Sjokkbølgje på 1000 gongar lydhastigheit lyser opp supernova

Forskarar har funne svar på kvifor ein supernova kan lyse opp mange tusen år etter at stjerna er sløkt.

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Ei reversert sjokkbølgje på 1000 gongar lydens hastigheit gir den vakre gløden i den kosmiske ruinen etter supernovaen Tycho. (Foto: Chandra X-ray Observatory Cente)

I samarbeid med:


 

Denne saken er produsert av NRK.

Når ei stjerne eksploderer som ein supernova skin ho sterkt i veker og månader før lyset sløkkjer.

Likevel held stoffet som blir sendt ut etter eksplosjonen fram med å sende ut røntgenstrålar i hundrevis og tusenvis av år, noko ein kan sjå som spektakulære supernova-leivningar i teleskop som NASAs Chandra-røntgenobservatorium.

For å finne ut kva som ligg bak den langliva gløden har astronomar studert supernova-leivningen Tycho, eller SN 1572, som ligg 13.000 lysår unna oss i Mjølkevegen.

Forskarane fann at ei reversert sjokkbølgje som fer innover mot stjerna med ein fart på 1000 Mach (1000 gongar lydfarten) varmar materialet i supernova-ruinen og får det til å sende ut røntgenstrålar.

_____________________

Les hele saken på NRK.no

Powered by Labrador CMS