Molekylkunst frå mikroskopet

Det er mye fint man kan se i et mikroskop. Under Forskningsdagene viser utstillinga MolekylArt celler og molekyl frå ei estetisk side.

To strukturelt like protein med ulik funksjon. (Foto: Karn Bryhn og Øyvind Halskau)
To strukturelt like protein med ulik funksjon. (Foto: Karn Bryhn og Øyvind Halskau)

– Me ser så mange vakre bilete i mikroskopa våre, dette må også fleire få sjå, tenkte biologen Gro Bjerga.

Dermed vart ideen om MolekylArt til.

Bjerga tok kontakt med professor og biletkunstnar Harald Kryvi, og kunstnaren Gitte Sætre, søkte om støtte frå Norges Forskningsråd og Bergen kommune, og utlyste tanken til sine medforskarar i dei biologiske fagmiljøa.

Det stod ikkje på tilbakemeldinga, saman med ein jury vart atten bilete plukka ut.

Vakre byggjesteinar

Pigment i sild. (Foto: Jon Vidar Hellevik)
Pigment i sild. (Foto: Jon Vidar Hellevik)

– Det er i hovudsak biokjemiske og molekylærbiologiske forskarar som bidreg med bilete frå mikroskopet, seier Bjerga.

Til Forskingsdagane er over, heng bileta utstilt i Bergen museums naturhistoriske samlingar. Det er eit ønske om at fleire skal sjå kor vakre dei små byggjesteinane i naturen kan vere, som er bakgrunnen for utstilinga.

– Eg har alltid interessert meg for formidling i forskinga. Gjennom ei slik kunstutstilling treff ein folk på ein litt annan måte, seier Bjerga.

Naturen er utømeleg

Det samme ønsket om å nå ut, var det som dreiv Harald Kryvi til å hente fram kunstnaren i seg. Han er professor i zoologisk anatomi og har dei siste tjue åra vore biletkunstnar på si, der han lagar koparstikk med motiv frå sitt eige fag.

– Det begynte med ein forelesning der eg hadde teikna ein stor illustrasjon på tavla, med mange fargar. Det kjentes så synd å viske den ut, eg ville at fleire skulle sjå den, seier Harald Kryvi med eit smil.

Harald Kryvi med eitt av sine bileta frå hjernen. (Foto: Gudrun Urd Sylte)
Harald Kryvi med eitt av sine bileta frå hjernen. (Foto: Gudrun Urd Sylte)

– Motivasjonen var å vise det til andre. Det er så fascinerande vakkert det som er inne i kroppen. Det er heilt utruleg flotte, elegante former og liner. Det er heilt utømeleg, seier Kryvi.

På MolekylArt bidreg han med nye bilete, med cellebiologiske motiv.

Estetisk funksjon

Ein 100 µm høg ormliknande mollusklarve. (Foto: Christiane Todt)
Ein 100 µm høg ormliknande mollusklarve. (Foto: Christiane Todt)

Tematisk er MolekylArt sett saman av bilete frå celler, protein og molekyl.

Kari Fladmark, forsker ved molekylærbiologisk institutt, har satt saman ein film der giftstoff frå alger set i gang cellene sine eigne sjølvmordsprogram, til musikk av Maria Sjøberg.

I 2004 sette biletkunstnar Gitte Sætre opp utstillinga ”Divine proportions”. Utstillinga kom til etter ho hadde hospitert hos mikrobiologen Gjert Knutsen. Bileta på MolekylArt er henta frå denne utstillinga, der ho har henta inspirasjon frå Knutsens algeforsking.

– Kvifor tok du kontakt med det naturvitskaplege miljøet?

– Det byrja med ein skepsis til estetikken. Eg ville finne ut om den var overflatisk. Eg ville sjå korleis naturen ordnar seg og er bygd opp matematisk. Konklusjonen etter utstillinga var at estetikken har ein funksjon, seier Sætre.

Ho oppdaga korleis det estetiske kjem til uttrykk gjennom symmetri, harmoni og balanse i naturen.

– Det var spanande å sjå at estetikk handlar om balanse, dei fysiske formene har ein samanheng med funksjon. Algane har ein estetisk form som har med korleis dei rører seg i vatnet å gjere, seier Gitte Sætre.

Lenke:

Utstillinga MolekylArt

Powered by Labrador CMS