Fann skjult samfunn i djuphavet

Verdas nordlegaste varmekjelde ved Bjørnøya er omkrinsa av eit isolert samfunn organismar. Her fins den største metallavsetninga på havbotnen som er kjent til no. Det overraska forskarane. 

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Varmekjeldene har fått namnet Lokes slott, då det var som å leite etter Loke. Spora etter kjelda dukka opp og forsvann igjen like fort.

Fakta/ H2Deep-prosjektet

* H2Deep-prosjketet er finansiert av Det europeiske forskningsrådet. Sveits, Frankrike, Portugal, Storbritannia og Noreg er saman om forskningsprosjektet som er styrt frå Bergen. 

* Forskarane leiter etter hydrotermale felt som produserer mykje hydrogen, som ved varmekjelder på den midtatlantiske ryggen.

* Forskarane ved Senter for geobiologi ved UiB ønsker å få ei grunnleggjande forståing for korleis livet på jorda oppstod i skjæringspunktet mellom geologi og biologi. Difor undersøker dei vilkår for liv i ekstreme miljø, blant anna ved dei hydrotermale kjeldene nord på den midtatlantiske ryggen.

Kjelde: Senter for geobiologi
 

Den 12. juli i år fann forskarane på forskningsskipet «G.O. Sars» varmekjelda på 2400 meters djup 300 km vest av Bjørnøya.

Dette er den til no nordlegaste varmekjelda ein kjenner til. Truleg er det fleire skjulte samfunn under isen i Polhavet, men dei er vanskelege å finne. 

Sulfidavsetningane ved varmekjelda viser seg å vere ein av dei største avsetningane i sitt slag som ein kjenner til på havbotnen.

– Me vart ganske overraska over at det er så store sulfidavsetningar ved varmekjelda. Det tyder på at det har vore aktivitet her lenge, seier Rolf-Birger Pedersen, leiar av Senter for geobiologi ved UiB og leiar for H2Deep-prosjektet.

Nåla i høystakken

Varmekjelda Lokes slott ved Bjørnøya er den nordlegaste varme kjelda ein kjenner til. I 2005 vart kjeldene Soria Moria og Trollveggen ved Jan Mayen oppdaga.

Kring skorsteinane er det eit stort område på 200 ganger 200 meter med avsetningar. Ein 30 meter høg haug med avsetningar vitnar om aktivitet over lang tid.

Ved eit anna felt i tilsvarande storleik lenger sør i Atlanterhavet, har det vore hydrotermal aktivitet i 40 000-50 000 år.

– Me forstår enno ikkje kvifor det er så mykje aktivitet akkurat her, seier Pedersen.

Ettersom kontinentalplatene nord for Jan Mayen ikkje har høgare spreiingsfart enn 1,5 cm i året, venta forskarane å finne ei varmekjelde med lite aktivitet.

Til samanlikning har kontinentalplatene i Stillehavet ei spreiingsfart på 15 cm i året. Her er det meir vulkansk aktivitet og varme frå mantelen. Der det er lågare spreiingsfart er det gjerne mindre utbrot og færre vulkanar.

­– Difor venta me at den hydrotermale aktiviteten ville vere mindre. Men det er likevel store felt her. Det viser berre at det er mykje me ikkje kjenner til, seier Pedersen.

Også i fjor leitte forskarane etter varmekjelda ved Bjørnøya. Sjølv om dei fann spor etter kjelda, måtte dei gje opp. I år leita dei i to veker med undervassrobot utan resultat.

Men fire dagar før dei måtte returnere heim, dukka kjelda opp framom undervassroboten Bathysaurus.

Oasen i dypet

Dyreliv på 2706 meters djup: Djuphavsblekkspruten Grimpoteuthis har fått kallenamnet Dumbo.

Nede i djupet dukka det opp eit område med høge skorsteinar. Varmt vatn varma opp frå magma strøymer ut. Det varme vatnet reagerer med bergartane og kjem ut som vatn rikt på oppløyste gassar og metallar.

Området kring varmekjelda er rikt på metangass, hydrogen og ammonium. I dette klimaet lever eit rikt kjemosyntetisk dyreliv. Bakteriane og organismane her livnærer seg av energien frå det metall- og gassrike vatnet.

Å undersøke liv som finnest i hydrotermale felt er ein del av utgangspunktet for det europeiske forskninga i H2Deep-prosjektet. I prosjektet prøver ein å finne ut kva liv som kan leve i hydrogen og metanrike område.

Manet i djuphavet.

Ved dei hydrotermale felta vest av Bjørnøya er vatnet svært hydrogen- og metanrikt. Miljøet liknar på tilhøva på jorda då livsforma oppsto.

– Ein av hypotesane er at livet på jorda kan ha oppstått og utvikla seg ved slike felt, seier Rolf-Birger Pedersen.

Ved kjeldene ved Bjørnøya fins det krepsdyr, bakteriar og sneglar. Nokre av artane reknar forskarane med er unike for området. No skal forskarane bruke hausten på å undersøke funna frå djupet.

Powered by Labrador CMS