Drøymde om fridom - enda i tortur og tragedie

På landsbygda sør i Chile freista ei gruppe tyske emigrantar å skapa sitt eige samfunn etter andre verdskrigen. Det gjekk frykteleg gale.  

Publisert
Sjukehuset i Colonia Dignidad. (Foto: Colonia Dignidad/Marcela Douglas)
Sjukehuset i Colonia Dignidad. (Foto: Colonia Dignidad/Marcela Douglas)

I Chile vart dei ønskt velkomne – som så mange andre europeiske emigrantar – fekk kjøpt jord og stort sett gjera som dei ville. Colonia Dignidad kalla dei seg – eller også Villa Baviera (den bayerske landsbyen) – men det som starta som ein utopisk draum utvikla seg etterkvart til å bli eit totalitært mareritt med lite rom for individ og menneskeverd.

- Innbyggjarane vart styrde med streng hand av den karismatiske og forførande Schäfer og ei lita gruppe leiarar. Familiar vart oppløyste, med eigne hus for kvinner og menn, delt opp i aldersgrupper. Det var lite og ingen skulegang for ungane, som ikkje fekk vekse opp med mor og far, og alle måtte arbeide utruleg hardt store delar av tida.

- Alle band som ikkje knytte kvar og ein direkte til leiaren, vart forsøkt brote, og strenge straffar vanka for dei som gjorde feil, fortel antropolog Marcela Douglas.

Sidan byrjinga på 2000-talet har ho vitja den tysk-chilenske landsbyen fleire gonger, og ho var den første forskaren som har fått tilgang til det lukka samfunnet. Tidlegare i år disputerte ho på doktoravhandlinga si.

Mistenkt for overgrep mot barn

Det vesle samfunnet utvikla seg i Tyskland tidleg på 1950-talet og fanga opp nokon av dei mange tyskarane som kjende seg framandgjorte og desillusjonerte etter andre verdskrigen.

- Mange var traumatiserte etter krigshandlingane og nederlaget og hadde meir enn nok med seg sjølve. Sidan dei emigrerte til Chile på byrjinga av 60-talet, fekk dei ikkje med seg det reelle oppgjeret Tyskland tok med seg sjølv etter krigen.

- Desse uoppgjorde erfaringane tok dei med seg til Chile, og for dei fleste – som hadde eit oppriktig ønske om å byggje eit samfunn og hjelpe dei fatige – handla det om å starte der dei slapp før krigen, med tyske verdiar om nøysemd og hardt arbeid, seier Douglas.

Marcela Douglas var den første forskaren som slapp inn i Colonia Dignidad i 2001. Her saman med to av informantane hennar, Rudiger Schmidtke (t.v.) og Hilo Zeitner Bohnau. (Foto: Colonia Dignidad/Marcela Douglas)
Marcela Douglas var den første forskaren som slapp inn i Colonia Dignidad i 2001. Her saman med to av informantane hennar, Rudiger Schmidtke (t.v.) og Hilo Zeitner Bohnau. (Foto: Colonia Dignidad/Marcela Douglas)

Seinare skulle det vise seg at Schäfer også hadde ein ganske annan motivasjon for emigrasjonen; han var mistenkt for overgrep mot barn og måtte koma seg unna. Men dette var det få som visste då dei sette av stad mot det nye landet i vest.

Topp moderne sjukehus

I Chile gjekk dei i gang og utvikla samfunnet sitt steg for steg. Dei vart sjølvforsynte med det meste og dyrka og selde ulike jordbruksprodukt. Og framfor alt bygde dei eit topp moderne sjukehus, dit også lokale chilenarar fekk koma gratis.

Men ganske snart skulle det vise seg at innbyggjarane i den bayerske landsbyen måtte betala ein høg pris for samfunnsbyggjaren Schäfer sine planar. Utover 1960-talet var Chile sterkt splitta i ei høgre- og ei venstreside, og i Colonia Dignidad sympatiserte dei med høgresida mellom anna av di dei var redde for venstresidas ønske om kollektivisering av store eigedomar.

- Samfunnet endra seg på mange vis i takt med dei politiske endringa i Chile. Då dei reiste frå Tyskland hadde mange med seg sterke antikommunistiske haldningar, sidan mange var sudettyskarar, som etter krigen hadde vorte fordrive frå hus og heim, fortel Douglas.

Viktig rolle for Pinochet

- Dei distanserte seg meir og meir frå samfunnet rundt, bygde piggtrådgjerder rundt landsbyen – ikkje for at ingen skulle koma inn, men for at ingen skulle koma ut. All form for tillit innbyggjarane imellom vart forsøkt brote ned, og leiarane organiserte grupper som spionerte på kvarandre.

Då Pinochet kom til makta etter kuppet i 1973, kom landsbyen til å spela ei sentral rolle i utøvinga av militærdiktaturet. Kjellarane og dei underjordiske bygga i den bayerske landsbyen vart brukt som åstad for tortur av bortførde chilenarar.

- Innbyggjarane både visste og ikkje visste – dei torde ikkje å veta – kva som gjekk føre seg. Dei var sjølve utsette for både tvangsmedisinering og elektrosjokk, og samfunnet var etterkvart så prega av einsretting og paranoia at alle var konstant redde, seier Douglas.

- Ein mann som då han var ung vart sendt i skomakarlære, fortalde meg at han hugsar han høyrde skrik frå kjellaren i skomakarhuset kvar natt. Men han torde ikkje å spørja kva det var og var livande redd for at han sjølv var nestemann.

Avsløring og sanningsleiting

Amnesty International beskreiv forholda i Colonia Dignidad i ein rapport som førde fram til ei rettssak i Tyskland allereie tidleg på 70-talet, men det vart ikkje følgd opp overfor Chile. Og i Chile hadde tyskarar så godt rykte for innsatsen dei hadde gjort i koloniseringa av urbefolkningsområde, at ingen tok tak i dette.

Paul Schäfer vart arrestert i Argentina i 2005. (Foto: Rolando Andrade)
Paul Schäfer vart arrestert i Argentina i 2005. (Foto: Rolando Andrade)

Etter Pinochets fall i 1990 vart det sett ned ein sanningskommisjon som skulle granske overgrepa under militærdiktaturet, men denne fokuserte berre på dei overgrepa som bortførde chilenarar hadde vorte utsette for i landsbyen.

Tiltalt og dømt for tortur

Det tok framleis lang tid før sanninga om lagnaden til dei tyske innbyggjarane i den bayerske landsbyen kom ut, men dei siste tjuge åra har verda så smått fått veta – særleg etter påtrykk frå pårørande i Tyskland og tyske styresmakter.

- Landsbyen prøvde først med massiv positiv propaganda om seg sjølve og alt det gode dei stod for og hadde gjort – og støtta frå lokalsamfunnet var framleis stor.

- Men i 1997 vart leiaren Paul Schäfer etterlyst av Interpol, i 2005 vart han funnen i Argentina og tiltalt og dømt for tortur og overgrep. Oppgjeret startar så smått, og i 2006 skriv dei leiande i landsbyen eit ope brev der dei orsakar samarbeidet med Pinochet og den undertrykkinga som har gått føre seg overfor eigne innbyggjarar, fortel Douglas.

Å dømme som forskar

Douglas sitt forskingsprosjekt har endra seg undervegs.

- Då eg først kom til landsbyen i 2001, hadde eg eit estetisk utgangspunkt – eg ville studere og filme korleis ein slik landsby og eit slikt samfunn såg ut.

- Det var då enno heilt hermetisk lukka, og det tok lang tid før eg fekk tillit til å koma inn – og inn på folk. Eg møtte heile spekteret av reaksjonar; frå fornekting og fortrenging til dei som meir og meir opna seg og fortalde om kva dei hadde opplevd. Det at eg brukte kamera og filma var for somme ein døropnar til sjølv å få koma til orde. Eg har også fått tilgang til film innbyggjarane sjølve har teke opp gjennom åra.

- Etterkvart skjønte eg at som forskar kunne eg ikkje oversjå det vanvitige og absurde som hadde gått føre seg.

I tillegg til å fortelja historia til Colonia Dignidad er såleis avhandlinga konsentrert rundt refleksjonar om forskaren og feltarbeidet si rolle.

- Som antropolog reiser me ut for å prøve å forstå Den andre. Men kven er eigentleg den andre her? Innbyggjarane er så veldig ulike – nokre får ein empati med, medan andre har utført grusame brotsverk – korleis stiller ein seg som forskar til det?

- Eg har ikkje prøvd å gå inn for å finne sanninga om kva som er skjedd i landsbyen, men eg har vore oppteken av korleis ein kan fortelja slike forferdelege historier.

- Eg har prøvd å unngå moralisme og å døme, men eg vil ikkje vera utan moral. Dette er eit svært ladd felt, og det finst ingen fasitsvar på korleis ein forskar skal handtere det, seier Douglas.

Referanse:

Douglas, Marcela: Hopes and Horror – An ethnographic study of a German community in Chile. Ph.d.-avhandling, UiT, 2013