Slik drep polonium
Å ha polonium inne i kroppen kan samanliknast med å sende ein elefant inn i ein glasbutikk, seier norsk ekspert i kjernekjemi.
Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

I forrige veke vart det kjent at den palestinske leiaren Yasir Arafat kan ha blitt forgifta med det radioaktive stoffet Polonium-210. Dette stoffet tok også livet av Aleksander Litvinenko i 2006.
Ekspertar skal ha målt 18 gongar så høge verdiar som normalt av dette stoffet i liket til Yassir Arafat, som døde i 2004.
– Viss dette skal vere målbart etter 9 år må han ha fått ein ganske høg dose, seier Professor Tor Bjørnstad ved kjemisk institutt, Universitetet i Oslo, til NRK.no.
_____________________