Frå venstre: Øystein Wiig, Tarcizio Paula og Ronaldo Morato. (Foto: Øystein Wiig, NHM)

På jaguarmerking i Amazonas

I mange år har forskar Øystein Wiig merka isbjørn i Arktis. No har han besøkt jaguarforskarane i indre deler av Brasil for å sjå korleis dei gjer det.

Biologisk mangfold i Amazonas

Norsk Hydro har inngått ein fempartsavtale med NHM/UiO og tre brasilianske universitet om forsking på biologisk mangfold, klima og gjenplanting i den brasilianske delen av Amazonas.

Samarbeidet er delvis finansiert av Hydro, og har fått navnet «Biologisk mangfold i Amazonas». Samarbeidet opnar òg for utveksling av studentar og vitskapleg tilsette mellom UiO og dei brasilianske partnerane.

Fakta:

Dette er pattedyra Wiig fokuserer på i Amazonas:

  • Jaguar
  • Puma
  • Ozelot
  • Bush dog
  • Small eard dog
  • Kjempemaurslukar
  • Kjempebeltedyr
  • Tapir

Jaguar!

Klokka er ti på kvelden, og professor Øystein Wiig har saman med professor Tarcizio Paula sjekka radioen for signal frå jaguarfellene dei aktiverte i ettermiddag. Kvar felle har ein radiosendar som vert slått på når fella vert utløyst, og no har det skjedd.

Forskarane oppheld seg langs breidda av Rio Paraguay i det store våtmarksområdet Pantanal vest i Brasil.

I to båtar susar dei nokre kilometer nedover elva. Sjølv med ein stjerneklar himmel er det lite å sjå i mørkret. Då dei kjem fram til staden der fella er, må båten til Wiig venta til det trena mannskapet har bedøvd jaguaren.

Flotte dyr

Det heiter seg at leoparden ikkje kan forandra flekkane sine, og det same gjeld jaguaren. Kvart individ har eit mønster som er unikt. Det er derfor ikkje nødvendig å bruka øyremerkje eller tatovering for å kjenna eit dyr att, slik Wiig er van med å gjera når han merkjer isbjørn.

Men den seks år gamle jaguarhoa som har gått i fella, har fått eit elektronisk merke under huda så ho kan kjennast att når ho vert fanga inn igjen.

Jaguarfelle utan jaguar. (Foto: Øystein Wiig, NHM)

– Det er fantastisk å få oppleva så flotte dyr på nært hald, seier Wiig, men han er der sjølvsagt ikkje berre for å beundra den lokale faunaen.

Leveområda vert øydelagde 

Saman med fleire kollegar ved Naturhistorisk museum i Oslo (NHM) deltek han i prosjektet «Biologisk mangfold i Amazonas» (sjå faktaboks).

Wiig si oppgåve er å kartleggja dei større pattedyra som er raudlista, med unntak av flaggermus og apar.

– Jaguaren er ein truga art fordi leveområda vert øydelagde ved avskoging og fordi den vert oppfatta som ein trugsel mot kveghald. Det vert derfor felt mange jaguarar, sjølv om det er ulovlig, seier Wiig.

Ved eit vatnhol har Wiig sett opp kamera som fotograferer dyra som kjem for å slokka tørsten, her ein tapir. (Foto: Øystein Wiig, NHM)

– Vi ynskjer på sikt å samarbeida med lokale myndigheiter for å skapa meir bevisstheit i lokalbefolkinga om problemet.

Biomangfaldet rasert

Norsk Hydro kjøpte for tre år sidan ei  bauxittgruve i Paragominas-området som ligg i Amazonas nordaust i Brasil, omtrent på motsett kant frå Pantanal.

Dei har, som ein del av miljølisensen frå myndigheitene, forplikta seg til å redusera tap av biomangfald som følgje av gruvedrifta.

Torkjell Leira er prosjektkoordinator ved NHM og forklarar at gruvedrifta skjer ved at ein fyrst fjernar vegetasjonen, før den øverste halvmeteren matjord vert skrapt bort og lagt for seg sjølv. Deretter vert rundt ti meter djup masse fjerna.

Når bauxitten under der er teken ut, vert fyrst dei ti djubdemetrane med masse fylt på, og deretter vert den øverste halvmeteren med matjord lagt tilbake på toppen.

– Men biomangfaldet er like fullt rasert. Spørsmålet er kva restaureringsmetodar som er mest effektiv for å få biomangfaldet til å auka igjen, seier Leira, og forklarar at Hydro blant anna brukar tre ulike metodar:

Skjermdumpen viser korleis forskarane via nettet kan sjå kvar ein av dei merka jaguarane bevegde seg frå 8. til 11. september 2014. (Foto: Skjermdump fra Lotek)

Utplanting av 70-80 ulike artar, naturleg gjenvekst, og ein nyare metode som vert kalla nucleation, og som går ut på å aktivt forma landskapet på måtar som skal hindra erosjon og varierte økologiske tilhøve.

Restaureringsarbeid

– I prosjektet forskar NHM på sopp, lav, insekt og pattedyr, og det er ikkje gitt at det er ein av metodane som fungerer best for alle livsformene. Dei brasilianske partnarane forskar blant anna på jordkvalitet, biomasse og klimagassutslepp, og for dei òg er det viktig å samanlikne dei ulike restaureringmetodane.

Han fortel at Brasil har lukkast med å redusera avskoginga til ein fjerdedel av det den var for ti år sidan, men at hovudoppgåva i framtida vil vera restaureringarbeidet.

– Vi håpar og trur at funna våre kan koma til nytte andre stader i Amazonas, i tillegg til her i Paragominas. 

Powered by Labrador CMS