Må trene kontinuerleg

Fysisk trening i ungdomstida minskar ikkje risikoen for å få depressive tendensar som vaksen.

Publisert
Dersom trening skal minske risikoen for depressive tendensar, må ein trene kontinuerleg. (Illustrasjonsfoto: www.colourbox.no)
Dersom trening skal minske risikoen for depressive tendensar, må ein trene kontinuerleg. (Illustrasjonsfoto: www.colourbox.no)

Den positive effekten av fysisk trening ved psykiske lidingar som depresjon og angst har fått mykje merksemd dei siste åra.

Fleire studier har vist samanheng mellom fysisk aktivitet og psykisk helse, og tanken er at fysisk aktivitet i ungdomstida kan førebyggje både fysiske og mentale lidingar i befolkninga.

Men i ei undersøkjing som har teke føre seg dei langsiktige effektane av trening hjå ungdom, uteblir denne klare samanhengen. Fysisk trening i ungdomsåra beskyttar ikkje mot depressive tendensar over tid. Det er heller ikkje slik at depressive tendensar i ungdomen verkar som noko hinder for trening i vaksen alder.

Resultata kjem fram i ein studie utført av stipendiat Marianne Skogbrott Birkeland, førsteamanuensis Torbjørn Torsheim og professor Bente Wold ved HEMIL-senteret, Universitetet i Bergen.

– Vi hadde vona å finne ein meir langsiktig effekt av trening, seier Marianne Skogbrott Birkeland.

Trening lønar seg uansett

(Illustrasjonsfoto: www.colourbox.no)
(Illustrasjonsfoto: www.colourbox.no)

Forskarane har følgt 924 ungdomar frå Hordaland over ti år, frå 13-årsalderen til dei fylte 23 år, og med jamne mellomrom stilt dei spørsmål kring fysisk trening og kjensler av å kjenne seg nedstemt eller deprimert.

Svara viser at samanhengen ein ofte finn mellom trening på eit tidspunkt og depressive tendensar på eit seinare tidspunkt hjå vaksne ikkje er til stades hjå ungdomar.

– Ungdomstida er ei tid med mange endringar, som til dømes bytte av skule og fritidsaktivitetar, og det er mogleg at andre faktorar har vel så mykje å seie for den psykiske helsetilstanden i denne perioden som fysisk trening, seier Skogbrott Birkeland.

Sjølv om forskarane ikkje har funne nokon klar samanheng mellom trening og depressive tendensar seinare hjå ungdom, understrekar Marianne Skogbrott Birkeland likevel at det alltid lønar seg å trene.

– Vi fann ein klar samanheng mellom høg fysisk aktivitet og låg depressivitet målt samstundes. Dette gjeld både i tidleg og sein ungdomstid, seier ho.

Auka sjølvkjensle

Ei rekke forklaringar kan liggje bak den samanhengen mellom fysisk trening og depressive tendensar forskarar har funne hjå vaksne. Mellom anna stimulerer fysisk aktivitet kroppen sin produksjon av serotonin og noradrenalin, stoff som gjev ei kjensle av oppstemtheit og dermed kan ha ein forebyggjande effekt.

Gevinstar utanom dei reint biologiske og fysiologiske er også av stor tyding. Ifølge Skogbrott Birkeland er meistringskjensle, sosialt fellesskap og auka sjølvkjensle eigenskapar ved fysisk trening som motverkar depressive tendensar.

Marianne Skogbrott Birkeland, stipendiat ved HEMIL-senteret, meiner at den beste motivasjonsfaktoren er å la treninga vere lystbetont. (Foto: Åse Johanne Roti Dahl)
Marianne Skogbrott Birkeland, stipendiat ved HEMIL-senteret, meiner at den beste motivasjonsfaktoren er å la treninga vere lystbetont. (Foto: Åse Johanne Roti Dahl)

– Det er viktig at ungdomane sjølve får velge kva slags treningsaktivitetar dei vil halde på med. Dei må ha motivasjon for å trene. Å trene for å bli tynn er den dårligaste motivasjonen. Å trene for å ha det artig er absolutt det beste, seier Skogbrott Birkeland.

Ho peikar også på at ein slett ikkje treng å trene som nokon toppidrettsutøvar for å få gunstige psykiske effektar av trening. I studien av Hordalandsungdomane har fysisk trening blitt rekna som å verte sveitt.

– Forsking tyder på at ein oppnår dei gunstige effektane av trening med eit moderat nivå, seier Skogbrott Birkeland.