Annonse

Satellittstyrt observert frå land

Her fall satellitten GOCE ned.

Publisert

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Denne lysande kula er satellitten GOCE som brenn opp over Falklandsøyene. (Foto: Bill Chater @Cheds23 /Twitter)

I samarbeid med:


 

Denne saken er produsert av NRK.

ESAs satellitt GOCE styrta mot jorda natt til måndag, og heilt fram til det siste var det uvisst kvar og når satellitten ville gå inn igjen i atmosfæren og styrte mot bakken.

No viser det seg at satellittens glødande ferd gjennom atmosfæren og ned igjen på jordoverflata vart observert og fotografert frå Falklandsøyene av Bill Chater alias @Cheds23.

På Twitter fortel Chater at han køyrde sørover i skumringen, då han såg satellitten dukke opp i sør med ei lysande stripe etter seg om lag klokka 21.20 lokal tid, (klokka 02.30 norsk tid).

Satellitten braut først opp i to stykke, før han gjekk i fleire bitar og forsvann mot nord.

_____________________

Les hele saken på NRK.no

Powered by Labrador CMS