I skuggen av Svalbardøglene

Utgravingane på Svalbard beskriv økosystemet i havet i nord for 147 millonar år sidan, og reiser nye spørsmål.

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Plesiosaur. (Foto: (Illustrasjon: Tor Sponga))

Open access

Arrtiklane i Norsk geologisk tidsskrift er gjeve ut som såkalla Open access. Det betyr at i motsetning til kva som er tilfelle med ein del andre vitskaplege tidsskrift, er artiklane tilgjengelege på nett for alle, utan at det krever at ein teiknar abonnement.

Takkar frivillige med øglenavn

Seks nye øgleartar er oppkalla etter frivillige som har deltatt på utgravingane. Lena Kristiansen, Magne Høyberget, Øyvind Enger, Tommy Wensaas, Stig Larsen og May-Liss og Bjørn Funke har alle fått artar oppkalla etter seg. Det same har veneforeninga Palvenn (Paleontologisk museums venner), tidlegare kunnskapsminister Øystein Djupedal og turoperatøren Spitsbergen Travel. Dei nye artane er:

  • Cryopterygius kristiansenae
  • Palvennia hoybergeti
  • Djupedalia engeri
  • Spitrasaurus wensaasi
  • Spitrasaurus larseni
  • Pliosaurus funkei

Les meir om øglene i pressemeldinga frå NHM

Barnebok om "Monsterøglene"

Saman med Jørn Hurum har artikkelforfattar Torstein Helleve skrive boka “Monsterøglene på Svalbard”, illustrert av kunstnaren Esther van Hulsen. Denne boka vart òg lansert under markeringa i helga.

- Som funnstad er dette området «off the scale». Ingen andre stader finn ein så mange fossil av marine øgler frå jura med same tettheiten.

- Men funna hadde på langt nær hatt den same verdien om ikkje vi kunne setja dei i kontekst, sa Patrick Druckenmiller frå University of Alaska under eit seminar i Longyearbyen i helga.

Seminaret ved UNIS - Universitetssenteret på Svalbard - markerte avslutninga på åtte år med utgravingar og utgjevinga av ei spesialutgåve av Norsk geologisk tidsskrift, som utelukkande inneheld artiklar knytte til utgravingane på Svalbard.

Grunt hav

Ni av dei i alt atten artikkelforfattarane heldt innlegg, og samla teikna dei eit bilete av eit økosystem som i alle fall delvis gjekk i si eiga evolusjonære lei, langt på veg isolert.

- I jura var dette eit grunt hav, ikkje meir enn nokre hundre meter djupt. Avgrensa av det som no er Alaska, Canada, Grønland og Sibir, kan det ha hatt berre nokre få og smale forbindelsar til andre havområde.

- Noreg og Grønland låg til dømes mykje nærare kvarandre enn i dag, nesten heilt inntil kvarandre, forklarte professor Henning Dypvik frå Institutt for geofag, Universitetet i Oslo (UiO).

To sentrale personar i øgleutgravingane: Pat Druckenmiller og Jørn Hurum. (Foto: Hans Arne Nakrem, NHM/UiO)

Ingen krokodillar

Det kan kanskje vera noko av forklaringa på eitt av dei ubesvarte spørsmåla ved utgravingane.

Forskarane jublar over rike funn av små og store artar, men er like nysgjerrige på kva som er årsaka til at det er andre artar dei ikkje finn.

- Ingen krokodillar, ingen skilpadder, ingen haiar. Av fisk har vi funne tre skjel, det er alt. Vi anar ikkje kvifor det er slik, seier ekspedisjonsleiar og øglesjef Jørn Hurum frå Naturhistorisk museum, UiO.

Finst berre i metanoppkomer

Når forskarane skal aldersbestemma fossila dei finn, samanliknar dei laga som fossila vert funne i, med tilsvarande lag andre stader i verda.

Ein måte å gjera dette på, er å samanlikna forekomstar av ulike isotopar i skiferlaga, ein annan er å samanlikna kva dyr som vert funne.

Spesielt ammonittar, slektningar av våre dagars blekksprut, er nyttig til slike samanlikningar, sidan dei fantest over nesten heile verda.

Ei anna fossilgruppe som òg vert brukt til denne typen samanlikningar, er foraminiferar, eller mikrofossil.

Resultata frå Svalbard viser at nokre av desse har eksistert over eit lengre tidsrom enn ein tidlegare har trudd, og dermed ikkje er like eigna til denne typen tidsbestemming som ein tidlegare har trudd.

- Og så har vi brachiopodane, eller armføtingane, som dei heiter på norsk. Desse dyra har eit kalkskal og kan likna på skjel og muslingar, men er ikkje i slekt.

- Det rare med dei er at vi ikkje finn dei i skiferen på Svalbard saman med øglene og dei andre dyra, men berre rundt såkalla metanoppkomer, seier professor Hans Arne Nakrem frå Naturhistorisk museum.

Kartet viser "Øglegravarane" sine utgravde øgler på Svalbard. (Foto: (Illustrasjon: Jørn Hurum, NHM/UiO))

Symbiose

Metanoppkomene er kjenneteikna av større eller mindre mengder lys kalkstein. Fyrste gongen Øglegravarane kom over ei slik, skjøna dei ikkje heilt kva det var.

Det såg mest ut som nokon hadde tømt eit lass med lys stein langt ute i den uframkomelege audemarka. Men snart gjekk det opp for dei at dette var levningar etter heilt spesielle økosystem.

- Her og der har det siva eller bobla metangass opp gjennom den mjuke havbotnen. Rundt desse oppkomene lever bakteriar som lever av metangassen, og smådyr som makk, muslingar og brachiopodar.

- Mange av desse smådyra lever i symbiose med dei metanetande bakteriane, forklarte Crispin Little frå University of Leeds.

Bidrag frå masterstudentar

No er altså dei fyrste atten artiklane om utgravingane på Svalbard samla mellom to permar, men det står att mange år med forsking på det innsamla materialet.

- Om dei komande vitskaplege artiklane vert samla på same måten i ein oppfylgjar til denne utgåva, er usikkert, vi får venta og sjå.

- Eg er uansett svært nøgd med det vi har fått til, seier Hurum om spesialutgåva, som òg innheld bidrag frå åtte master- og to doktorgradsstudentar.

Powered by Labrador CMS