Klima og kroner gir lykke

Kven har ikkje kjent seg lykkeleg når sommaren kjem etter ein lang vinter? Ein ny sosialpsykologisk teori viser korleis klima og økonomi påverkar kulturen i eit land.

Evert van de Vliert

* Professor emeritus ved universitetet i Groeningen, Nederland, professor II i for arbeidsmiljø, leiing og konflikt (FALK) ved Det psykologiske fakultet, UiB.

* Lanserer sin nye teori om samanhengen mellom klima, rikdom og kultur i boka Climate, Affluence, and Culture.

* Van de Vliert har studert tolv ulike studiar i mange land og fordelt resultata i aksen mellom ekstremt varme land, tempererte og kalde land, saman med inndelinga fattige/ rike land, basert på gjennomsnittleg inntekt per innbyggjar.

* Teorien tar utgangspunkt i to tesar, at den kulturelle tilpassinga som krevst i eit land er avhengig av kor varmt eller kaldt det er. Samstundes avgjer rikdomen eit samfunn har tilgjengeleg for å hanskast med dei klimatiske utfordringane, kva for samfunn som utviklar seg.

Befolkninga i Tanzania, El Salvador, Venezuela og Vietnam er dei lykkelegaste i verda, sjølv om landa er fattige om ein reknar gjennomsnittleg inntekt per hovud.

Felles for desse landa er at dei er tempererte land. Den nederlandske professoren i sosialpsykologi, Evert van de Vliert, lanserer no ein ny teori for å vise korleis klima og økonomi speler saman i det å skape og endre kulturen i eit land.

Med kultur meiner van de Vliert det ein i eit land kollektivt verdset, trur på, ønskjer, unngår og faktisk gjer.

Alle samfunn føder ein kultur som har med seg alt som i tidlegare tider har bidrege til overleving, det vil seie korleis ein tenker om og organiserer arbeid og samarbeid mellom folk.

– Det er mange faktorar som kan forklare ulike kulturar. Men det er to faktorar som kan seie noko om alle kulturar over heile verda. Klima og økonomi er noko alle kulturar vert påverka av, seier van de Vliert.

Han er professor II ved Forskingsgruppa for arbeidsmiljø, leiing og konflikt (FALK) ved Det psykologiske fakultet ved Universitetet i Bergen.

Temperert klima er optimalt

Van de Vliert tar utgangspunkt i at mennesket er varmblodig og dermed trivst best og overlever enklast i tempererte omgjevnader.

– 20-25 grader Celsius, som ein har i tempererte strøk, er optimalt. Her vert ikkje kulturen direkte påverka av økonomi. Både i rike og fattige tempererte land utviklar det seg ein easy-going-kultur.

– Vert det varmare eller kaldare, må ein kompensere på eit vis. Kor mange pengar ein har, avgjer då i kor stor grad ein kan kjøpe seg ut av klimautfordringa, seier van de Vliert.

I femten år har han forska på samanhengen mellom klima og kultur kringom på kloden. Dette har også fleire skular gjort tidlegare i historia utan å ha lukkast. Men etter å ha sjølv gjort dei same feila som skulane før han, meiner van de Vliert no å ha svaret.

Feilen som har vore gjort tidlegare er å sjå etter ei direkte kopling mellom anten klima og kultur eller økonomi og kultur. Først når ein tar klima og økonomi med i biletet samstundes, dannar det seg eit mønster.

Rike og sjølvrealiserande

Den kulturelle tilpassinga som krevst i eit land, er avhengig av kor varmt eller kaldt det er. Samstundes avgjer rikdomen eit samfunn har tilgjengeleg for å hanskast med dei klimatiske utfordringane, kva for samfunn som utviklar seg.

Van de Vliert har i si nye bok gjennomført tolv globale undersøkingar som stadfestar denne tendensen.

Undersøkingane tar for seg til dømes lukkekjensle, organisasjonstypar, leiarskap, barnearbeid, motivasjon for arbeid, sjølvmordsrate og innbyggjarane sin opplevde helsesituasjon.

Medan tempererte land er prega av ein easy-going-kultur, vil det i varme og kalde land utvikle seg to ulike kulturar ettersom den gjennomsnittlege innbyggjaren er fattig eller rik.

I rike land, som ein finn her i Skandinavia, utviklar det seg ein sjølvrealiserande kultur, som er karakterisert av blant anna stor lykkekjensle, demokratisk leiarstruktur, ikkje barnearbeid, pressefridom, og fokus på arbeid som personleg utvikling.

Med bakgrunn i sin nye teori, meiner Evert Van de Vliert at den viktigaste globale utfordringane i dag, er klimakamp og kamp mot global fattigdom. (Foto: Gudrun Sylte)
Med bakgrunn i sin nye teori, meiner Evert Van de Vliert at den viktigaste globale utfordringane i dag, er klimakamp og kamp mot global fattigdom. (Foto: Gudrun Sylte)

Motsett finn ein i fattige land, tildømes i tidlegare Sovjetunionen, ein overlevingskultur som er karakterisert av mindre lykkekjensle, eineveldig leiarskap, byråkratiske organisasjonar og strukturar, barnearbeid, egoisme og arbeid for pengane si skuld.

Karakteristikkane for tempererte land, både fattige og rike, plasserer seg ein stad i midten.

Van de Vliert viser til at ein i rike Noreg bruker i gjennomsnitt 50 prosent av inntekta for å kompensere for kulden. Det gjeld oppvarming av hus, kjøp av klede, tepper, dyner, ha nok mat og hindre sjukdom.

I fattigare land bruker ein opp mot 90 prosent av inntekta, og kan hende er ikkje dette nok for å kompensere tilstrekkeleg.

Sjølvmord bryt biletet

Forenkla seier van de Vliert at ein i rike land med eit utfordrande klima kjøper seg lykke. Samstundes er kulturen både rike og fattige land i ekstreme temperaturar prega av fleire reglar og normer.

Dette trur han kan vere med å forklare kvifor sjølvmordsraten i ulike land ikkje oppfører seg i same mønster som dei andre karakteristikkane. Samanliknar ein sjølvmordsraten i verda, viser det seg at denne ikkje er påverka av klima og økonomi på same måte.

Medan sjølvmordsraten er relativt låg i tempererte land, stig den i både varme og kalde land, uavhengig av om landet er rikt eller fattig.

– Både fattige og rike land har strenge normer og reglar, det er berre ulike reglar. Samfunnet er stressande med høge krav til individet. I sjølvrealiserande kulturar er det eit stort press på å prestere noko, seier van de Vliert.

For Noreg sin del har landet aldri vore eit land med ein easy-going-kultur, meiner van de Vliert. I middelalderen og før nordmenn vart rike, hadde me ein overlevingskultur.

I dag har me ein sjølvrealiseringskultur, som elles i Skandinavia, der motivasjonen for arbeid ikkje berre er å skaffe seg pengar, men også for å oppnå noko, status eller personleg utvikling.

Norske forhold

Ståle Einarsen, professor i samfunnspsykologi og leiar for forskingsgruppa FALK, er svært glad for å ha van de Vliert med seg på laget sitt. Einarsen peiker på at van de Vliert er ekspert i konflikt og konflikthandtering som forskingsgruppa nettopp arbeider med.

– Forskingsgruppa vår har fokus på mobbing og konflikt i arbeidslivet. Me er opptatt av spørsmål om kva som skapar og endrar kulturar. Ein slik teori som dette kan til dømes hjelpe oss til å forstå korleis førekomsten av mobbing er ulik i ulike land, og korleis ein skal forstå studiar frå ulike land.

– På bakgrunn av denne teorien kan me også gjere estimat på kor mykje mobbing det er i land der det tidlegare ikkje har vore gjennomført slike undersøkingar, seier Einarsen.

Einarsen peiker på at teorien har eit samfunnsmessig forklaringsnivå som også er nyttig for norske verksemder som ønskjer å starte opp i andre land.

– Teorien kan fortelje ein del om kva ein kan vente seg av arbeidsstokken i det aktuelle landet, til dømes kva som er venta av type leiarskap, seier Einarsen.

I forskingsgruppa vert teorien no forsøkt ut i Noreg, der ein undersøker korleis destruktiv leiing slår ut i norske kommunar avhengig av klimatiske og økonomiske tilhøve.

Powered by Labrador CMS