøløveskallen er utført av Per K. Thorsland. No i samlingane til Charles Darwin Foundation på Galapagos. (Foto: Karsten Sund, NHM)
Kopien av galapagossjøløveskallen er utført av Per K. Thorsland. No i samlingane til Charles Darwin Foundation på Galapagos. (Foto: Karsten Sund, NHM)

Nytt fra akademia: Ga Galapagos-skalle til Darwin Foundation

Charles Darwin Foundation har vore ein internasjonal forskingsstasjon på Galapagos sidan 1959. Nyleg fekk dei ein kopi av «den viktigaste skallen i verda av ei galapagossjøløve» frå Naturhistorisk museum  i Oslo.

For biologar har navnet Galapagos ein heilt særleg klang, sidan det var her Charles Darwin gjorde observasjonane som la grunnlaget for evolusjonsteorien hans.

Og i november fekk professor Øystein Wiig frå Naturhistorisk museum ved Universitetet i Oslo høve til å overrekkja ei spesiell gåve til The Charles Darwin Foundation på nettopp Galapagos: Ein kopi av det han omtalar som «den viktigaste skallen i verda av ei galapagossjøløve».

Bakgrunnen for at eksemplaret av galapagossjøløva er på museum i Oslo, nærmast på andre sida av kloden, var eit prosjekt for å oppretta ein norsk koloni på Galapagos i 1925.

Koloniseringsprosjektet stranda, mellom anna på grunn av mangel på ferskvatn. Men det gav i alle fall Alf Wollebæk, som den gong var styrar for Zoologisk museum i Oslo, høve til å vera med på turen og gjera innsamlingar. Blant desse var altså skallen av galapagossjøløva.

Leis meir om skallen og om galapagossjøløva hos Naturhistorisk musem.

Powered by Labrador CMS