Annonse

Kollisjon på Mars skapte måne

Planetforskarar har no sterke bevis for at Mars sin måne Phobos ikkje er ein asteroide, men i staden har blitt danna av restar frå ein kraftig eksplosjon på Mars.

Publisert

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Mars sin måne Phobos knipsa av Mars Global Surveyor i juni 2003. (Foto: NASA/JPL/Malin Space Science Systems)

I samarbeid med:


 

Denne artikkelen er produsert av NRK.

Opphavet til dei små Marsmånane Phobos og Deimos har lenge vore ei uløyst gåte for planetforskarar.

På European Planetary Science Congress 2010 i Roma vart det nyleg lagt fram nye funn som kan medverke til ei avklaring.

Det har vore føreslått at begge månane kan ha vore asteroidar danna i asteroidebeltet mellom Mars og Jupiter, som gradvis har blitt fanga av Mars sin tyngdekraft.

I eit alternativt scenario kan himmellekamane ha blitt danna av materiale som har blitt sprengt ut frå moderplaneten av ein enorm kollisjon.

____________________

Les hele saken på NRK.no

Powered by Labrador CMS