Pål Rongved med kulemodell av molekylet han har stor tru på.  (Foto: Norunn K. Torheim)
Pål Rongved med kulemodell av molekylet han har stor tru på. (Foto: Norunn K. Torheim)

Utviklar nytt stoff mot antibiotikaresistente bakteriar

Norske forskarar meiner dei er på sporet av eit nytt middel i kampen mot resistente bakteriar.  

Publisert

Sidan 1940-talet då antibiotikumet penicillin var tatt i bruk, har vi kunne bruke antibiotika til å behandle bakterieinfeksjonar. No blir stadig fleire bakteriar resistente – motstandsdyktige – mot antibiotika, slik at fleire typar antibiotika ikkje kan brukast i behandling lenger.

– Penicillinet er ein av dei største revolusjonane i legemiddelhistoria, men all antibiotika opplever før eller seinare resistens. Av den grunn har legemiddelindustrien nølt med å satse på nye produkt, og det har ikkje kome noko genuint nye antibiotika dei siste tjue åra.

– Vi går derfor inn ein postantibiotisk æra der vi er tilbake til tida før vi hadde antibiotika å behandle bakterieinfeksjonar med, seier Pål Rongved.

Han er professor ved Farmasøytisk institutt ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultet ved Universitetet i Oslo (UiO) og er ein av UiO sine forskarar innan livsvitskap som arbeider med antibiotikaresistens.

Rongved og forskingsgruppa hans prøver å finne fram til nye stoff som kan brukast i kampen mot antibiotikaresistente bakteriar. Tilnærminga deira er å bruke eit molekyl, ein såkalla sink-kelator, som kan øydelegge balansen av dette stoffet i bakteriane.

Penicillin er eit betalaktam-antibiotikum. Slike antibiotika har i aukande grad blitt ineffektive på grunn av eit bestemt enzym i bakteriane. Rongved forklarar at deira sink-kelatorar kan bidra til at enzyma ikkje lenger kan øydelegge for antibiotikumet.

– Sink-kelatoren vår er det vi kallar ein adjuvant. Det vil seie at han må takast saman med eit anna molekyl, i dette tilfelle eit betalaktam-antibiotikum. Vår kelator har stor forsterkande effekt på antibiotika på marknaden når det blir testa på ulike bakteriar – òg dei som i utgangspunktet er resistente mot antibiotikumet.

Lang erfaring med metallkompleks

Men når ingen andre har lukkast med å lage nye antibiotika på to tiår, korleis har det seg då at Rongved har så stor tru på nettopp deira tilnærming og korleis fekk han ideen til å bruke sink-kelator mot bakteriar?

– Eg har forska på metallkompleks i over 25 år og har jobba med det i mange år i legemiddelindustrien. I 2009 prøvde vi å finne ut om vi kunne hemme kreftceller ved å bruke sink-kelator til å endre på sinkbalansen i cellene, seier han.

Han fortel vidare at inngangsporten til antibiotikaresistens-feltet og bruk av sink-kelator på bakteriar var at dei vart merksame på at forskar Ørjan Samuelsen og kollegaene hans ved Kompetansesenter for påvisning av antibiotikaresistens (K-res) ved Universitetssykehuset Nord-Norge (UNN) i Tromsø studerte stoff som bakteriane bruker for å øydelegge antibiotika – og desse inneheldt to sinkatom.

Då dei testa sink-kelatoren sin på bakteriane, fann dei overraskande ut at han hadde antimikrobielle eigenskapar. Kelatoren forstyrra sinkbalansen i bakteriane og øydela for stoffa som stikk kjeppar i hjula for antibiotika.

Må teste vidare

Våre celler og bakteriane sine celler har til felles at dei må ha sinkbalansen i orden for å fungere normalt. Menneske har cirka 6000 enzym som er avhengige av sink. Derfor er det òg svært viktig å sjekke at sink-kelatoren ikkje er skadelege for våre eigne celler.

Forskarane har utstyrt sink-kelatoren med ein målsøkande del som gjer at han går på bakteriar og mindre på menneskeceller. No har dei begynt å teste sink-kelatoren på humane celler i laboratoriet og så langt ser det bra ut. No skal dei teste han i større skala.

Fleire har trua på prosjektet

Rongved har fått økonomisk støtte frå fleire hald. Forskingsrådet har gitt 7,3 millionar kroner i støtte til prosjektet ZinChel gjennom sitt program BIOTEK 2021. I tillegg har Novo pre-seed fonds i Danmark støtta prosjektet med 2,5 millionar danske kroner.

Rongved er òg invitert med inn i eit stort europeisk prosjekt som blir leia frå Uppsala. I den samanheng har han starta samtalar med legemiddelfirmaet GlaxoSmithKline.

Gjennom universitetet sitt kommersialiseringsselskap, Inven2, har Rongved søkt patent på teknologien.