Følgjer tarmens forsvarskamp

– Eg trur våre eigne bakteriar kommuniserer med immunforsvaret gjennom tarmveggen, seier Tor Erling Lea. Professoren forskar på tarmhelse.

Publisert

Kvart minutt vert 50 millionar tarmceller avstøytt. Nye trengst. Etter fire døgn er tarmane våre fornya.

Tempoet må vera høgt; utan slepp tarmveggane inn mikroorganismar som ikkje skal inn i kroppen vår. Anten dei kjem via mat eller smitte frå andre menneske.

Vi nærmar oss forskingsfokuset til professor Tor Erling Lea ved Universitetet for miljø- og biovitskap (UMB).

Stamcella - alle cellers mor

Huda vår fornyar seg heile tida. Med det kvittar ho seg med mikroorganismar til ei kvar tid. Huda flassar av og tek på same tid med seg mykje anna som skal ut av kroppen.

Det same skjer i tarmveggane. Mikroorganismar prøver å festa seg, men flassar av. Ein stor skilnad er at medan hudlaget utapå kroppen har mange lag, har tarmcellelaget berre eitt lag.

Professoren fortel at den “optimale” stamcella er det befrukta egget. Denne cella er utgangspunktet for utvikling av alle dei omlag 200 ulike celletypane i kroppen vår.

Nybrottsarbeid

"Professor Tor Erling Lea ved Universitetet for miljø- og biovitskap (UMB)."
"Professor Tor Erling Lea ved Universitetet for miljø- og biovitskap (UMB)."

Stamcellene vert regulerte og påverka av signal som kjem frå tarmfloraen og immunforsvaret i tarmsystemet.

– Eg skal mellom anna forska på barrierefunksjonen og heile tarmen sin funksjon, seier Lea.

Det er basale mekanismar innan tarmhelsa professoren skal arbeida med. Finna nye inngangar til gamle problemstillingar. Fisk til dømes; umetta fett frå fisk.

Umetta fett frå fisk er sunt for hjartet, det har vi vorte fortald. Det er opplese og vedteke.

– Kan det vera sunt for noko anna òg, tenkte Lea.

Korleis påverkar umetta fett frå fisk funksjonane til tarmveggane? Eller korleis fungerer det umetta fettet på stamcellene i tarmane?

Immunforsvaret

Lea fortel at immunforsvaret er meir utbygd i tarmane våre enn elles i kroppen.

Tarmane våre i samarbeid med immuncellene fungerer som eit stengsel og ein sentral som koordinerer mange ulike forsvarsgreiner som i fellesskap skal hindra uønska bakteriar i å ta seg inn i kroppen kor dei kan gjere skade og årsaka sjukdom.

Slimhinnene våre utgjer samla fleire kvadratmeter, ja, faktisk er slimhinner i munn, hals, tarm og lunger til saman like stor som ein tennisbane, om ein bretta dei ut og la dei bortover marka.

– Fungerer ikkje slimhinnene optimalt, vil ikkje organismen ha ein effektiv barriere til forsvar mot sjukdomsframkallande mikroorganismar, seier Lea.

Tarmen - eit fingeravtrykk

– Den naturlege floraen av bakteriar i tarmane og kva for rolle dei spelar for helsa vår er eit anna tema me skal forska på, seier Tor Erling Lea.

Som fortel vidare at mennesket har fleire eigne bakteriar enn celler i kroppen. At vi kanskje har opp mot tusen ulike typar mikroorganismar i tarmane våre. Ikkje nok med det; naturen er raus: Tarmfloraen er forskjellig frå individ til individ.

Ja, mest som eit fingeravtrykk, karakteristisk for det enkelte menneske.

Kommuniserar

Dei er ikkje til å kimsa av, bakteriane. Forsøk med dyr syner at steril oppvekst hindrar utvikling av immunforsvaret. Tarmbakteriane er med og utviklar immunforsvaret i kroppen.

– Eg trur våre eigne bakteriar kommuniserer med immunforsvaret gjennom tarmveggen. I denne samanhangen er eigenskapane til tarmveggen svært viktig. Det er dette eg vil forska på, seier Lea ivrig.

For immunforsvaret er ikkje berre viktig for å hindra infeksjonssjukdommar. Det tek og del i overvaking av kreftsjukdom og er involvert i utviklinga av dei vanlegaste livsstilsjukdommane våre.

Samarbeid

Tor Erling Lea arbeider under storsatsinga Helse UMB. Fokuset her er førebyggande helsearbeid. Hindra folk i å verta sjuke.

Når Lea ikkje underviser, forskar han, og ei stor utfordring slik han ser det, er å etablera eit tilstrekkeleg nettverk av forskarar som både har kunnskap og rår over tilstrekkeleg med avanserte metodikkar til å arbeida med eit så ekstremt komplekst fagfelt.

Ås campus har det meste av det forskarane treng av kompetanse, men dei manglar koplinga opp mot humane medisinske miljø. Ein er allereie i dag komen godt i gang med å samarbeida med både Sjukehuset Østfold i Fredrikstad og Rikshospitalet-Radiumhospitalet i Oslo.

– Dette samarbeidet gir oss både viktig materiale og det utstyret vi treng for å setja lys på dei problemstillingane vi ønskjer å jobba med, seier professoren.

Teikneserieversjon

Forskarane etablerar no verkty til å forska på kompliserte intracellulære prosessar. Dei er opptekne av dynamikken og samspelet mellom dei mange ulike molekyla inne i cellene.

Og dei vil sjå på kommunikasjonen mellom cellene. Det meste kommuniserer med det meste hevdar Lea.

Han er oppteken av at vi må ta inn over oss kompleksiteten i biologiske system, og gå bort ifrå teikneserieversjonen der det meste er overforenkla. Vi må bruka metodar som gir informasjon om mange parametrar samstundes.

Inflammatoriske sjukdommar (betennelsestilstandar) i tarmane som Crohns sjukdom og ulcerøs colitt ser ut til å skuldast defektar i samspelet mellom tarmflora og tarmens immunforsvar.

100 billionar bakteriar

Vi har 100 billionar (1014) bakteriar i tarmen. Tarmepitelet er heile tida i kontakt med mange ulike bakteriar. Tarmcellene har ei mengd ulike reseptormolekyl som reagerer med bakteriefloraen.

– Dette er kompliserte prosessar, seier Lea.

– Vi kjem til å læra oss mykje nytt om basal human biologi.

Han gler seg til å gå nærare inn i ein del etablerte sanningar. Og det er ikkje usannsynleg at forskinga til Lea vil rokka ved synet vårt på mellom anna fett i kosten og verknaden av pro- og prebiotika.

Ja, sjølvaste antioksidantane bør kjenna seg litt urolege for sørvestlendingen, han er meir nysgjerrig og ivrig på ny kunnskap enn dei fleste av oss.

Kjønn

Fleire kvinner enn menn lir av autoimmune sjukdommar som til dømes leddgikt og systemisk lupus. Lea forklarer dette slik:

– Cellene i immunforsvaret har hormonreseptorar. Dei ulike hormonene gir forskjellige signal, og bidreg med det til utvikling av ulike sjukdomsbilete for kvinner og menn. I framtida vil vi avdi sjå at medisinsk behandling og kosttilråding vert meir tilpassa den enkelte.

Elles er professoren veldig forsiktig med å komma med kosthaldsråd. Sjølv om han veit det er store forventningar til mat. Mat som skal gi oss god helse og eit langt og godt liv.

– Ikkje med kunnskapen vi har i dag, er Leas klåre åtvaring.