
Nytt molekyl-funn tyder på at livet oppstod i det ytre rom
Ved hjelp av eit fintfølande teleskop har forskarar no funne eit uvanleg organisk molekyl i kjernen av Mjølkevegen. Funnet tyder på at livet oppstod både lenge før og på ein heilt annan stad enn her på Jorda.
Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.
I midten av Mjølkevegen 27 000 lysår frå Jorda ligg støvskya Sagittarius B2. Den er stor, tung og tett, og ei av dei største fødestovene for stjernene i galaksen vår.
I denne skya har forskarar no funne det avanserte, organiske molekylet isopropyl cyanid, fortel nettstaden sciencedaily.com.
Organiske molekyl ein tidlegare har funne i slike stjernesmier, har hatt karbonatom som heng saman i rette kjeder. Men strukturen til karbona i isopropyl cyanid har spreidd seg utover i greiner. Dermed er det det største og mest komplekse organiske molekylet som er funne så langt i ei stjerneskapande sky.
Det er òg det som liknar mest dei komplekse organiske molekyla me allereie kjenner til frå livet på Jorda. Strukturen til isopropyl cyanid finn me til dømes igjen i aminosyrer som er byggjesteinane i protein.
- Les også: Spor etter vann på fem nye planeter
Leiter etter fingeravtrykk i rommet
Det er forskarar frå Universitet i Köln, Tyskland, og Cornell University og The Max Planck Institute for Radio Astronomy i USA som har gjort oppdaginga. Til det brukte dei det kraftige teleskopet Atacama Large Millimeter Array (ALMA) som står plassert i Atacama-ørkenen i Chile, fortel Cornell University på nettsida si.
ALMA-teleskopet har 66 fintmålande radioteleskop som er i stand til å fange opp dei spektrale fingeravtrykka, eller rettare sagt frekvensane, som molekyl set frå seg i verdsrommet.
Når dei finn slike fingeravtrykk, samanliknar forskarane dei med frekvensane til molekyl dei allereie kjenner til.
- Les også: NASA: Vi finner liv innen 20 år
– Dette funnet flyttar grenser
– Denne oppdaginga støtter opp under teorien om at livgivande molekyl blir danna tidleg i prosessen når ei stjerne blir fødd, til og med før planetar som Jorda blir til, seier Rob Gerrard.
Han er forskar ved Cornell University og med i forskargruppa som har gjort oppdaginga.
– No har me flytta grensa for kor komplekse molekyla som blir forma i det interstellare rommet kan vere, og som kan finne vegen til andre planetar og forme liv, seier han.
Om forskarane klarar å finne denne typen komplekse molekyl fleire stader i Mjølkevegen, aukar det sjansen for at det òg er liv andre stader der ute.