Tøff oppvekst for krigsbarn

Etter andre verdskrig var trakassering og mobbing ein del av kvardagen for mange norske krigsbarn. For danske krigsbarn var livet langt lettare å leve.

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

(Illustrasjonsfoto: iStockphoto)

Ny litteratur om krigsbarn

* Stein Ugelvik Larsen er no i gong med å skrive ut materialet om krigsbarna sine livsvilkår. I første omgang skal han bidra med eit kapittel i ei tysk bok.

* Ugelvik Larsen har også intervjua 50-60 nederlandske krigsbarn, og dei førebelse resultata av undersøkjinga viser at også nederlandske krigsbarn har hatt langt hardare vilkår enn danske. Ugelvik Larsen håper å halde fram arbeidet i Nederland.

Vel 10 000 barn blei født av norsk mor og med tysk far i perioden mellom 1941 og fram til 1947 då dei siste tyske soldatane forlot Noreg.

Stein Ugelvik Larsen, professor emeritus ved Institutt for samanliknande politikk ved Universitetet i Bergen, har intervjua 340 norske krigsbarn og resultata av undersøkjinga teiknar eit dystert bilete av korleis det har vore å vekse opp.

For mange av krigsbarna var kvardagen prega av mobbing og bank.

Ugelvik Larsen sine intervju med vel 250 danske krigsbarn viser ein heilt annan røyndom.

Betre vilkår i Danmark

I desse intervjua kjem det klart fram at det var lettare å vekse opp som krigsbarn i Danmark enn i Noreg. Stigmatiseringa var mindre, og dei danske krigsbarna opplevde mindre mobbing og trakassering.

– Av historiske årsaker var hatet mot tyskarane sterkare i Noreg enn i Danmark. Sidan Danmark grensar mot Tyskland har det alltid vore eit visst tal tyskarar i Danmark og omvendt.

– Dessutan utgjorde okkupasjonen av Noreg eit sterkare trykk mot befolkninga. Talet tyske soldatar var langt større i Noreg, og dei tyske styrkane var her lenger, seier han.

Skulen legitimerte overgrep

For norske krigsbarn har mobbing og trakassering under oppveksten sett djupe spor. Som vaksne tener dei mindre enn snittet, har dårlegare helse og lågare utdanning enn sine jamnaldrande, ifølge Ugelvik Larsen.

Den tøffe oppveksten har skapt ei kjensle av tvil, tap av sjølvkjensle og ei kjensle av utryggleik som har vart livet ut.

– Folk flest må gjerne seie at det er akseptert å vere krigsbarn, men dersom ein ser på krigsbarna sitt utdanningsnivå, lønnsnivå og generelle helsetilstand ser ein at det ikkje er greit, seier han.

Den tøffe handsaminga mange av krigsbarna vart utsette for, viser att på fleire område av livet. Gjennom intervjua har Ugelvik Larsen fått innblikk i ein livssituasjon som vitnar om redsle for å hevde seg i konkurransesituasjonar og sosial utryggleik.

Dei største overgrepa mot krigsbarna skjedde i nærmiljøet meiner forskaren. Ikkje berre vart krigsbarna plaga av naboar eller utestengde frå sosiale aktivitetar dei andre i lokalmiljøet tok del i. Også skulen svikta i mange tilfelle.

– Skulen hadde lita evne til å skåne krigsbarna. Når lærarar hengte ut enkeltelevar, legitimerte dei samstundes mobbing frå elevane si side. Dersom ein skal nemne eitt område der staten verkeleg kunne ha teke betre vare på krigsbarna, så er det i skulen, seier Ugelvik Larsen.

Vil nyansere elendebiletet

Samstundes understrekar Ugelvik Larsen at heller ikkje dei norske krigsbarna er ei einsarta gruppe. Sjølv om fleire av krigsbarna hadde ein tøff oppvekst, opplevde mange i staden å bli møtte med støtte og hjelp i nærmiljøet.

Mange har kompensert for den opplevde skammen ved det å vere krigsbarn gjennom å hevde seg svært godt i samanlikning med jamnaldrande.

– Mange har hatt det verkeleg vondt, men ikkje fleirtalet. Det elendebiletet som vert teikna av krigsbarna sin situasjon er det mest synlege, men ikkje det flest har opplevd, seier han.

Under arbeidet med krigsbarna har han delteke på fleire møte i foreiningar stifta av og for krigsbarn, og ifølge Ugelvik Larsen er det stor skilnad mellom Norges Krigsbarnforbund og Krigsbarnforbundet Lebensborn sitt syn på korleis dei som ein heilskap har vorte møtte av samfunnet og staten.

– For fleire av krigsbarna er det viktig å distansere seg frå elendebiletet. Mange var jamvel ikkje klare over at dei var krigsbarn før dei som vaksne fekk nøsta opp i fortida si, seier han.

Leitar etter identitet

Stein Ugelvik Larsen, professor emeritus ved Institutt for samanliknande politikk, UiB, har fått eit sterkt innblikk i krigsbarna si leiting etter sin tyske far. (Foto: Åse Johanne Roti Dahl)

Sams for dei alle er likevel ei leiting etter identitet og eit brennande ønske om å få vite meir om sin bakgrunn.

For mange av dei som vaks opp utan å vite at dei var krigsbarn, har kunnskapen dei har fått som vaksne bekrefta noko dei har kjent på heile livet, ifølge Ugelvik Larsen.

– Dei første tiåra etter andre verdskrig var det ein tung prosess for krigsbarn på leiting å avduke fortida si. Jamvel tyske fedre som var ivrige etter å opprette kontakt med sine norske barn vart effektivt hindra av eit tungrodd byråkrati og eit misforstått ønske frå staten si side om å skjerme barna, seier Ugelvik Larsen.

Men då den nye lova om retten til å kjenne sitt biologiske opphav trådte i kraft i 1986, vart oppsporingsarbeidet langt lettare. Undersøkjingar Ugelvik Larsen har gjort viser også at pågangen i arkiva gjorde eit kraftig hopp opp etter dette.

I møta med krigsbarna har Ugelvik Larsen har fått stor forståing for kvifor jakta på biologiske foreldre har vore så viktig for mange av krigsbarna. Han meiner også at deira ivrige leting etter identitet kan vere ei nyttig lekse for samfunnsvitskapen.

– Gjennom å studere denne typen livsbekjennelse, kan vi studere identitet og sjølvrespekt. Som samfunnsforskar er det viktig å forstå desse mekanismane, seier han.

Powered by Labrador CMS